Ein Jolaftan paa Møre.
Der var tvo Alner Snø og sterkt
Rennedriv; Snøskavlarne var so store, at jamvæl ein vaksen Mann
kunne koma vek i dei. Me Borni hadde gildat oss so lengje og gledt
oss meir og meir for kvar Dag; no var daa Store-jolaftan komi, og han
Eljas uppi Jogara hadde alt skotet Joli inn, so at no var der ikkje
noko Tvilsmaal meir
_
Joli var komi. Eg og ho Gina og ho Kanotte, me som smaae var, foor
att og fram paa Golvet, trappad og sprang, so glade, at me ikkje
viste kva Fot me skulde staa paa, og song: tire, lire, litta, titta!
Mor var aat og bar inn Sideriv¹),
godt, ungt feitt Spikjekjøt. Bordet var
alt dukat og ei Flaske sto paa Johan Arent upppa Bordet med eit
Kjærteljos i. Det Ljoset saag me paa med store Augo, men det var
ikkje Raad til aa faa setja i det, fyrr alle var komne aat Bordet;
daa det vart tendrat sa me:
No
er Joli komi paa Bordet!
So vart det daa so, at me sette oss tilbords. Og Ljoset vart
tendrat og me saag alle paa den reine Logen. So song han Far og ho
Mor mad høgt Maal: Op glædes alle, glædes nu, og me Borni
tok i med, det me vann. Daa Songen var slutt, gjekk han Far ned i
Kjellaren og tappad upp i tvo Ølskaaler med godt heimebryggjat Øl;
og ho Mor og me heldt paa aa steikja Sideriv inn paa Glodom. Heile
den vesle Stova vart fyllt med fin Braal av Steik og god Mat. So kom
me tilbords igjen, og daa foor Ølskaali rundt Borde, og me aat og
drakk alle hugnadleg. Daa dette Maalet var fraaseggjort, sat me og
samsnakkast, song innimillom, og Ølskaali foor ikring. Ho
Karl-Johane ruslad burt med Omnen, sette Gryta paa, for no skulde
Mjølkesupa kokast, Lutefiskjen hekk alt og saud fram paa Glodom. So
tilbords att. Fyrst song me Songar, so foor Ølskaali ikring og
deretter tok me for oss av Maten: mjukt Lefsebraud med nykjenna Smør
av Koderjome, Blotfisk so fin og krullande god, at den liksom braanad
inn i Munnen. Det var ein Rett som me gledde oss til heile Aaret.
Og um Jolaftan var ikkje Smøret esla, me fekk alle eta av ei
Smørkanne. Naar me var ferdig so brukte me aa takke kvarandre upp i
Haandi for Maten. Og so var me alle glade og kjende oss so trygge.
Der vart leset um Gjætaranne attmed
Bethlehem, som gjætte Sauder um Jolaftan, og me fekk høyra, at der
var Land i Verdi, der det blømde dei fagraste Rosur midtvinters. Me
høyrde Englesongen og saag dei blanke tindrande Stjernurne. Me
gløymde, at me var langt upp under Nordpolen, i Snø og Kalde og
Myrkr. Me høyrde og saag alle Ting so væl. Og me var so visse
paa, at smaae Englar fauk um i Stova, og at Jesus no var midt imillom
oss, og naar me berre tenkte ein Tanke og ynskte noko godt for Far
elder Mor, so visste han det og vilde tena oss i det.
_
So
gjekk me daa tilkøis; men Klokka 3
_4
skulde me Ungdomen og dei største Borni avstad til Ottepreike. Det
var eit Vaas og Bal; men me laut endeleg faa sjaa alle Kjerteljosi og
Presten i den kvite Kjolen sin. Me fekk ikkje sova heile Notti, for
aa ikkje forsova oss. Me fekk so Øl og Mat og vart væl tilgyra med
klæde og Styvlar og Raggar utanpaa, og so bar det i Veg. Men der
var ein liten uppløgd Bolk, fyrr me naadde inn paa Landsvegjen.
Der
laut me bytast um aa gaa fyrst kvar sin Gong, og dei, som etter kom,
steig i Fotefaret aat Fyremannen. Naar me daa var gjengne mest ei
halv Mil, saag me fraa ei Braut Kyrkja, med eit Ljoshav utgjenom alle
Glasrutur, so me skulde tru, der var fatnat Ljos i den Kyrkjeklokka
kallad og ringde. So kom me inn i Kyrkjehuset, der brann mange
hundra Ljos i Ljosekrunurne og elles burt igjenom Kyrkja.
Orgelen
spilad med ljose, leikande Tonar, det var ein Dur, som av ein kvit,
fin Fjellfoss, som styrtar seg utyver ei fager Lid.
Farvæl
du væne, fagre Barnetid, takk Far og Mor, at de gjorde den so rik,
likevæl de var fatige. Gjev der i den Botn, som de lagde, kann verta
saatt noko godt, som kann veksa so, at det kunne lata Alderdomen og
Minnet dykkar finna ein Skugge og Ly der,
A.
H
.
¹)
= Kjøtstykkje.
Publisert