Ein Selle.

 

(Del 14 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald.) 

 

Det er underlegt med desse Bakslagi, som kjem yver ein. No som eg meinte, at eg hadde gjort ifraa meg alle Ulonur og Vandrider, for alltid, no sat eg i det som aller verst atter. No kom det so tversikkert yver meg, at eg hadde ikkje meir her aa gjera. Fyrr var Ulukka, at eg fekk ikkje Folket med meg, no var det leide det, at dei hekk etter meg som Myhankar. Det Livet, som eg hadde ført i det siste, hadde likevæl havt sitt Verde, det hadde voret ei Spenning med det ifraa den Tid eg tok til aa sjaa kor framand eg tottest vera for Bygdefolket og til den Dag, daa alle hadde gjevet seg yver. Det var verkeleg noko stort i dette soleis aa vinna eit heilt Folk for seg; men no eg var Sigrar, no eg hadde lært dei aa kjenna, no eg hadde soget dei ut, kva hadde eg so meir aa gjera. Inge Vinningar meir, inge Maal, og der det ikkje er Utvikling er det helder ikkje noko aa liva etter. No var eg keid dei, og no vilde eg taka ut. Eg tregad berre paa, at eg hadde avhendat Kuffertarne mine paa so lettvint ein Maate. So bar det til Heidar med meg, der kom eg ut i ein stor Snjokave, vart liggjande verfast i ei Bud og eta upp Nista mi og gruna paa kva eg i all Verden var lagad til. Kom eg her, so var det ulidelegt: kom eg der, so var det likso galet, det var ingen Stad meir for meg til aa vera, eg hadde freistat Livet paa alle Slags Liv, notet det so lenge alt var nytt, men rømt ifraa, naar noko rett tok til aa verta Aalvor. Og no laag eg der og vart sjuk kanskje, so eg maatte søkja Lækjaren. Aa ja um han no hadde set meg, so huglaus og nedsloppen som eg laag, daa hadde det vortet hans Tid til aa vera kar.

 

Ute dreiv kalde Mjelli, og inne stormad Tankar, og gamle Draumar susad i min Hug. No var det liksom nedvelt og burte alt, alt saman.

 

Aa som eg hadde drøymt og vonat i mine Dagar, eg hadde tenkt meg ein Kultur her i Norig, som i Finleik og Kraft skulde leita etter sin Like. Men hjaa dei, som ein helst skulde venta det, vantad det baade paa Kraft og paa Evne, so alt vart upp i tome fine Former, og hjaa dei, som hadde Kraft nok, var alt so grovt, so grovt, og so tomt der ogso. Faafengt til baade Sidur. Var eg ikkje best lagad til aa døy no tru; var dette Livet her paa Jordi noko større verdt aa liva for meg meir tru?

 

Kanskje eg skulde tenkja paa aa ganga i Kloster? Det vil segja søkja ein Post i eit Departement og studera klassisk Literatur og skriva væne Vers med reine superfine Stemningar um dei og vart so fine, at aldri eit Menneskje skynad dei og so njota Livet og meg sjølv paa den Maaten? Elder skulde eg drepa all fin Sans i meg og berre leggja meg paa det grove, slaa av paa mitt Livsfyremaal um aa gjera noko stort her i Verdi og verta som ein av dei andre Bygdefolk baade i Sinn og Skinn?

 

Hadde det ikkje voret so stor ein Snjo, var det ikkje urimelegt, at eg hadde faret som beinast til Byen og freistat det fyrste, men daa Uveret gav seg, var eg berre sæl med, at eg kunne finna Vegen heimatt til Bygdi.

 

Eg var mjuk, daa eg kom attende, tuvreleg og tuskeleg og raadlaus; til meg sjølv hadde eg ingi Tru, og andre Folk, ja dei var ein som alle, eg brydde meg ikkje noko serskilt um dei.

 

Men so var det ei Enkje med tri Born og ein utgamall Føderaadskall nørdst nordi Grendi. Ho var sjuk og sengjeliggande, so ho ikkje kunne arbeida, og dei leid mykje vondt. Som eg gjekk der huglaus, kom eg til aa tenkja paa, at her kann du likesovæl hjelpa til litegrand, som aa ganga slengja, og soleis bar det til, at eg vart Treskjar den Vetteren, forutan at eg køyrde Høy og Ved heim og gjorde alt det Karsarbeid som trengst paa ein Gard. Det var ikkje Spøk, det kjende eg mangei Gong, naar eg vart trøytt i Armar elder Bein og var likesæl, um eg hadde voret langt av Leid. Stundom stod eg so sturen og berre saag burt paa Tunet og imillom att kom det paa meg slik ei Kjæte og Galenskap, at eg song og skraalad, og Flygjelen dansad som han var galen. Men vanleg var eg paa ei god jamn Lune, og Stormotet seig av meg etter Senn, so det vart sjeldnare og sjeldnare Uriderne kom att. For det var noko nytt det eg hadde no, det var Andsvar ved det, og noko slikt hadde eg snaudt voret frami fyrr. Men eg kjende meg sæl med det, innerleg sæl.

 

Og ho, som laag so sjuk, eg vart glad i ho og, det var so saart, og eg stelte med ho og eg talad med ho, og me vart verkeleg Vener. Ho hadde ikkje noko Vit anten paa Religion elder noko slikt, det var berre Fadervaar og nokre Salmestubbar ho heldt seg til og elles trudde ho visst at alle skulde verta salige, naar dei berre kunne nemna Guds Namn og lesa litevetta for seg. Der rødde eg mangt, og eg trur eg gjorde det so godt som nokon Prest. Og elles um Kveldarne og i Kviletidi heldt eg Skule for Borni paa min Maate daa; og i det heile kom eg til aa lika meg so væl, at no fyrst totte eg, eg hadde gjort noko, som var rett Nytte i.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum