Litt um Sosialismen.

 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.
 
(Framhald).
  
Sosialistarne peikar paa, korleis Statistikken alt no vert brukat, baade offentleg og elles, kvar Fabrikherre og Kaupmann maa skilleg reikna ut, kva han treng for den nærmaste Tid og paa kva Maate han skal laga seg med Kaup og Sal.

Men alt dette er berre smaatt imot den Bruk, som dei er tenkt aa gjera av Statistikken i det nye Samfundet, der alt skal vera skipat etter visse Planar og alle Ting skal reiknast ut.

Naar dei soleis liknar ihop ymse Tider og ymse Høve, so fær ein vita Middeltalet for den daglege Arbeidstidi, som Samfundet treng .
 
Kvar ein avgjer sjølv, kva Verksemd han vil velja; det er so mange Arbeids-slag, som Samfundet byd fram, at han hev nok aa velja millom. Og skulde det daa treffa, at det var for mange, som valde eit Arbeid, so det vart Vant paa Arbeidskrefter i andre Ting, daa maatte Staten gjera Raabøter til aa jamna det.

I same Mun som alle Krefter er med i Arbeidet, gjeng Maskinen lettare. Dei ser-skilde Arbeidsgreinerne og Avdelingarne vel sine Ordningsmenn, som hev aa halda Styr paa alt saman. Men dei er ikkje nokre Tuktemeistrar som dei fleste av Uppsynsmennerne no, men heiltupp Kameratar, som greider den Sysla, som er yverlati aat dei. Det er difor ikkje utenkjelegt, at kvar og ein med Tidi kunne koma til aa faa ein sodan Post, som med visse Millomrom kann yvertakast av alle Interessentarne, anten det er Mann elder Kvinne.

Eit slikt Arbeid, som er grunnat paa full Fridom og Likskap meiner dei skal avla den høgste Kjensla av gjensidigt Andsvar og kveikja ein gjæv Arbeidshug og ei Tevling til aa taka i, som det ingen Stad er aa finna i vaare Dagar.

Vidare hev kvar ein og alle til saman Interesse av, at alt Arbeid vert ikkje berre so godt og fullkomelegt som mogelegt, men ogso at det vert gjort paa so stutt ei Tid som mogelegt, so dei baade kann spara inn Arbeidstid og faa Stunder til anna Arbeid elder til aa dyrka høgre Interessur. Dette driv alle til aa arbeida paa aa forbetra Arbeidsmaaten. Hugen til aa gjera Uppfinningar vert kveikt i høgste Maal, og den eine vil yverganga den andre i Framlegg og Raadgjerder. Soleis meiner dei, at det vil verta tvert imot dei Tilstand, som no er, for um den som hev Vit og Dugleik skulde styra Arbeidet, som det no er, meiner dei, so skulde snart Stordelen av dei Arbeidsgjevaranne, som no er, faa gjeva upp Plassen sin aat sine Arbeidarar . Slike, som i 99 av 100 Tilfelde hev gjort Uppfinningar og Forbetringar, som sidan dei store Pengemenn hev dregjet Nytten av.

Kor mange Tusund Uppfinningar er det ikkje, som hev gjenget under, fordi dei ikkje fann nokon, som vilde taka seg av dei og vilde gjeva dei Midlar til aa faa framført det dei hadde i Hovudet, og kor mange Mansevne, som hev vortet kvævde av Kvardagslivet. Slike, meiner dei, vil ikkje finna nokre Stengslur i det nye Samfundet, der det ikkje skal vera Pengeherrar som skal styra, men Menn med klaart Hovud og skarpt Forstand.

Vidare held dei fram, korleis Arbeidaren i vaare Dagar hev Mistru til kvar Forbetring og kvar ny Uppfinning, som vert innførd, fordi det er ikkje han, men Herren hans, som hev Bate av den, han fæler for, at den nye Maskinen, best det er, skal setja han paa berr Bakke, og i Staden for aa vera glad i Uppfinningar, som fører Menneski fram, forbannar han dei. Dette skal daa vera ei Fylgje av Striden millom Interessurne, som no er.

Eit slikt Tilstand, meiner dei, er reint burte i det nye Samfundet. Kvar og ein utviklar sine Evne til sin eigen Bate, og med di han gjer det, gagnar han paa same Tid det aalmenne. I vaare Dagar skal personleg Interesse og det aalmenne Beste vera Motsetningar, som stengjer kvarandre ute, i det nye Samfundet skal derimot personleg Egoisme og det aalmenne Beste vera i Samhøve og ganga upp i kvartanna .