Fraa Landet.
Me
lyt læra at forstaa, at den, som
avlar ei Skjeppe Havre, er større
enn den, som skriver ei
middels Bok, at den, som fær
tvo Straa til at veksa der, det
fyrr vaks eit, er ein Vælgjerdsmann
mot Ætti.
Garborg.
Ein
Ting, som vistnok alle, som hava sett seg litt inn i Høve uppe paa
Landsbygdi i dei seinare Aar, maa hava lagt Merkje til, er den
trykkjande Motløysa, ja mest Fortviling mange Stader, yver alle dei
Ulempur, som synest aa stella seg ivegen for ei sorgfri Utkome. Ein
høyrer snart sagt fraa det heile Land Klagemaal yver desse tronge
Tider, Klagemaal, som ogso visar seg aa vera sanne ved alle dei
Tvangsauktionar og Fallittar, som mest dagstøtt er aa høyra um.
Desse Klagemaal er somykje meire agtande, som dei likesovæl koma
ifraa Landsens rikaste Bygder (Gudbrandsdalen og derikring) som fraa
dei meire fatike Kantar. Det er ei Uheppe, som synest aa hava treft
alle, so nær som Byarne til dels og største Delen av vaare Embætts-
og Umbodsmenn. Det hev rektignok ikkje voret so rett bra i Byarne
helder no i dei seinare Ti-der; men Ulempurne er daa likevæl ikkje
so leide
der. Væl peika mange og daa iser Embætts- og Umbodsmenn, Lærarar
o. s. b., som aldri synest aa kunna læra Folks sanne Tilstand i so
Maate aa kjenna, paa at me etter Maaten hev utruleg utviklad
Skibsfart, Handel, Fabrikdrift, Jarnbanar og ellest godt Vegastell og
Dampskibsfart, og segja, at dette her er nok til aa prova vort
Lands storartede Fremskridt i materiel Henseende. Men desse Ting
her vil aldri for vaart Lands Vedkomande vera i full Samhøve med
Landsens økonomiske Forfatning.
_
Ein kann sadla Bukken, til han blir jamgod Hesten er eit gamalt Ord.
Vaart Storting og Regjering hava havt det svert so annvint med aa
sadla vaart fatike norske Folk etter utanlandsk Mønster, noko, som
iser hev synt seg i Herstellet og ofte i Jarnvegsbygging, men det er
eit Spursmaal, um ikkje Bukkebeini, so sterke dei enn kann vera,
brotnar under Byrdi av den tunge Sadelen med alt Tilhøve. Iallfall
burde vaart Storting og vaar Regjering hugsa paa, at me er eit fatikt
Folk og Sparsemd i Statshusholdningi er Vinstres vigtugste
Programsak.
_
Tilstandet
er daa tilvissa slikt her uppe paa Landet og daa iser her i
Telemarki, at paalag berre ti av Hundradet kann segjast aa eiga sine
Gardar, og ein Fjordepart av vaart Gardbrukarstand er so gjeldbundne,
at dei aa segja ingenting eig. Men so meina mange, at naar
Timmerprisarne blir betre, so vil alt retta paa seg, og dei gamle
Klagemaal slutta. Men me vita alle, at dette berre vil bli
braanøytes. Sosnart som Skogarne er uthogne
_
og det gjeng svert fort, naar Prisarne er høge
_so
er me uppe i same Fatikdomen elder i ein endaa større for det, at
vaare andre Næringsvegjer ved Skogarbeidet vilde bli tilsidesette og
forsømde. Det er no ikkje mi Meining aa negta kva Skogdrifti gjeld
som Næringsveg; men eg vilde, at ein skulde taka den for det Verd ho
hev berre attaat det andre.
Eg
vilde, at me skulde setja all vaar Kraft inn paa aa forbetre vaare
andre Næringsvegjer, vaart Jordbruk og Kreturstell. Men so møta me
her ei Innvending, som synest aa hava vortet meire og meire aalmenleg
her uppe i dei seinare Aar og den er, at det ikkje løner seg aa
driva Jordbruk lenger. At sume taka denne Tanken aalvorsamt, visar
noksom den store Utvandring til Amerika og den sterke Tilstrøymning,
som Skularne iser Latinskularne hava havt i seinare Tider. Ja, skulde
denne Tanken vera sann, so var det det klokaste, at me det fyrste det
beste, store og smaa, unge og gamle tok vaart Pikpak og strauk yver
til Amerika elder Afrika for aa prøva der; for det var daa betre det
enn aa sitja her heime og svelta ihel Tomme for Tomme. Men dette
Paastand er til all Lukke ikkje sant. Me hava nok Døme, som visar
det motsette. Her er soleis Gardbrukarar, som utan at hava havt
Skogen at draga Pengar utor, hava drivet sitt Jordbruk med slik ein
Bate, at dei hev vortet rike Menn aa kalla. Utgifterne er rektignok
langt større no enn tidlegare; for det at me liva eit meire
folkelegt Liv i alle Maatar. Vaar Kultur er meire høveleg utviklad,
og ein større Kultur fører jamt det med seg, at Livet blir meire
kostbert. Det er soleis ikkje mi Meining, at me for aa kunna liva her
uppe, skal spinke og spara i alle Maatar
_
endaa aa bruke litt mindre Kaffi, Tobak og Brennevin væl ikkje kunne
skada men eg tenkte, at me kunne forbetre vaare Næringsvegjer so
vidt, at der vart ei passeleg Jamvegt millom Inntekt og Utgift. For
det kann væl ingen paastaa, at Jordbruket hev haldet Fotslag med
vaar Utvikling i andre Maatar. Iallfall kan det segjast for vist, at
det her i øvre Telemorki hev gjenget vonom meir tilbake; det same
kann vist ogso segjast um mange andre Delar av Landet.
Dette
meiner eg er vigtige Ting aa tenkja paa for alle. Eg meinar, at det
er derpaa det kjem an, um vaar frie Forfatning fraa 1814 i meire
elder mindre Mun skal standa som ei tom Form, som eit for tungt
Sverd, som me ikkje orkar lyfte, langt mindre verja oss med, elder om
den skal bli eit sant Uttrykk
for eit fullt sjølvstendigt Liv blant Folket. For me veit alle, at
all tale um Fridom og Sjølvstende jamt berre vil bli Flosklar og
Frasur for den, som liver i Armod og Fatigdom. Trælesinnet og
Raaskapen hev alltid i Armodsdomen sin beste Næring av den simple
Orsak, at eit utarmat Folk aldri kann tileigna seg Kunnskap og
Upplysning, som er talande um, desse Ting, som skulde virka som
Solskin og frisk Luft i den myrke Kjellaren.
Eg
synest derfor, at Arbeidet for Vælstand no gjerne ei Stund maatte
ganga fyre Arbeidet for Upplysning, ellest er det væl slik, at dei maa
ganga Haand i Haand: naar Folk hava fenget litt meire Upplysning, so
stig Trangen til Vælstand, og naar ein so er komen i Vælstand,
lengtar ein etter meire Upplysning; me kann aldri skilja desse Ting
aat. No synest det meg aa vera Vælstand me vantar mest.
Her
er formykje bokleg og forlitet praktisk Upplæring, som Vinje
skriv um. Derfor lat vaart framtidige Maal vera:
Eit
Folk med
Vælstandog
Upplysning.
G.
D
.
Publisert