Ungdomsliv hjaa Spartanararne.

Lykurg livde kringum 900 Aar fyrr Kristus. Han gav Sparta Loger og gav ogso Fyreskrifter um, korleides Ungdomen skulde verta uppsedad. Alt hans Arbeid gjekk ut paa aa gjera eit sterkt, friskt og modigt Folk av Spartanarom. Men so var ogso Uppsedingi streng og gjekk mest ut paa aa herda og utvikla Kroppen. For Aandslivet vart det derimot litet gjort og for Hjartelivet endaa mindre. Dei naturlege Band millom Foreldre og Barn vart tidlegt slitne, og istaden difor vart Ungdomen bunden til Stat og Fedraland, som for Spartanaren ikkje berre var det vigtugaste, men alt.
 
Det Barn, som var født veikt elder vanskapt, vart kastat i Avgrunnen. Dersom Barnet vart haldet verdugt til aa liva, vart det laugat i Vin og sett utan Reiv elder noko umkring seg paa Skjolden aat Faderen attmed Lansa; for det fyrste Barnet skulde sjaa, var Vaapen. Dei vende det til allslags Møda, til aa gaa i Myrkret og til aa kvæva all Klaga. Naar det var sjau Aar, tok dei det fraa Foreldri og gav det aat dei offentlege Lærarar, som gav heile den spartanske Ungdom same Upplæring _ sonær som Prinsarne. Uppsedingi hadde til Formaal aa herda Ungdomen, venja dei unge til aa tola allslags Pina og gjera dei viljuge til aa lyda. Det var soleides ikkje mykje Glede for den spartanske Ungdom. Med snaudklipt Hovud, nakne Armar og Føter, Henderne gøymde under Kappa og med Augo vende mot Jordi _ for dei hadde ikkje Lov aa sjaa til Vinstre elder Høgre _ stod dei alltid under eit strengt Uppsyn. Dei dugelegaste Ungdomar lærde upp dei andre, medan Gamlekararne hadde Tilsynet og gav Lastord og Lovord og Svolk, ettersom dei tykte det trongst. Nokre høgre Embættsmenner, som dei kallad Eforar, heldt Augo med, at det ikkje sagtnade av med Strengheiti. I kaldaste Vetteren¹) let dei Ungdomen stundom slaast naken, og likeeins var dei nakne i dei offentlege Stridsleikar. Dei lærde elles aa taka Tak, bruka Vaapen, springa fort og lenge, symja og allslags Idrottar, tola Slag, tola Svolt og Tyrste, Varme og Kulde. Namngjeten er den spartanske Vyrdnad for dei gamle. Um det var Flokkar av Ungdomar, som slost, heldt dei strakst upp, naar det kom ein Gamling. Denne Vyrdnaden for dei gamle høyrde med til Uppsedingi. Det vert fortalt, at ein spartansk Gamling eingong paa dei olympiske Leikar ikkje fann nokon Sess ledig, daa alle Rom var fullsette. Men daa han kom dit, som Spartanararne sat, reis alle upp i ein Fart for den gamle. Heile Forsamlingi undradest og klappad i Henderne. Daa sagde Gamlingen: ”Alle Grækarar vita, kva som er rett, men det er berre Spartanararne, som gjer det”.
 
(Dag).
 
¹) Me maa hugsa, at Talen er um Grekarland.
 

Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum