[Tidender.] Fraa Voss.

 

Det var daa eg var liti – um eg hadde byrjat aa lesa, minnest eg ikkje – at han Far fortalde meg noko um Josef og Brørne hans. Um at Josef vart seld av Brørom, og at han kom til Ægypten, og kor det gjekk med han der, at Brørne kom til han, men ikkje kjende han atter, og at han paa Slutten fortalde, at han var Bror deira, at han førde Vogner til Faren, og bad dei faa han ned til Ægypten o. s. v. Han Far fortalde alt paa sitt eiget Maal. Eg fekk so mykje til tenkja paa; eg gjekk og saag det altsaman. Daa eg vart eldre og kom i Skulen, skulde eg lyda etter, kva Læraren sa’, hadde dei sett meg til heima. Men det maatte vist vera noko dult, han snakkad med dei eldste Borni um. – Kvifor snakkad han ellest eit Maal, som me ikkje forstod? Eg fekk det Inntrykket, at det var noko dei imillom; og hadde ikkje noko med det. Med stort Stræv lærde eg eit Stykkje i Lærebøkom mine, men sosnart eg hadde tenkt paa eitkvart anna, var det burte atter. Um ei Tid besnad det no litt med Bibelhistorien og Katekisma, men daa eg skulde til aa heva Forklaringi, vart det like tungt atter.

 

Det var ikkje mogelegt aa faa Munntamen, fyrr eg hadde fenget Innhaldet i Hovudet. Soleis var no eg.

 

Men etterkvart, som eg lærde dansk, fekk eg og den Trui, at det var eit mykje grummare Maal enn Vossamaalet. Og daa eg var elleve Aar, trættad eg med Syster mi um, at dansk var eit mykje grusare Maal enn det, me snakkar. Nei meinte ho, det var det ikkje. Ja, men det brukar daa alle gruse Folk, og det stend i Bøkom. Bondemaalet kunne liksogodt standa der, meinte ho.

 

I den seinare Tid hev det komet Paalegg um, at Morsmaalet skal brukast i Skulen. No skulde ein tru, at dette vilde alle Lærarar halda seg etter. Her paa Voss, som me hev Lærarar berre or vaar eigi Bygd, vilde det no vera det aller lettaste. Dei trengde berre snakka sitt eiget Maal. Men nei! ikkje alle Lærarar hev brytt seg um det. Det vert danska like fullt i Skulen enn mangestader. Men kvifor kann ikkje baade Smaaborni og Storeborni verta fortalde og faa fortelja paa sitt eiget Maal, her liksom nedi Harang? Um dei les aldri somykje i Boki; det vert berre ei lærd Lekse; dei kann ikkje forstaa det so, som naar dei fær bruka sine eigne Ord.

 

Det er radt forgale detta!

 

Borni misser so mykje av Lærdomen, naar han kjem til deim paa dansk. Det er gale nok aa ha danske Bøker, um ein ikkje skal faa dei forklarte paa dansk og. Fortel og forklar alt paa Barnet sitt Maal baade heime og i Skulen: ”Fader vor”, Katekisma, Bibelhistori og Forklaring. Den, som ikkje kann fortelja paa sitt eiget Maal, han forstend ikkje rigtig sjølv det, han skal fortelja.

 

Eg trur, at ein Lærar vil gjera mykje meir Gagn med aa fortelja eit lite Stykkje, so Borni forstend det, hell med ei lang Fyretale. Eg hev høyrt hermt etter Provst Smitt. Det var ei Gjenta, som alltid kunne Leksurne sine, men aldri kunne forstaa det minste. ”Det maa være Hestearbeide at lære og ikke forstaa”. Ja, det er nok Hestearbeid. Men er det ikkje Synd aa setja Smaaborn til Hestearbeid?

 



Frå Fedraheimen 31.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum