Valmansvalet i Kvitseid.


Tyrsdagen den 6te Okt. samlad Folk seg umkring Kvitseids Kyrkje i ivrig Samtale med kvarandre um kven dei i Dag skulde velje til Valmenn.

Her i Kvitseid er no største Parten Vinstre, men her finst au ein Del som stend paa høgre Sida, men dei er rektig nok berre eit lite Mindretal.

Høgre hadde sitt Møte Maandagen den 5te, og vart der samde um, for Kristendomens Skuld aa stemme paa gamle Taraldsen og paa O. Svenkesen.

I Vinstreflokken var der Tvidrag. Ein Del Sundbyggingar vilde endeleg hava Sakførar Kristoffersen inn som Valmann. Dette vilde Morgedølerne slett inkje ganga med paa. Dei vart spurde, kvifor dei inkje kunne velja paa Kristoffersen? Der vart svara: Me hev inkje Tillit til Sakførarar og sodanne Karar; me vil hava reine og gode Bønder til aa gjera vaart Ærinde. Ei god Hjelp var det for Vinstre, at det hadde fenget seg trykte Røystesetlar. Det skulde kver Valkrins hava. Det gjeng baade lettare og greidare og skjotare.

Vinstre vann full Siger. Til Valmenn vart korad:

1. Bonde A. O. Gateholt med 70 Røyster. 2. Bonde A. O. Haukom med 58 Røyster.

Varamenn: 1. Bonde K. Taraldsen 41 Røyster. 2. Sakf. L. Kristoffersen 27 Røyster.
Alle dei valte er gode Vinstremenn, so nær som Taraldsen, som er so til baae.
 
Ottar Birting .