Ein Selle.

 

(Del 17 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald).

 

Eg skreiv eit nytt Brev til Brunjulfsonen og takkad for det han hadde sendt meg. Men eg sparad ikkje aa lata han vita, kva me totte um han. Eg visste væl, kor lite det kunne nytta aa tala vitugt til ein sovoren Einstape, men Harmen i meg var for sterk, eg hadde ikkje godt i meg fyrr eg hadde gjort det. Dette vert no væl, kor som er, det siste millom oss tvo, tenkte eg, so det er ingen Grunn til aa leggja noko imillom. Eg skreiv alt saman, som eg meinte.

 

Det gjekk lang Tid, som me korkje høyrde elder spurde fraa Brynjulfsonen. Men kor forundrad vart eg ikkje, daa eg likevæl i Postpakken min ein Dag fekk sjaa hans kjende Skrift.

 

Daa det ikkje nett er meg so mykje um aa gjera aa avsanna ein sodan Mann og hans Meiningar – eg tenkjer det er ingen Faare for, at mange skal verta hugvende av han – det som eg vil, er berre at Folk skal faa ut eit Bilæte av sovorne Karar, so vil eg vera so upartisk berre aa trykkja av Brevet utan aa vyrda Sigtingar og Fornærmingar anten mot meg sjølv elder mot Samfundet i det heile, som og vilde verta eit noko seint og vandt Arbeid, daa visst og galet likesom i dei fyrre Brevi er soleis ihopmengde, at det maatte ein skarp Kniv til aa skilja, i di eg likevæl vonar, at det sanne han kann hava aa segja maa finna ein god Jordbotn og at det galne og falske maa skeina av, so at ingen vert lokkad til aa forlata dei gamle kjende Vegjer og gjeva fraa seg den sunne Lærdom.

 

 

Gamle Ven!

 

Trur du endaa, at dine Raader munar paa meg. Trur du endaa, at eg ikkje hev vortet fastare i Sadlen, enn at eg kann ruggast av dine meinlause Grunnar. Denne maggelege, godmætelege Gjerdi di aa taka all Ting, og so dette, at du trur, at eg skal falla av og verta plent som andre Folk, berre eg fekk ei kvendeleg Kone, som kunne gjera Folk av meg – hu du harmar meg no. Du fær meg til aa triva Pennen straks eg hev fenget Brevet ditt.

 

Du trur det um meg, kor mykje eg so skriv, at eg er ikkje anna enn slik ein Selle, som leikar og lunsar som det fell honom løglegt og hev ikkje anten Aalvor elder Moral. Nei ikkje paa din Maate, det var væl; eg kjenner til det. Aalvor det er det same som Pengar, Moral er det same som Ægteskap. Og so skal Religionen vera det heilage, varnande Bandet um desse. Alt som ikkje er av Pengar: alt som ikkje sig i Kne for Gullkalven, det kallar De for Vesaldom. Og i Ægteskabet ligg all Dykkar Moral, utanfor det ingen Vyrdnad, ingen Reinleik, ingen Heilagdom. De set upp eit Gjerde og jagar inn i ei Kvi Par for Par og lyser: her er heilagt, um der er fullt av Ufysne og Ufjelge. Aalvoret Dykkar er Fauk og Fjom, Moralen myglad og morknad. – Og Kjærleiken til Gud og Menneskje, den hev De ikkje Rom til.

 

Anten kokande ”Lidenskaber”, som sender sine Eldkultur til Vers, til dess det stend att ein utbrend Vulkan, elder so dine blide bleike Kjenslur og veiklege Hugdrag med Kosing og Klapping og Kaffe og Familieliv. Nei Gud fri meg fraa alt sovoret. Nei, nei der slær eg aldri av; det er berre ein Ting som er Aalvor, ein Ting som er Moral, og det er Kjærleiken.

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 31.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum