Tidender.

 
Kristiania, den 13de Oktbr.

Her i Byen held dei paa og vel av all Kraft baade igaar og i dag. Det er ikkje meir enn so at dei vert ferduge med aa ropa upp og gjeva Røystesetlar i dag. Og so tek det væl ei god Tid, fyrr dei fær talt upp Setlarne. Vinstre er ikkje reint vonlause.
 
 
Paa Kongsberg fann Vinstre, dei hadde 226 R., Høgre 168.
 
 
Paa Landsmaalskurset i Kristiansand var det i alt 37, dei aller fleste var Lærarar. Umfram Undervisning i Nynorsk vart det leset Gamalnorsk og 3 Timar um Vika vart nyttad til Reiknelære og 4 Timar til Fyredrag yver Fysikk. Og elles vart det haldet Fyredrag yver Literaturhistorie og andre Emne. Eit Par Gonger for Vika var det Samtalemøte.

Undervisningi i Nynorsk vart knytt til Ivar Aasens Landsmaalsform.
 
 
19 Lærarar og Lærarinnur paa Maalkurset i Namdalen hev sendt Bøn til Skulekomisjonarne i Landet um aa lysa Lærarpostarne i Fedraheimen, sameleis som dei 124 fraa Gausdal og Sogndal.
 
 
Stortingsval i Romsdals Fylkje : M. Aarflot, O. Nilssen, Olafsen, O. Langeland, J. Løve.
 
 
Tone til Bjørnsons Skyttarsong. Det var sett ut Premi for den, som gjorde beste Tonen til denne Visa. 43 sende inn sin. Joh. Selmer og Th. Lammers skulde døma. Dei vart samde um, at A. A. Udbye og Sigurd Blekastad hadde gjort det best, endaa dei ikkje vilde halda nokon av dei for fullgode til Premi. Folkevæpningssamlaget vil no gjeva ut dei tvo Tonarne.


Bjørneveiding. Anders Selseng bur paa fremste Garden i Sogndal. Ein Dag drog han avstad skal leita etter Bjørnen. Snjoen er alt komen ned gjenom Lidarne, og deruppe finn han Farvegen etter nokre. Fyrr han veit Ordet av det, møttest dei. Men Andersen er aaleine, og dei er fire Stykkje. Det fær daa vaaga seg, og so gjev han Gamlemor sjølv tvo Kulur so Blodspruten stod. Ho rauk ikkje til, lel; men sette seg ivegen og lukt paa Gilet. Blodvegen synte. Andre Bjørnen døyr for ei Kula, men tridje Ruggen laut faa tvo. Der ligg dei, og der hadde vel og den fjorde leget, um Skjotaren hadde havt betre Raad paa Kulur. Men den eine Kula han hadde att, trudde han var rettast aa gøyma um Binna skulde vilja leita etter han, for dei er mannbiske naar det gjeld Livet. Eg hev ikkje høyrt, um ho er attfunni enno. _ For dei tvo Bjørnarne fær Anders Selseng væl god Betaling, men det er ikkje faa, som tykkjer, at Sogndølarne kunde gjeva Ekstrapræmie korso, naar dei kann verta kvitt slike Udyr. _ Nokre Dagar seinare skaut Lensmannen og ein Bjørn, men paa ein annan Kant av Fjellet. - X.