Um Arbeidaren i London

skriv ein Brevsendar til Dagsp.;
 
Arbeidaren i London er Kar, som held paa Vyrnaden sin, det nyttar ikkje aa faa han til aa gjeva fraa seg Retten sin, anten det so er Embættesmenn elder Politi, som trugar han.
 
Han vil ikkje arbeida lenge for Dagen, men i Arbeidstidi tek han ogso i, so det munar.
 
Han krev høg Betaling for Arbeidet og vil hava god Mat. Um Morgonen, med det same han ris upp, et han Flesk og Braud og drikk ein Kopp Te elder Sjokolade; so arbeider han hardt fraa Kl. 8_11. Kl. 11 hev han fri ein halv Time, daa dogurdar han, Smørogbraud og Øl, sume Gong Grønsaker attaat. Kl. 1 et han Middag, 1 Rett kraftigt Kjøt med kokt Kaal elder Jordeple og stundom ein Kopp Kaffi etterpaa. Men den engelske Kaffen er like so daarleg, som Teen er god. Middagskvildi er væl 1 Time. Kl. 5 er det væl ein halv Time til Eftasvord, Te og Smør- og braud, helst Kveitekake, det er sjeldan dei brukar Rug i England; stundom brukar dei noko Hummer elder Syltety attaat Kaka, det er billigare enn Smør. Kl. 7 sluttar Arbeidet, daa reiser han heim. Han kann stundom hava ei heil norsk Mil aa fara, so han maa bruka Jarnvegen under Jordi.
 
Han arbeider 6 ½ Dag um Vika, fraa Laurdag Kl. 2 og til Maandagsmorgonen er han reint fri. Paa eit slikt Vikearbeid kann han tena millom 36 og 63 Kr. elder 144_252 Kr. for Maanen. Men so er det ogso dugeleg dyrt for han aa liva, og Lufti i Fabrikkarne er ofte fælt ill og skadeleg for Helsa.
 
Arbeidaranne ved ein Fabrikk hev mykje Samanhald, dei held Ordskiftemøte og hev store Boksamlingar, som dei eig og styrer sjølve, Fabrikkeigaranne hjelper stundom til.
 
Arbeidaren hev det ofte framifraa vænt og hugnalegt heime. Han hev ofte leigt eit lite trihøgdat Hus i ei still og fredeleg Gate og med ein Hageflekk framfyre. Der er store ljose Rom og Golvteppe, Sofa, Bord og Bokhylle. Kjeringi les Dickens og andre store Forfattarar og Mannen studerar Politikk.
 
Um Laurdagen hev dei det hugsamt. ”Den Eftan er vaar eigen”, segjer dei.
 
Um Sundagen gjeng sume i Kyrkja, ein Del er Fritenkjarar, og Prestarne klagar jamt, at Arbeidaranne gjeng so lite i Kyrkja.

Frå Fedraheimen 06.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum