[Tidender.] Avhaldssaki

 

 

hev voret framme i Stortinget. Det var eit Framlegg fraa Chr. Johnsen um Brennevinsloven. Komiteen hadde innstelt, at Saki skulde sendast til Regjeringi. – Løvland  vilde, at Regjeringi skulde senda til Heradsstyri og spyrja kva dei meinte det skulde gjerast. – Akre  sagde, at korkje han elder dei andre Avhaldsmenn i Tinget kunne vedtaka dette Framlegget, daa det saag ut til aa vilja forbjoda Brennevin berre, men lata Folk aa drikka so mykje meir Øl og Vin. Han vilde hava eit visst Maal av rusande Drykk, som skulde gaa i Handelen, og at det skulde fredlysast for Drykk slike Stader, der Folk hadde Forretningarne sine, t. D. Jarnvegstasjonar og Dampskip. – S. Nielsen  hadde Tvil um Nytten av Tvangslovar, endaa han heldt Avhaldsarbeidet all Pris verd. Men det kunne ikkje Ullmann  segja; han vilde ikkje vera med og taka noko ifraa Folk, som dei ikkje sjølve vilde sleppa. Han tok i det heile hardt paa Avhaldsmennerne, fordi dei trugad med aa bruka Magt, sosnart dei fekk Fleirtal for seg. Han vilde hava, at det skulde vera fritt for, um nokon vilde drikka seg drukken, endaa han for sin del ikkje vilde nytta ein slik Fridom. Naar ein gjorde Forbod mot sterk Drykk, so tok ein burt Andsvarskjensla i Folk. Det var sagt i Amerika, at det var betre aa hava eit Folk av Drikkarar etter fri Vilje, enn eit Folk av Avhaldsmenner ved Tvang. Det var sterke ord, men dei var sanne, for det laag ei tusind Gong større uppdragande Kraft i den frie Utvikling ved Aandens Midlar enn den, som ein freistad aa faa ved Magtord. Han trudde, at den Rørsla, som no var uppe i Avhaldsarbeidet, kom av dei klene Pengetider, han var rædd for eit Bakslag, naar Tiderne kom upp att. – Sørensen var den, som hardast hevdad Avhaldssaki, naar ho vart dømd paa ein slik Maate, som han no hadde høyrt, so meinte han, at det var all Grunn til innanka Saki for heile Folket. Han meinte, at det var paa same Maaten med Lovar imot sterk Drykk som imot Gift, kunne ein forbjoda aa selja det eine, kunne ein gjera sameleis med det andre. – Wexelsen  meinte, at Avhaldssaki no stod paa Skilevegen. Her var no tvo Meiningar millom dei. – Sørum hadde talat imot Forbodslov, men Sørensen hadde talat til. Talaren meinte, at var det noko godt i Avhaldssaki, so burde ein ganga fram med fritt Arbeid i Kjærleik. – Statsministar Sverdrup  vilde halda seg til den praktiske Sida av Saki. Avhaldssaki meinte han hadde so mykje paa seg, at det var fullkomeleg verdt for Regjering og Storting aa tenkja etter. Det hadde komet sterke Ord imot Tvangslovar og um at det vart lagt Mein for den personlege Fridomen. Men han trudde likevæl, at Samfundet maatte hava Rett til aa verja seg imot det, som førde Ulukke og Vesalldom utyver Landet. Det var væl so, at Prinsiparne skulde rettleida oss, men den som reid for hardt paa dei, kunne snart koma til aa rida lukt inn i Bakstrævet. Det var mogelegt, at dei vilde kalla Talaren ”gamaldags”, naar han sagde, at det var god Meining i ”lovbunden Fridom”, men han trudde lilkevæl, at det var Rett aa verja um seg og sine ved gagnlege Lovar, Samfundet hadde baade Rett og Pligt til aa verja seg imot store Samfundsmein. Han fann det rimelegt, at Regjeringi fekk Paalegg um aa granska den Saki, og han hadde helder ikkje noko imot, at Heradstyri fekk segja si Meining. Han vilde ikkje hava Forbodslovar endeleg, men vilde helder ikkje lata alt greida seg sjølv. Han vilde fylgja Midelvegen, ”Gjennemsnitsviljen, Gjennemsnitsønsket og Gjennemsnitsmeningen” var det, som ein skulde regjera paa; for hadde ein dei imot seg, so vilde ein snart verta støytt ned. – Ullmann likad ikkje dette, han heldt meir paa Mindretalet, som stridde til det kom i Fleirtalet, sagde han, enn den ”gyldne Middelvei”.

 

Det vart samrøystes vedteket aa senda Saki til Regjeringi.



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum