Ein Selle.

(Del 11 av 30. Fyrste delen.)

(Framhald).
 
Doktaren vart leid og vilde ut att:
 
_ Ja men du skal ikkje reisa einsam _ meinte eg. Tak no med deg Fillefanten der, so hev du noko aa stella med og noko aa verta glad i ogso, slike høver for deg, du skal syta med det som er sjukt og eg med det som er friskt; paa den Maaten byter me Verdi. Det er heftesamt for meg aa driva med det sjuke, og du duger ikkje til aa hava med det som friskt er. Du skynar betre enn eg, at denne Karen er vanhelsug no, so at han er ufør til alt Arbeid. No skal du hava’n hjaa deg og lækja’n, og alt du kostar paa han, skal du leggja ut av din eigen Pung, soframt du vil hava fullstor Glede av det.
 
Meiner du ikkje eg fekk han til det kanskje? Jau, endaa eg totte det var reint underlegt sjølv og, eg log heiltupp av Glede, daa eg saag dei tvo rullad tilsaman av Garde. Kanskje det var ikkje so fullverst To i nokon av dei, naar det bar til. At Fillefanten var daa yver alle Voner, fekk eg so tydeleg sjaa etterpaa. Tenk han hadde ikkje teket med seg nokon Ting uløyves, so nær som ei Reim med ein Tollekniv i og so eit Skjerf, ein Tobakdaase med ein Kvart Tobak i og nokre andre Smaasaker. Daa maatte eg rettig undrast yver Mannanaturens Ærlegskap, det gjeldst berre, at ein steller seg rett med dei. 
For dette han tok med seg, det var mest mi eigi Skuld, andre Klæde hadde eg gjevet honom, men desse andre Smaasakerne kunne eg ogso hava gjevet honom. Det var ein bra Kar.
 
Dei segjer det gjeng Troll i Ord, men det er ikkje berre Troll, det kann vera Godvette ogso. Daa eg vart for meg sjølv att, hadde eg mest ei Kjensle av aa ha sagt for mykje, som ikkje var Grunn i, men daa eg tok til aa hugsa etter, fann eg at der var meir Grunn i det, enn eg hadde tenkt.
 
Eg hadde hædt han, fordi han leet so uliklegt um Bibelen, eg hadde lagt imot, at likare Bok hadde me ikkje, og eg hadde nemnt upp Ord av Bibelen likeso radt, som eg skulde voret ein Prest. Dei nytestamentlege Skrifterne hadde eg elles aldri havt noko større Uner til; eg totte eg hadde fenget nok av det ifraa Prestarne; men dei hadde sjeldnare havt for seg dei gamle Skrifterne, difor var eg meir glad i dei, David og Salomon hadde eg haldet for dei beste Diktaranne her fanst og leset mykje av dei, eg totte eg hadde dei liksom meir for meg sjølv, so eg ikkje saag dei gjenom Prestebrillurne. Men no tok eg for meg aa vilja sjaa noko meir paa dei nyare Skrifterne ogso, og eg likad dei sanneleg godt, eg vaagad meg jamvæl til med Paulus, sumt kunne eg ikkje plent forstanda Meiningi med, og sumt totte eg var noko underlegt, men eg vart glad i Paulus, aa for eit Mot og ein Manndom. Til meir eg las, til meir laut eg undrast paa, korleis Prestarne foor aat med aa faa den friske Livsens Straumen utor desse gilde Menner, so dei vart berre nokre Papirheltar. Daa eg tok paa med Evangeliarne, hadde eg i Fyrstningi den Kjensla, som eg hev havt so ofte i Kyrkja, at Tankarne vilde ikkje hefta lenge, det var liksom so altfor kjent, og eit Dogme hekk attaat kvar ein Ting, den Kjensle, at slikt er ikkje for vaksne Folk utan til aa syvja seg med; men daa eg hadde leset eit Stykkje i Samanheng og kom til noko, som ikkje var so fullkomeleg kjent for meg fyrr i alle Delar, daa vart eg heiltupp teken, noko so storslegt totte eg aldri, at eg hadde leset. Eg argad meg noko eit Bil vyer den kalde og stive Maaten, som eg stundom totte det var fortalt paa. Men so hugsad eg paa, at nett dette var Støytesteinen for alle Fortolkarar og Preikarar, som just vilde pynta paa det med sine eigne sprikjande Tydingar og Talemaatar, og eg merkad ein rein og heiltupp fjellfrisk Ange ved Framstellingi, som eg syntest aa tru berre kunne kjennast av reine Naturfolk elder av den, som er komen upp yver Halvkulturen og hadde røynt Livet, so at dei hadde ei full Kjensle av korleis Mannalivet er, naar det fløymer upp i si høgste Magt og Velde. Det er ikkje dette endeleg, som er den høgste Kultur, aa hava den meste Lærdom og det gløggaste Vit, men helder like so mykje aa hava ein Adels Hus og dei frægdaste og klaaraste Kjenslur. Den einast kann skyna slike høgre Naturar som den Evangeliarne skildrar. Aa kor sæl eg var, daa eg og tottest kjenna meg vera ættad or det Slaget som han. Der var den friske Natur og den Livsens Fløyt og fløymande Rikdom, som eg til dessa korkje hadde set i Bok elder Liv.
 
Eg hadde Hovudet attyver og saag mot Granafjell, i blaaende Solglans, medan Dalen laag i Skugge, og eg kjende der same Draget i meg.
 
Og dei sagde, at Livet var armt; elder at det ikkje var verdt aa liva, elder at det var so fuldt med Mein og Mødur og Vanskar, um ein skulde freista seg iveg paa den ”tronge 
Vegen”, at det var aldri aa bjoda til, vilde ein ikkje forleita seg. Og dei talad so mykje um alle dei Reglar og Pligter og den Tvang mot seg sjølv og um Unatur. Eg vart sanneleg ikkje var ein einaste slik Regel, og saag berre Menneskje med Stemningar og Kjenslur og Hugmaal og Ord og Gjerningar større og sterkare enn hjaa alle andre, kvar ei Utsegn og kvar ei Aatferd var berre ei Utstrøyming av den Ljosken og Vermden, som er i ei Bringe, som er full av Kjærleik; i Staden for ei Tvangstrøye var Kristendomen sanneleg ikkje anna enn ei Løysning av alt det, som hindrar Hjartat fraa aa slaa sine friske, varme Slag, som skulde vera naturlegt for kvart Menneskje.
 
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum