[Tidender.] Far til Skeisekongen.

Det vart skrivet ein Biografi av gamle Paulsen, Far til Aksel og 
Edvin Paulsen i Norsk Idrætsblad.
 
Han er 66 Aar og orkar ikkje lenge aa komandera dei av til Kappsiglingi som fyrr, hell ikkje er han lenger med paa Skeiseisen, han lyt hava Hjelp til aa koma utor Sengi no. Men endaa er han med i det like eldfullt som daa han var ung. Han liver i Minne fraa daa, og helsar paa alle som sine gode Vener. Sigling og Skeising er nok i god Gang no.
 
Maalet for gamle Paulsen var ”Sportens” Framstig. Han var med paa aa faa istand Kappsiglingi og Skeisingi her. Han heldt sjølv paa aa skeisa so lenge Føterne vilde bera, og daa han var 50 Aar, gjorde han slikt Hopp, at baade unge og gamle maatte undrast. Etter Ordtøkjet: ”Det maa tileg krøkjast som Krok skal bli”, sette han Skeisur paa Dotter si, ho var berre 4 Aar. Naar ikkje Føterne vilde bera, so spjelkad han dei. Til eit Kunstlaup, som vart haldet nokre Aar etter, var ho bori paa Armen, og ho greidde det so godt, at alle, som saag paa, klappad aat henne. ”Ho var fæl, ho”, meinte Gutarne.
 
Brødarne Paulsen byrjad aa skeisa, daa dei var 6 _7 Aar. Faren var med og lærde dei. Snøgt Isen hadde komet, helt dei paa prøva seg kvar Dag fraa 7 um Morgonen. Folki viste ikkje vel, anten det var Menneskje hell ikkje, som var ute so tidleg. Han lærde dei upp altført fraa simplare til vandare Prøvur. Og no hev Lærlingarne vortet betre enn Meistaren, som det so jamleg gjeng. Men Gammelen er slett ikkje vond paa dei unge for det. Han ser so nøgd ut, daa dei fortel han um Sigrarne av ”Gutarne”, han hev sin Del i dei, meiner han. Og det hev han rett i.
 

Frå Fedraheimen 03.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum