[Tidender.] Det hadde voret betre,

 

at dei hadde tagt seg iaar Høgre og ikkje latet upp Munnen imot Maalsaki. For dei gjorde det kleint. Hadde dei voret fullkloke, so hadde ikkje Schøyen komet med Framelgget sitt, men det manad Folk ut, so ein fekk sjaa, korleis Stemningi var lagad.

 

Dei burde hava tagt seg, segjer me, so hadde dei kunnat sparat seg det, at Folk fekk sjaa, kor alle Grunnarne imot Maalsaki no hev siget i hop og mist Krafti si.

 

Det er komet til det no, at Høgre hev paalag same Syn paa Maalsaki, som Stordelen av Vinstre fyrr.

 

Men Vinstreflokken hev skridet fram, med Johan Sverdrup i Fyreenden, og vil at heile Bibelen skal koma paa Norsk, so Folkemaalet vert brukat ifraa Lindesnes til Nordkap.

 

Fyrst var det berre Prøvestykkje av Bibelen som skudle umsetjast; no hev det norske Maalet stadet Prøva, og heile Vinstre og mange av Høgre er samstelte paa det, at ein skal ikkje slutta, fyrr me hev Bibelen paa Norsk.

 

Berre Søren Jaabæk hev vortet for gamall; han hev ikkje fylgt med Utviklingi, som stend saman med dei 18 utvalde Høgremenner.

 

I fjor gjorde Maalsaki slikt eit Sigerstak i Stortinget, at ein kunne ikkje drøyma um meir; heile Vinstre kravde full Rett aat Maalet. Og iaar kjem og dei beste av Høgre og kann ikkje anna enn stydja Saki, ja sjølv fraa dei 18, som var imot, fall det slike Ord um norske Maalet, at ein kjenner, at her er ingen Motstand meir.

 

Kvarhelst var Hertzberg tru? han som hev faret baade i By og Land no i lange Tider og talat um ein ”Feil” ved Landsmaalet, nemleg, at det ”er ikke til”. Kvifor kom han ikkje fram med Talen sin no? Han gjekk nok og skreiv og grunad. Men han vaagad seg nok ikkje til der Stakaren. Han hadde funnet Gutar, som hadde slipat han, hadde han komet der. Me vaagar han ikkje likad seg Hertzberg, daa han høyrde at ein Høgreprest jamvæl, Holm, talad for Maalarbeidet.

 

Stang kunne ikkje dy seg, han forstod kor ille dei hadde stelt seg, som hadde slept seg inni ein sodan Maaldebatt no igjen, han forstod kor ille dei hadde faret.



Frå Fedraheimen 07.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum