[Tidender.] Villiam Haverly.

Ein Domar fortel slik: For tredive Aar sidan gjekk eg ein Dag inn i ei Boklade i Cinsinati og vilde faa i nokre Bøkar. Daa eg stod der, kom ein fillutt liten Gut inn i Budi, han var ikring tolv Aar gamall. Han spurde um dei hadde Geografiar til salgs. ”Me hev fulltupp av dei”, svarad Kaupmannen.
 
”Kor mykje kostar dei?”
”Ein Dollar”, vart det svarad.
Guten vart motlaus. Han talte upp nokre Skillingar, han hadde i Haandi, og so sagde han:
”Eg viste ikkje at dei kostad so mykje”. Han var paaveg til aa ganga, men braasnudde seg og sagde: ”Eg hev berre ein og seksti Sents, kunne De ikkje lata meg faa ei Geografi for det og venta med Resten.”
Han saag so bønleg ut og vart motfallen, daa Kaupmannen berre ublidt svarad nei. Daa me kom ut paa Gata, spurde eg han, kva han vilde gjera. _ ”Prøve andre Stader”, sagde han.
”Maa eg verta med og sjaa, um det lykkast deg?” spurde eg.
 
”Ja, vil du so”, svarad han, og vart forundrad. Me gjekk inn paa fire Stadar, og allestadar var han like uheldig. ”Vil du prøva meir enno?” spurde eg. Ja han vilde ikkje slutta med det. Me kom inn i den femte Bokløda. Han gjekk dristug fram, og sagde, kva han ynskte, og kos mange Pengar han hadde.
 
”Vilde du fælt gjerne hava ei Geografi?” spurde Handlaren.
 
”Ja, Herre”, svarad Guten. _ ”Kva vil du med den daa?”
”Eg vil lesa i ho, eg kann ikkje ganga paa Skulen, og so les eg heime, for elles kjem alle andre Gutarne fyre meg. Og so var Far min Sjømann, og eg vil lesa um alle dei Staderne han for til.”
”Er han ute og seglar no?”
”Nei, han er død”, svarad Guten venleg, ”men naar eg vert stor, vil eg og verta Sjømann:”
”Nei, jaso, ja daa skal du faa ei Geografi til ein Dollar, det du vert attskuldig kann standa til du hev det, men elles kann du faa ein brukad til femti Cents.
Det var Guten fælt nøgd i, allvist daa han fekk høyra, at den var likso mykje i som den nye. Eg fortalde daa, at me hadde voret inne paa fire Stader fyrr. ”Rett gjort”, sagde Mannen til Guten, ”helt fram slik, so kjem du nok fram. 
Kva vil du med dei elleve Cents du for att daa?”
”Kaupa Bøker”, sagde Guten.
 
”Vilde du hava mange Bøker?”
”Ja, fleire enn eg, nokonsinn kann faa.”
Daa Mannen kom fram med Boki, saag eg der laag ein fin Blyant og eit kvit fint Papir inni.
”Det skal du hava for at du er so trottug til aa halda paa,” sagde Mannen.
 
Eg gav han ein Peningsetel. ”For den kann du kaupa nokre,” sagde eg.
Han vart so glad, at han gret. ”Kann eg kaupa kva eg vil?” spurde han.
 
”Ja, kva du vil.”
”Daa vil eg kaupa ei Bok til Mor”, sagde han, ”og eg takkar dykk so mykje for det, eg hev fengjet, eg vonar, eg kann betala dykk eingong.”
Eg plent missunte han, daa eg gjekk, so glad var han.
Der gjekk mange Aar, utan at eg høyrde noko um han.
I fjor reiste eg til Europa paa eit av dei vænaste Skipi, som nokonsinn hev faret yver Atlanterhavet. Me hadde fagert Ver liketil me kom mest fram, daa bles det upp ein kalleg Vind, so at me sikkert hadde blivet der, um ikkje Kapteinen hadde voret so dugeleg. Der hadde komet Hol paa Skipet, og det helt paa aa søkja, Baatarne var sette ut til aa ro Folki i Land, men der kunne ikkje sjaaas Raad til aa koma fram yver dei fælsklege Baarurne. Daa kom Kapteinen til, og ropad so det høyrdest yver all Glamen, at dei skulle attende til Postarne sine. Det var rart aa sjaa kos lyduge alle var.
Eg spurde han, um der fans Von.
 
So at alle kunne høyre det, svarad han:
 
Ja, Herre, der er Von, solengje eg ser ein Tomme av Dekket, fyst naar det er burte, misser eg Voni. Hjelp med Pomporne allesaman, so skal ingen segja, Forsømet var skuld i Ulukka.
Tri Gonger miste me Motet um Dagen, men Kapteinen kveikte det upp att.
 
”Eg skal hava dykk vel i Land i Liverpool”, sagde han, ”dersom de kann halda ut.”
Og han sette oss i Land, men Skipet sokk, etter det var komet inn i Dokkerne. Han var den siste, som gjekk av Skipet. Og alle takkad og velsignad han, for at han hadde frelst dei. 
Daa eg gjekk, tok han Haandi mi og sagde:
”Hr Domar, kjenner De meg ikkje?”
Eg kunne ikkje koma det ihug.
Minnes De den Guten, som vilde kaupa ei 
Geografi for mange Aar sidan i Cincinati?”
”Jau den minnes eg godt, ein Villiam Haverly.”
”Ja, det er meg. Gud signe deg Hr. Domar.”
”Og Gud signe den gode Haverly!”
 

Frå Fedraheimen 23.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum