Eit og anna um Bonde-Trældomen fyrr i Tidi.

 
(Del 1 av 4.)
 
I.

I gamle dagar flakkad Fedrarne aat dei, som no bur i Europa, umkring med Buskapen sin, og naar dei kom til eit godt Stelle, slo dei seg til der ei Stund, og medan Kreturi gnog av der, slo dei seg i hop um aa dyrka eit lite Stykkje Jord. Naar Jordi var utpint og det ikkje var meir aa finna der, drog dei til eit anna Stelle.
 
Sidan tok dei til aa driva meir paa med Jordbruket og slo seg ned for godt, og daa busette dei seg i Flokkar, kvar Flokk (Hundrad elder Her) i ein Landsby, aatte Jordi i hop, og dreiv ho i hop, og ingen aatte for seg sjølv anna enn Huset, han budde i og Tufti og Lausøyren sin.
 
Slik Sameige elder Kommunisme finst endaa i eit stort Stykkje av Russland og Serbia.
 
I alle Land i Europa, so nær som i Norig, sume Stader i Sverige, ein Lut av Vestfalen i Tyskland og i ymse Fjellbygder budde Folket i gamle Dagar i Landsbyar.
 
Germanarne vilde gjerne stella seg slik, at kvar var Mann for seg sjølv. Difor vart det til det med dei germanske Folk, at kvar fekk sin Part av Innmarki til Eige for Ætti si, men daa Innmarki laag i Teigeblanding, laut dei halda paa med aa dyrka Jordi i hop og paa same gamaldagse Visi (Dreifelder-Wirthschaft, Brakk, Vetersæde og Vaarsæde). Skogen og Hamnegangarne aatte dei ihop (Aalmenningar).

Som heiltupp frie Menner raadde dei for Styringi i Landsbyen og dømde i Rettssaker.
 
Under dei frie var det halvfrie bønder og, som laut betala Avgift og ikkje raadde seg plent sjølve og ikkje hadde politisk Rett; desse var truleg Leivningar av det gamle Heimefolket, som Germanarne hadde lagt under seg, elder hadde voret Trælar. Same Kaar hadde væl Leiglendingarne og i den Tidi.
 
So lenge dei frie Bønderne hadde mest like mykje Jord, var det truleg faae Leiglendingar. Men etterkvart samlad Jordi seg til store Jordegods, og daa vart det fleire og fleire Leiglendingar. Hermed for det gamle germanske Samfunds Tilstand til aa løysa seg upp.
 
Det var Kyrkja, som helst sprengde det gamle. Ho innførde den romerske Testaments-Rett, og sidan vart det Skikk, at dei, som laag paa det siste, testamenterad Eigedomen sin til Kyrkja, so dei kunne samla seg Liggendefæ i Himmelen. Paa den Maaten vart Kyrkja so rik, at ho i fleire Land aatte Helvti elder væl so det av alt Jordegods og bygslad burt Jordi til Leiglendingar elder Festebønder. For Prestarne hadde ikkje Stunder til aa driva Jordi sjølve.

Lensvæsenet braut seg inn i den gamle Skipnaden; Lensherrarne og deira Vasallar og Undervasallar gjorde seg til Herrar, og den gamle frie Bonde-Jordi (Allodîalgodset) laut gjeva seg under desse Herrarne. Kyrkja studde uppunder dei verdslege Herrarne og lærde dei den romerske Retten med Einvelde for Landsherren og med ufrie Bønder.

I det gamle romerske Rikjet hadde og Bønderne eingong aatt Jordi si sjølve elder bygslat Statsjord, (ager publicus), men sidan lagde Stormennerne all Jordi under seg og dreiv ho med Trælar. Dei, som fyrr hadde aatt Grunnen, laag daude paa alle dei tallause Slagmarkerne, elder laut gaa til Byen og liva paa Naade.
 
Soleis kuad Romerfolket alle andre, til det sjølv vart heimlaust og gjekk under, og berre Stormenner, Herkemuge og Trælar vart att. Trælarne hadde det fælt. 
Herren pinte, dengde og krossfeste dei, sende dei tidt i Lekkjur paa Arbeid og stengde dei inne um Natti i Kjellarar med smaa Gluggar høgt upp paa Veggen. Dei fekk ikkje gifta seg, livde i hop som Dyr¹). Eigaren fødde for det meste ikkje upp Trælar, men kaupte dei paa Marknaden, og selde dei att, naar dei vart sjuke elder gamle. I eldre Tider baud Loven, som vilde unna Trælarne ei Kvilestund ender og daa, at Plogen skulde kvila paa Kviledagarne; Cato talde Godsherrarne til, at dei so skulde gjera, lata Plogen kvila, men setja Trælarne til anna Arbeid, som Loven ikkje forbaud; ein Træl lyt anten arbeida elder sova, segjer Cato.

Dei store Godseigaranne slo stort paa i Hovudstaden og var aldri paa Godset so nær som, naar dei gjekk paa Veideskog (Jagt). 
Dei pinte ut av Jordi so mykje, som Raad var, og daa dei aldri gav ho att noko, vart Jordbruket reint øydelagt. Ingen vilde bu paa 
Landet lenger, alle strøymde til Byarne.

I hine Land, der Romaranne vart Herrar, tynte dei og det frie Bondestandet, og det vart grøtelege Tilstand.

So freistad Styringi i det 4de Aarhundrad etter Kristus paa ei Boteraad. Dei, som budde paa Jordegodsi, skulde ikkje hava Lov til aa flytja. Dei vart stavnsbundne Festebønder med Ervefeste. Trælar, Forpaktarar, Arbeids-folk og smaa Sjølveigarar vart etterkvart sveisad i hop til stavnsbundne Bønder.

For dei Trælarne som hadde voret Arbeidsfolk paa Landet, var dette det fyrste store Steget fram til betre Kaar. Fyrr hadde dei voret under ein Herre, men heretter høyrde dei til Jordi, og eingong i Tidi skulde det laga seg so, at Jordi høyrde dei til.

Dei som fyrr hadde voret Sjølveigarar, Forpaktarar elder frie Arbeidarar, fekk det verre. Alle desse jamnad seg no i hop med Trælarne til eit ufritt Bondestand; Godsherren kunne selja dei med Godset, flytja dei fraa det eine Bruket til det andre paa Godset; dei kunne hava serskild Eigedom i Pengar og Lausøyre, men kunne ikkje selja forutan Samtykkje av Godsherren; gifta seg honom uspurt hadde dei daa Lov til.

Slike Kaar hadde Storparten av Folket i det romerske Riket ved det Leitet, daa det gjekk under.

Det hev voret sagt, at daa dei romerske Legionarne stupte, sende Roma ut sine Dogmer (Tru-Setningar) i Staden.

Ein kunne helder segja: Dogmer og den romerske Rett.

Dei Folk, som hadde vandrat inn i Europa, laut no gjeva seg under Læra um Kongens Einvelde og um ufrie Bønder; Romerretten trengde under den gamle germanske retten med Folkefridom; Fyrste- og Godsherre-Domstolarne kom i Staden for dei gamle Folkedomstolarne.

( Meir.)
 

¹) Er du kallad som Træl, so bry deg ikkje um det. Kann du og verta fri, so bruk helder ditt Kall, (ver helder Træl) trur Presten Heuch at Apostelen Paulus hev skrivet.