Eg vil halle meg i Lægde.

 

(Av John Lie)

 

Dei med eit vil upp i Høgde,

Gløyme burt kor dei er borne,

Saumar lange Himmel-vengjer

Innpaa Klæde heimeskorne –

Myrkt og svart dei alting finne,

Sør i Heimen ingen Fagnad,

Rotlaust Tre hev ingen Vokster,

Visne burt vert deira Lagnad.

 

Tannlaus desse Fjuk-upp-Saaler

Paa sitt Tanke-Fòr¹) lyt gumle,

Til Skyflokarne i Høgde

Dei si Skome-Song lyt mumle,

Dei er liksom blinde, dauve

For det Liv som kring dei spilar,

Fjuk-upp-Lengtingsom ein Sjuke

Gjenom Saale deira silar.

 

Men i Lægdeligge Grunnen,

Her i Lægde er me borne,

Her hev Livet sine Røtar,

Her er vaare Klæde skorne.

Vil dei byggje Sanning Kyrkja

Og ”paa Høgd” med Tornetbyrja,

Me vil granske, Virke samle,

Og um Grunnen fyrste spyrgja.

 

Eg vil halle meg i Lægde,

Der so mangt eg ville gjera,

Der til dei i Myrkje site

Vil eg prøve Ljoset bera,

kveike dei som under Oket

Ennaa her so tungt lyt sukke,

Ein og annen Snaave-Steine

Burt fraa Bror mins Vege tukke.

 

Eg vil halle meg i Lægde,

Der eg mangein Blom kan plukke

Der er mattungt Korn aa finna

Um at myki stend i Nukke.

Elskfult lyser mangt eit Auga,

Vent er meire enn me tenkjer,

Gleda likesovisst som Sute

Finnst so vidt som Sole blenkjer.

 

Eg vil halle meg i Lægde,

Litt umsenn eg veks og tognar,

Liksom upp av svarte Molle

Me ser Kornet gror og mognar.

Ned i Moll, so upp i Høgde

Der det fulle Ljoset strøymer,

Lyser upp kvar Skome-Draume,

Som me her i Rædsla drøymer.

 

¹) Fòr = Høy, Buskap-Mate

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum