Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 8 av 9. Fyrste delen.)


-74-

 

hadde set han paa Konduktørvogni, ein tridje hadde set han paa ei onnor Vogn o. s. b. Naar dei hadde set Snerten av eit Menneskje, so var det sjølve Kongen.

 

Den, som inkje likte dette Staaket, var Svein Haugen. Han meinte at Jarnvegen inkje var større ”Ovunder”, enn at det gjekk an for alle, som hadde Pengar nok og lite til Hovud aa gjera maken. ”Skulde du ha set so toskutte Folk; dei flyg avstad, som dei er galne. Eg tykkjer det er anna aa gjera no midt i Onni, eg. Det ser ut som det skal vera sist paa dei liver. Dei vert væl inkje noko feitare, um dei fær sjaa Kongen. Han er daa berre eit Menneskje. Og Jarnvegen maa det væl ganga an aa faa sjaa sidan”, sa’ han, naar han høyrde gjetet, kormange hadde reist. ”Eg er meint aa ivegen eg au; men eg vil drygja, til eg fær lite betre Tid. Eg kann væl inkje vera so braafeig”, la’ han støtt attaat.

 

 

Det var um Vaaren att, sist paa Føret. Snoen var som Skum, og Vatnet rann etter Vegjerne. Svein drog ivegen paa Stasjonen. Dei, som saag han, lo, dei, som møtte han, var mest ibeit for Flir. Han gjekk i ei Skinnluve, som var etter Bestefar hans. Ho var høg som ein Tunnesekk, og det var ein Smekk paa ho, som stod mest ei Alen fram. Og so gjekk han i ein fotsid Utanpaafrakk, som var lurvutt og fæl, og drog ein lang Skikjelke med ein liten Sekk paa; bak i Kjelken hadde han bundet Hunden sin.

 

Daa han naadde solangt, at han fekk sjaa Stasjonen, gjekk han inn paa ein Gard og bad um aa faa setja att Hunden og Kjelken ei Rid. ”Eg er meint aa reisa eit Stykkje med Jarnvegen i Efta. Og daa vil eg snerta meg burtyver og tala med dei fyrst”, sa’ han. – ”Skal du fara med Jarnvegen i dag, so fær du nok ta med Tyet no, ellest vert det for seint. Det er ’kje lenge fyrr Trænet skal vera paa Stasjonen”, svarad mannen. – ”Nei um eg gjer, - dreg med Tyet burtyver Elvi, fyrr eg fær tala ved dei.

 

 

-75-

 

Vert me forlikte um Prisen, so snerter eg meg snart hityver att”, meinte Svein. – ”Det er fast Pris der, so det gjer ingen Mun aa pruta”, sa’ Mannen, ”og so hev du inkje att lang Rid aa gjera paa”. – ”Dei kann daa inkje vera verre, enn at dei ventar eit Kvarter for ein Pokker’n, naar eg bed um det. Dei, som køyrer Jarnvegen, skal aat Byen til Kvelds, og dit er det same um dei kjem ein halv Time fyrr elder seinare”, meitne Svein og la’ iveg. Daa han kom nære Stasjonen, ylte Trænet og gjekk. Svein lyfte paa Luva og skreik, at dei skulde venta til han fekk tala ved dei; men daa det inkje munad noko, gjekk han inn paa Kantoret og til aa bruka ein skamlaus Kjeft, so Stasjonsmeistaren laut jaga han ut.

 

Daa han kom attende, spurde Mannen korleis det gjekk. ”Gjekk”, svarad Svein sint. ”Eg skal læra Dykk Snørfantarne ein annan Dans, naar eg kjem att sidan. Det kann dei vera sikre paa. Dei skal inkje faa gjera, kva dei vil. Eg lyfter nok inkje paa Luva for desse blanke Knapparne meir”.

 

Dagen etter drog han utyver med Kjelken sin og Hunden. Han hadde smidt noko Smaatt, som han vilde selja paa Turen. Daa han hadde selt Sakerne sine, kaupte han att noko Varur, som han sende med Jarnvegen. Sjølv gjekk han uppyver att.

 

Daa han kom paa Stasjonen og skulde henta Varurne, var Døri til Venterome stengd. Svein ringde paa Klokka lite, so lydde han, men høyrde inkje noko. Daa tok han til aa ramla det meste han var Kar til. Det munad. Døri spratt upp og Stasjonsmeistaren kom drivande so det stod etter’n og spurde: ”Kva er det du fer med?” – ”Eg vil varsla”, svarad Svein og drog Skinnluva nedyver Øyro. – ”Det er eg og ingen anna, som skal ”varsla” med Klokka”, sa’ Meistaren sinnad. – ”Eg meinte eg skulde varsla eg au, um det, at eg kjem og skal henta Varurne mine”, meinte Svein og saag paa Klokka si. – ”Det er fem Dalar i Mulkt for aa røyva Bjølla”, sa’ Meistaren og morskad seg upp. Svein vart nok leid. Han lyfte paa Luva og sa’ fint: ”Um Forlates daa høge Mann med blanke Knappar og Snorer kring Luva, som er Meistar yver Stasjonen. Eg meinte Klokka hekk der paa den Maaten, at eg skulde syna deg Respekt med ho, eg”. Stasjonsmeistaren flirde, snudde um og fann Svein Varurne. So skulde han kvittera. – ”Eg er diverre inkje so god, at eg kann skriva Namnet mitt”. – ”Ja so fær du ta’ i Pennen”. – ”Du fær læra meg, korleis eg skal ta’ i’n du daa”. – ”Ta’ i’n korleis du vil”. - - So var han ferdug og fekk ganga. Dei fem Dalarne høyrde han inkje meir gjetet, og glad var han.

 

 

Siste Vintren, han livde, var det mykje attaat daarlegt med han. Han fraus og svalt og var jamleg sjuk. Sume Gonger var han inkje Kar til aa koma utum Stogedøri. Han hadde væl umkomet au, hadde inkje Grannarne hans paa Vestsida hugsat paa’n; men dei saknad han snart. Var det eitpar Dagar dei inkje saag han hjaa seg, so viste dei, at det var noko um aa gjera. Daa laut nokon ganga burtyver for aa sjaa korleis det var. Dei tykte, dei kunne inkje anna gjera, endaa dei var harme paa’n, fordi han inkje vilde ha nokor Hjelp av ”Kassa”. Han aatte sjeldan Ved og aldri Mat. Det laut dei daa hjelpa han med. Sume Tider var det so kaldt inne i Stoga hans, so det var plent som aa koma inn paa ein Laave. Daa laag Svein paa Høvelbenken mest stivfrossen med nokre fillutte Sekkjer under seg og Reinskinnmudden yver seg. Dei kunne inkje vita, um han var levande elder død, naar dei kom inn, daa han laag der ihopkropen og inkje røyvde ein Led; men daa dei tok til aa ramla, so han høyrde det var Folk inne, stakk han fram Hovudet og bad um dei vilde gjera upp Varme.

 

Eingong han var svært daarleg, sende han Bod paa Thor Rabben, Skulemeistar hadde voret, Fatikforstandar no var. Han skulde ta med seg Papir, Blekk og Pen og koma aat honom so snøgt som mogelegt. ”Det er væl mindre Von um eg kjem paa Føterne meir”, sa han, ”og daa er det godt aa ha’ gjort reine Greidur, so det inkje vert noko Krangel og Spetakkel etterpaa. Me saag koss det gjekk upp paa Bakkgardom”.

 

 

-73-

 

eit Stykkje burtanfor. Han spenner upp, tek Sikte og er ferdug til aa klemma paa. I same Augneblinken fekk Svein sjaa dei. Han flyg i Byrsa aat Professoren. Skotet gjekk av, og Kula tok Marki, so Sand og Smaastein sprutad framfyre Føterne hans. ”Aa din stygge Glafs, gjekk du inkje paa det du skulde vera Læregut og inkje løysa Skot, fyrr eg sae det. – Kom med Reikneskap paa Flekken. Det er inkje meir aa akkordera paa!” skreik Svein raud av Sinne. Professoren reiv upp Pengeboki si, tok upp tvo Dalar aat Svein og takkad for Laget.

 

 

XIV.

 

Det var fælt til Staak uppe i Fjellbygdi. - Jarnvegen gjenom Østerdalen var ferdug og skulde opnast. Fraa tidlegt um Morgonen til langt paa Kveld talad dei inkje um stort anna enn dette store ”Ovunder”, dei hadde høyrt so mykje gjetet, men inkje set. Ingen kunne skyna korleis Folk var i stand til aa finna upp slikt. Ja, det var og dei, som var sikre paa, at det inkje laag i Menneskje si Magt aa gjera alt, som var gjort der, og at den, som hadde voret Meistar yver Arbeidet, inkje kunne koma paa beste Stellet etter Døden. Verdi stod inkje mange Aar. Det var sikkert; for det var alt set digre Berg og mykje anna i Maanen, og det vilde snart verta eitkvart, som inkje skulde vera, aa sjaa i Soli og Stjernurne au.

 

Dei, som hadde Raad til aa koma so langt, lagad seg i stand for aa fara den fire Mil lange Veg til næraste Stasjon for aa sjaa Jarnvegen og Kongen, som skulde køyra paa’n daa. – Det var ei liti Amerika-ferd for dei, som snaudt hadde voret utan um Bygdagrensa si fyrr. Alle so hadde dei mykje aa fortelja, daa dei kom att. Dei gilde Bygningarne paa Stasjonen hadde dei set, Jarnvegen hadde dei set og Kongen – hadde dei set – det var dei au sikre um alle saman, endaa Trænet foor radt framum Stasjonen og inkje eingong saktnad. Ein hadde set Kongen paa Maskina, ein annan

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 31.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum