[Tidender.] At Offiserar

 
held seg for gode til aa eta av same Maten, som Soldatarne, det er audkjent nok. Men no tek Underoffiserarne ogso til aa krevja Sering for seg. Det er for simpelt maavita for ein Underoffiser, at Maten tilberedes for Underoffisererne sammen med Soldaternes og bringes dem fra Kjøkkenet i Zinkbøtter og Kjølefade; Kaffen paa samme Maade, og dermed er deres Forplejning iorden.
 
Det hev alt fraa gamal Tid voret for simpelt for ein Underoffiser aa eta saman med Mannskapet kann ein vita, men so lenge dei iminste hev av same Maten som Soldatarne, hev ein daa som ei Trygd for, at det ikkje vert altfor slurvelegt med Stellet; men naar dei og skal hava sitt serskilt, veit ein ikkje, korleis det kjem aa ganga dei andre.
 
Nei lat baade Underoffiserar og Offiserar faa same Maten og same Kok som Soldatarne; daa kann ein vera viss paa, at Maten vert baade god og vælstelt. Og lat dei alle eta ved same Bordet, so skal De sjaa det vil verta godt Forhold millom Styrar og Lydar. Dei vil ikkje koma til aa sitja misunna og snakka vondt um kvarandre, men læra baade aa kjenna og agta kvarandre og faa det mykje koselegare baade høg og laag.

n.