Mjølkestell.
Aa
kunna stella med Mjølki paa beste Maaten, er ikkje so beintfram. Men
det er av stor Vigt aa kunna gjera det paa ein Maate, som baade fell
lettvint og greid, og attaat gjev so mykje som mogelegt av seg. Her,
som i mange andre Ting er der fleir Maatar aa ganga fram paa.
Ettersom det vert meir og meir vanlegt aa granska dei ymse
Landbruksspursmaal, kjem det og upp nye og forbetrad Framgangsmaatar
i dei forskjellige Ting.
_
Ein av dei Maatar med Mjølki, som no er haldne for aa vera med dei
beste, er aa avkjøla ho. Paa Meieri og andre Stader, som det er
mykje Mjølk aa stella med, hev dei (naar ikkje Centrifuge brukast)
store flate Blekksaa-ar, som kann taka upp til 60 Liter, og set dei
ned i lange Vasskommar, og hev so Is ned imillom Saa-anne baade Sumar
og Veter til aa halda Vatnet kaldt nok. Men for at ikkje Mjølki skal
frjosa um Veteren, maa
ein daa hava eit serskilt Hus til dette, so ein allstødt kann halda
ein passeleg Varme i. Dette gjer, at det væl vert noko kostbert aa
ganga fram paa denne Maaten for mindre Gardbrukarar og andre, som hev
lite Mjølk aa stella med. Men naar ein brukar Collys
Avkjølingsspann, vil det verta paa ein annan Maate. Desse Spanni er
soleis laga, at dei kann setjast heilt under Vatnet, utan at der kjem
Vatten inn i dei. Dette gjer, at dei kann standa ute i ein Bekk kvar
som helst, utan at
Mjølki klakar elder tek den minste Skade, um det er aldri so kaldt.
Um Sumaren kann dei
og brukast til stor Bate, naar ein hev ein rennande Bekk, som Vatnet
ikkje vert varmare i enn 5
_8
Gr. Best var det, um ein hadde Is i Vatnet og daa trengde ein ikkje
hava rennande Vatten, som ein ellest maa, men berre hava vatten i ei
tett Kasse. Dette maatte av og til skiftast. Paa Støylarne er mange
Stader kalde Vasskjeldur, so ein der og kunne godt med liten Kostnad
stella istand, so ein fekk avkjøla Mjølki. Det er au helst um
Sumaren og naar det er varmt i Veret ein hev mest Bate av aa avkjøla
Mjølki. For stend ho daa i eit vanlegt Hus, vil ho straks verta til
Skyr, og Fylgja derav vil vera, at ein fær lite
_
mest ingen Fløte. I Mjølki er nemleg ei heil mengde fine Feitkulur,
som er so smaae, at ein maa hava Sjaaglas til aa øygna dei. Desse
Kulurne svem alle Stader ut yver Mjølki, naar ho er nysilad, men vil
fljota upp, so snart ho stend still. Er der no Hindringar ivegjen,
for at ho kann faa koma upp, so vil ein faa lite Fløte, men er der
ikkje det, fær ein det meste utskilt. Avkjølar ein Mjølki straks
ho er silad, vil ho halda seg søt lenge etter den Tid Fløten hev
avsett seg, og der er den minst mogelege Hinder for Fløten aa
avsetja seg. Til Fløteavsetningi vil der trengjast umlag 24
_36
Timar.
Avkjølingsmaaten
er i det heile lettvint og greid. Kopparne som ein daa brukar maa
vera av Blek. Dei er lette aa halda reine, og hev ein Mjølk i dei,
maa ein hava dei i Vasskommen, so dei tek lite Rom. Brukar ein den
gamle Maaten aa hava Mjølki inn i Daglegstova, vil ho draga til seg
Gasartar og faa Usmak. Likeins er det, naar ein brukar Trekoppar, som
er mykje vanlegt, daa og hev ein ikkje so lite Arbeid med aa halda
dei skikkeleg reine, og endaa fær ein ikkje so stor ein
Draatt,
som naar ein avkjølar. Ein vil og daa vera mykje betre stelt, um ein
agtar seg til aa ysta. Avkjølingsmjølki gjev likso god Ost som anna
søt Mjølk, berre at den ikkje inneheld so mykje Feitt.
Avkjølingsmaaten
er prøvd av Fagmenner, og dei hev funnet, at den er god, so den vist
fortener aa verta kjend og brukad meir enn det er Tilfellet.
Bk.
Publisert