Ein Dag paa Støylen.

 

(Del 1 av 2.) 

 

Det var ein Sundagsmorgon. Eg var trøytt av Reisa, daa eg lagde meg um Kvelden, men likevæl vaknad eg, daa dei fyrste Solstraalurne blanke og blide kom snøygjande inn gjenom Glugget yver Sengi og foor liksom smeikjande burtyver Andlitet mitt. Fuglarne song alt ute paa Steinarne, Sauderne og Lambi, Gjeitarne og Kjedungarne hadde byrjat sin vanlege Leven med Blarring og Blækting, og Kyrne rautad og ringlad med Bjøllurne sine, medan Budeigjurne skraalad med Ryngjurne og haukad og lillad ute paa Støylen. Og so stangad det i Veggen og riklad med Døri, so det var ’kje Raad til aa faa sovna atter. No kom det atter eit dundrande Slag, so Vidjehempa sprang, og – Blakken kom stingande med Hovudet sitt inn gjenom Døragapet, saag fyrst burti Sengi til meg og gav seg so til aa slikka Saltmolarne paa Tufti. Han tøygde seg lenger og lenger og steig tilslutt inn med baae Framføterne; men daa maatte eg upp og jaga honom ifraa.

 

Eg klædde paa meg og gjekk ut paa Støylen. Aa kor fint Ver, det var daa den Dagen! Himmelen var so rein og so blaa; du kunne ’kje sjaa so mykje som eit Merkje til Sky. – Vatnet laag so blankt og so stilt; berre Solstraalurne foor leikande burtyver den speglglatte Flaten og lyste ned i det myrke Djup. Elvi, som rann frammed Støylen, smøygde seg stilt millom Steinarne, berre klukkad noko smaatt ender og daa, sveivde seg sume Stader i avlange Ringar, tok med seg eitkvart lett Sandkorn elder ein Klatt med Mold og gleid so vidare, medan einkvar Auren som eit Ljon skvette seg burtyver Straumen. Fossen nede ved Vatnet gjekk med sin vanlege dumbe Dur og skvette ein mengde smaa Vatsdropar upp i Lufti, der dei møtte Solstraalurne og kom so nedatter som ein Regn av Perlur og Gull. – Buskapen sankad seg i Krullar kring Budeigjurne for aa faa ei Klype med Salt, fyrrenn den skulde av Støylen. Og so bar det avstad. Kyri, med ”Gullros” i Fyreenden, gjekk vyrdnadsfulle, med lange og stive Stig, tok einkvar gasta Bit og gjekk so tyggjande eit Bil, snudde seg um og gav einkvar Villbasse av ein Stut elder Kalv ein vælmeint Støyt med Horni elder gav seg stundum til aa standa og rauta i ”vilden Sky”, til dei fekk eit Slag av Eineren; so bar det atter avstad. Smaalambi og dei vesle Kjedungarne gjorde slike lentuge Sprett og dansad burtyver Steinar og Tuvur, medan ”Blaamann” ruggad fyre, snudde seg stundum um paa Bakføtterne elder gjorde nokre svære Byks upp paa høge Steinar, der han so stod med sitt lange Skjegg og saag seg byrg ikring som ein Konge.

 

Men no snudde Budeigjurne og gjekk inn i Buderne for aa stella til Maten for ”Heimefolket” og Borni, som visst enno laag og strekte seg paa Boset i den eine Kanten av Tufti. Og daa den friske Fjell-lufti og Angen fraa Blomarne og det fine Graset hadde vekt Mathugen min, so gjekk ogso eg inn for aa høyra kva Anne hadde aa bjoda. ”Ja, kva vil du no hava?” sagde ho. ”Aa, eg tenkjer det fær vera Rjomegraut”, svarad eg; ”for, ser du, den Rjomegrauten hev eg støtt likat so svært. Han er so fin i Smaken og so mjuk som Silkje i Munnen”. Og Anne til aa koka Rjomegraut. Det rauk slik av Eineren, at eg tenkte, eg vart blind; men so saag eg berre nedi Gryta, kor godslegt det puttrad og saud, og so turkad eg Augnavatnet av Kjakarne og blundad atter imillom. Aa du, kor det smakad! ”Ja, no maa du ’kje foreta deg”, sagde Anne og lo. ”Aa eg sprekk ’kje so snart”, meinte eg og heldt paa og sleivad i meg med Tresponen.

 

Det var fleire Gutar og Gjentur med paa Støylen den Dagen, og me hadde samraadt oss um, at me vilde ro yver Vatnet og taka oss ein Tur uppi paa ”Gruvlenuten”. Ja, daa me so hadde etet og stelt oss til med Niste til Ferdi – kvar sin ”Ystegris.”¹) inkje aa gløyma – so lagde me avstad. Og det var Laatt og Leven forutan all Ende. Praamen, me skulde ro oss yver i, var so gamall og roten, at Vatnet pipad inn imllom kvar Tilja, og gamle Gunnar Vik, som ogso var med, bad oss difor fara varlegt aat; men Ungdomen bryr seg ’kje um rotne Praamar, maa vita, naar det berre kann verta Gaman av.

 

Me rodde yver Vatnet, og alt gjekk væl. Men daa me nærpaa var komne tillands, skulde eg flytja meg ut paa Kanten av Praamen, men kom hosta langt med ”Tyngdepunktet” og – ”stupte Kraake” like ut i Vatnet. Hu, kor eg tæste! Og so kaldt og djupt som det var! Det tok til aa draga mot Avgrunnen, men daa kom det ei hjelpande Haand, og so var eg frelst, men vaat som ei Bikkje. Ja, ja. Er du gamall og klein, so kann det vera spelegt nok aa faa slik ei Laug og ganga vaat heile Dagen; men ein frisk Fjellgut vyrder det inkje stort. Han tenkjer som so, at han ”korkje er Sukker elder Salt?” Og slik var det ogso med meg. Me lagde tillands, drog Praamen upp paa Strondi og tok so til aa kravla uppigjenom Nuten. Men daa me var komne eit Stykkje uppetter, tok me til aa velta. Aa du store Syn, kor Moro det var! Me lagde oss paa Ryggjen, sette Herdarne mot og spende laus Steinar paa fleire Hestelass, som daa rullad nedyver og slog laus Torvur og Stein, hoppad høgt upp ifraa Berget og dunde seg nedpaa atter, so det tyktest dirra i Nuten, og gauv so tilslutt like paa Vatnet, so Spruten stod høgt uppi Lufti. Og so hjelpte Gjenturne oss med Steinar, som var altfor svære.

 

Endeleg kom me daa upp paa Nuten. Høgst uppe er det ein liten Flate, og der stend det ein høg Varde, som ein kann sjaa vyer ei Mil. Aa, kor her var friskt og lett og leikande! Ei lett Luftning strauk yver Andlitet og og gjorde Gjentekjakarne til blømande Rosur. Og so’ glittrande Snjofonner og blenkjande Fjellvatn kantad med grøne Band, Aaer og Passar, Nutar og snaude Skorv og so Fjelltindar stingande som Kjempenasar ut or dei dei vilde Djuv so langt Augat kann naa.

 

Mot nordvest stod ”Folgefonnen” i Himmelsyni glimande som Sylv, og beint mot nord stakk ”Vasdalseggi” og fleire Tindar paa ”Hardangervidda” upp yver dei andre Nutarne. Mot Aust saag me ”Tinnfjell” (Gausta) aa hevja si randutte Kaapa og so mot sud atter dei sigande Heidarne so langt, til dei og Himmelen tottest fljota i eit. Og nærmare saag me Støylarne liggja som grøne Flekkjer nede ved Vatnet. Røyken steig fraa tænde Skorur elder og or Ljaaren paa dei smaa Buderne, krullad seg i Ringar upp gjenom den klaare Lufti og kom so burt for Synet høgt uppe i det bleiknande Blaa.

 

Smaafeet drog seg i Flokkar ut yver Heidarne, medan Kyrne sume Stad stod ute i Vatnet, daa ”Kleggen” var helder leid i Hiten i dag. Ender og daa høyrde me eitkvart Bjølleljom elder og ein fin Lill fraa ei av Budeigjurne, som var ute for aa sjaa etter Buskapen; ellest var alt so stilt, so stilt.

 

Beint fyre oss, paa den andre Sida av Dalen stod ”Gyyri” og ”Rysen”²) og saag trugande ned ifraa Fjellet; men dei er ’kje faarlege no, Trolli, for eg hev endaa setet paa Hovudet deira.

 

Og so leikad me paa Nuten. Me slog paa Ringen, ”bytte set” og song ”Hu hei! kor er det vel friskt og lett uppaa Fjellet”. Og so hoppad og dansad me kring Varden som smaa Kjedungar.

 

Men no hadde me fenget Mathug, og so maatte ”Ystegrisarne” fram. Og Gjenturne hadde Mjølkeflaskur med, so betre Maal hev eg aldri fenget. ”Aani, no et Stor-Olav upp min Gris au”, tutrad vesle Signe, som fylgde Syster si, ho Joronn, og no lagde alle Gjenturne um han Stor-Olav, som maatte ut med det, som var atter av ”Grisen”. Men no fekk han i Mjølkeflaska og tømde ho i ein Sup. ”Aa, dit Beist du er!” skjelde Signe atter og klemde til honom med ein Mosedott like i Synet. Dei andre Gjenturne kom til, og no fekk Stor-Olav slike Kulur, at han maatte paa Floget nedyver Bakkarne.

 

Eg undrast paa, korleis Tussarne i Kvine liver no”, sagde eg; eg vilde faa gamle Gunnar paa Glid. ”Ja, du maa so segja”, sagde han og velte paa ei gasta Tugge; ”eg hev ’kje høyrt, at nokon hev set dei no i den seinare Tidi. Dei hev nok flutt, skal du sjaa, sidan Lars kom der med Drifterne og Bikkjurne sine; dei likar visst ikkje slikt Leven. Ellest syner dei seg inkje no som i gamle Dagar (han sukkad); Folk hev endaa vortet so kloke no, at dei trur ’kje paa slikt. Men no skal eg fortelja dykk noko, som hende meg sjølv eingong (han tok seg ei ny Tugga or Daasi). Det var endaa den Sumaren, daa Anne laag sjuk, som De veit. Ja, eg skulde av og leita etter Hesten, og so gjekk eg nettupp yver den Myri, som De kann sjaa der burtanfyre Vatnet. Daa fekk eg høyra ein Gjentelill so væn, at eg aldri hev høyrt Maken. Eg glaapte kring meg, men kunne ingenting sjaa. Men so tok eg paa meg Beitslet, som eg bar i Haandi – ja, for De veit, ein kann sjaa mangt gjenom det, som ein ellest inkje kann sjaa – og daa sat det ei Gjente paa Haugen, so raudleitt og væn, at det lyste av henne. Og kringum Haugen gjekk det ein Buskap so feit og gild, at - - og Budi og Støylen, ja eg saag det alt saman so væl; for det var midt paa ljosaste Dagen. Men so var det som Rædslen tok meg. ”Nei, ka Jøsses Namn er dette for noko?” sagde eg til meg sjølv. Men med det same eg sagde ”Jøsses Namn”, daa kom det burt alt samen.

 

Gunnar var komen paa Glid no og vilde halda paa med Tussesogurne sine. Men daa kom vesle Signe burt til honom. ”Nei kann du skyna, kva det er, som gjeng burtunder ”Gyyri”, Bestefar?” sagde ho. Me saag alle burtynder ”Gyyri”. ”Jamen er det ein Bjørn”, sagde Gunnar, ”og det regtig eit gasta Troll”, lagde han til. ”Han hev inkje gaatt os enno; for han kom visst tvertyver Ribben”, sagde eg og kraup attum ein Stein. Dei andre gjorde likeeins, og so laag me slik og saag paa honom. Han kom ruggande nedyver ”Grøe” ³), stansad ender og daa, sette nasa i Veret og glodde ikring seg, beit so av noko ”Turte” og ruggad atter elder gjorde nokre Bysk upp paa Steinar og Smaatufser, so Ragget lufsad um honom. ”De skal sjaa, det er det stygge Beistet, som hev haldet seg med Nuten isumar og drepet Geitarne hans Svein”, sagde Gunnar. ”Hadde eg no berre Rifla mi, so skulde eg hava gjevet honom ei Kule like i Skallen”. Men no hadde inkje Gunnar Rifla si, og det leid med Dagen, so me maatte sjaa til aa koma avstad. Eg reiste meg upp og sette i med eit gasta Ljo. Bjørnen hivde paa Hovudet. So eit til, og han gjorde eit Par Byks uppatter. Men so kom han vel ihug, at det var Skam for ein Kar som han aa ryma; for han snudde seg atter og gav seg til aa glo paa oss. Men so tok me til aa hauka alle saman, og daa luskad han endeleg burtyver Heidi.

 

(Sluttar.)

 

 

¹) ”Ystegris” er ein Klump med Ost, som vert teken beint upp or Ystegryta.

²) Tvo store, kvasse Steinar, Segni fortel, at Soli rokk ”Gyyri” og ”Rysen” der paa Fjellet, og so vart dei til Stein.

³) ”Grøe” elder ”Grøde” er ein Bakke under eit Fjell, med mykje saftig Gras, serleg ”Sure” og ”Turte”.

 


Frå Fedraheimen 07.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum