Ein Selle.

(Framhald fraa No. 101, 1885).
(Del 1 av 30.) 
Kva var det du song der, spør eg Kjeringi. Det er Bjørnen, som kved soso, segjer ho:
 
Langeluren og Tutarhonne
jagar meg av yve Heie,
men Baanegraaten og Fløytelaaten
ljoar so vænt i mitt Øyra.
 
Daa likad eg Bjørnen, hadde eg møtt ein daa, so trur eg at eg hadde fatat ikring Halsen paa’n og kyst han og sagt, du er ein fagna Kar, du er min Ven.
 
Ja er det daa ikkje merkjeleg til Kar, soleis tenkjer han, som ser so gribben og grusteleg ut og soleis tenkjer ogso eg. Og Bjørnen; som aldri hev havt nokon Prest til aa lesa upp for seg Bibelens Ord.
 
Det er sanneleg ikkje for ingen Ting dei segjer, at han hev tie Mans Vit, like so mykje Vit som eg, han rymer av og tek Heidarne fat, naar det vert for fullt med Tutarhorn; sameleis som eg.
 
Det var sanneleg ikkje eit Menneskje aa bry seg um, men Borni var dei einaste, som var noko, dei var det einast, som var Menneskje aa kalla. Aa berre eg fekk hava desse Borni med meg, so var eg likesæl med alt i Verdi. Men so kjem Vaksnekveiken for Barneleiken, og so vert det ikkje noko tess. Den Vaksnekveiken er ikkje til noko, Skulemeistrar og Prestar og Bøker og Folkeskikk og alt slikt, hu, det vrid berre Hovudi av dei.
 
Ho song so vekjømelegt Kjeringi, at det var reint til grøta ein. Ho var komi seg inn paa Stevi, og dei traut visst aldri for ho.
 
Naar eg var liti og sprang i Kjæte,
naar andre sytte eg sat og fælte,
naar andre sytte for Gutom si
daa sat eg lilla i Munnhorpa mi.
Men hadd’ eg liti i Vogga legje
so hadd’ eg sluppet for Sorg og Trege.
Aa hadd’ eg liti maatt falle burt
og so aldri store turt veksa upp!
 
Og so bar det i det endelause um Suti, som fylgjer likeso trugje Livet utigjenom, som Skigarden fylgjer ein Aalmannveg, og som sprengjer Hjartagleda og lær det kaate Ungdomsmøtet til aa veikna, og den gjer, at um ein kann sitja aldri so glad, so er Hjartat fullt av Graat, nok av Lengslur, nok av Kjærleikskjenslur ogso, men ”det er sant som dei gamle talar”, at det er sjeldan, at Barnehugen kann vara, det er sjeldan, ”at dei baae fær den dei helste vil”.
 
Eg saag paa dei tvo smaae, dei stod der med lysande Augo og glødande Kinn og lydde og saug i seg kvar Tonen og kvart Ordet, men dei skynad ikkje sovoret dei, at Livet skulde vera slikt. Og likevæl skulde væl den Tidi ogso koma, at dei kom til aa kjenna det og kjøvast av Livsens Hugverk og Møde, faa denne norske Tyngsla og Trøyttleiken i seg, som er verre enn Døden?
 
Nei det var berre Lygn, at Livet var so svart og sutsumt. Kva dei so talad og diktad, det var ikkje sant. Alt dette livsbrotne nedalands og dette vandlynde her heime, det var ikkje sant, det var berre som ein Trolleham, som var slengd yver oss som ei Hugherding og ei Straff fraa Vaarherre, fordi me ikkje vilde njota Livet, som han heve gjevet oss. Men eg skulde brjota den Hamen, um eg skulde traassa heile Verdi. For no hadde eg voret Veitegravar, no visste eg kva det var aa traassa. Og likevæl var det ikkje eg, men det var dei hine, som traassad. Aa her i Norig som dei held det heiltupp for ei Gudstru, at ein skal døyva og døyva seg sjølv burt til inkje, so ein tilslutt vert ikkje annleis lagad enn som ei ramsaltad Spekesild. Det er det som er vaar nasjonale Religion, den preikar dei alle, anten dei so kallar seg Diktar elder Prest. Borni skal hava berre denne eine Leksa aa læra: memento mori. Um Vaaren skal ein helst tenkja paa Livsens Umskifte og Faafeng, jamvæl Siljefløyta som ein skjer seg um Vaaren skal ein tykkjast graata.
 
Lat Dyri hava ein sodan Lærdom um dei vil, men det er ikkje noko aa koma til Folk med.
Berre eg ser paa Ungarne er eg ferdug til aa dansa.

Frå Fedraheimen 06.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum