Kvinnesaki.

 

(Or eit Stykkje i Dag.)

 

Fraa den Tidi, daa Norig var sambandet med Danmark, ei Tid, som i mange Maatar var so ulukkeleg for vaart Fedraland, skriv seg ogso den umyndige, ja i sume Stykkje rettlause Stelling, den norske Kvinna like til dei seinare Aar hev havt.

 

I Kristian den femte si norske Lov vart det nemleg fastsett, at alle Kvinnur skulde vera umyndige. For den ugifte Kvinna korad Øvrigheiti ut ein Formyndur, og utan hans Lov kunne ho ikkje raada vyer ein Grand av Eigedomen sin. Gifte ho seg, var Mannen Formyndaren hennar, og fraa den Stundi hadde han etter Loven Rett til aa styra med Kona sitt Gods, som han vilde, og den same Retten hev han den Dag i dag. Dette, at Mannen slik eig alt, Kona ingenting, kor mykje ho enn hev ført inn i Ægteskapen, hava dei gjevet det vakre namn ”Sameige”, eit Namn, som høver fælt lite, der den eine Parten er gjord umyndig. Ein Mann kann øyda Kona sin Eigedom til siste Øre, ho kann ikkje hindra den Ulukka., ho ser koma yver seg og Borni sine utan med aa gripa til so fortvilt ei Raad som aa faa Mannen gjort umyndig elder skilja seg fraa honom, tvo Utveger, som er av dei Slag, som Kvinna skyr i det lengste, og som ho aldri vil prøva, um ho hev ein Gneist av Kjærleik til den Mann, som ho hev bundet seg til.

 

No kann nokon segja, at ei uforstandig, utøydsam Kona lika so lett kann setja Yverstyr Mannen sin Eigedom, som han hennar. Og det er nok dessverre altfor sant. Men, der er daa den Skilnaden, at det er ingen Lov, som hev gjevet Kona Rett til aa gjera slikt; ho kann ikkje med Loven i Hand tvinga Mannen til aa gjeva henne Pengar til Faanytte.

 

Fraa vaar gamle Lov gjekk det likevæl inn i Danskekongen si Lovbok ei Fyreskrift um, at ein Mann ikkje hadde Rett til aa refsa Kona si; det var tillatet etter baade dei danske, svenske og engelske Ægteskapslovar.

 

Ingi Kvinna fekk driva Handel elder Handverk; ho kunne ikkje syrgja for seg sjølv paa annan Maate enn ved aa tena.

 

Ei Dotter maatte berre erva Halvparten so mykje som ein Son.

 

Soleis ogso no, at Loven stengde henne ute paa alle Kantar; ho var i Sanning Samfundet sitt Styvbarn.

 

At ho so lenge utan aa klaga, men visst ikkje utan aa sukka, kunne finna seg i dette, er underlegt nok. Men so lenge hadde dei preikat um, at ho var skapt for aa underordna seg Mannen, at ho burde tegja og lyda, at ho væl sjølv tenkte, at det skulde vera slik, og ein heil Hop Kvinnur hadde ikkje Tid til aa tenkja, dei arbeidde, stridde og døydde; dei visste, at ein Ting var sann, og det var, at denne Verdi var ein Jammerdal, og at ho vel aldri vilde verta ljosare og betre. -

 

Men i dette Hundradaar er det rundt um i dei siviliserade Landi reist ein kamp for Kvinna sin Ret. Ædle Menn og Kvinnur hava vigt Livet sitt til denne Striden, og Frugt av Arbeidet deira kann me no sjaa paa mange Leider. Amerika og England, der dei styggharde Ægteskapslovar maatte harma Menneskjevenerne, var dei Landi, som gjekk i Fyreenden. I Fyrstningi vart denne Saki som so mykje anna godt møtt med Hæding og Spott; og me minnast væl, ein og kvar, kor spottande dei for nokre Aar sidan talad um ”Kvinneemmancipasjonen”. Men ei stor Sak døyr ikkje av vonde Ord elder speande Laatt; og ei rettferdig Sak maa vinna; ogso her stadfestar seg Diktarens Ord: ”Sandheds Sag seirer kun i Nederlag”.

 

Den Mann, som meir enn nokon annan hev arbeidt for Kvinna sin Rett, er Engelskmannen Stuart Mill, hans uthaldande og modige Arbeid hev no boret vakre Frukter. Men daa Forslag um, at den gifte Kvinna skulde vera myndig og soleis fullt raadig yver sin Eigedom, fyrst vart framsett i Englands Parlament, vart det med Haan forkastat av baae Husi. Nokre Aar etter vart dessimillom eit stort Umslag i Meiningi um desse Ting. No er hennar Myndigheit fastsett ved Lov, og den gifte Kvinna i England raader no, som ho sjølv vil, yver alt ho eig, anten ho hev fenget det ved Arv, elder ho hev fortent det ved noko Arbeid. Det same er Tilfellet i Amerika.

 

Paa same Tid er det i mange Land opnat Kvinnur Tilføre til aa utdana seg ved Universiteti, og mange Hundrad Kvinnur arbeida no som Lækjarar baade i Amerika og England og i Sveits, Russland og fleire andre Land.

 

I vaart Land er det ogso i det seinare gjort noko for aa hjelpa den ugifte Kvinna fram: men det hev gjenget so smaatt umsenn, at det hev ikkje vakt nokon Strid. – Det var ei lang Stund, at dei meitne, at Kvinna ikkje dugde til noko Arbeid, som det trengdest Aandsevnur til. Hennar sanne Uppgaava var aa verta gift, og den Kvinna, som ikkje naadde det, ja, ho var no ein ulukkeleg Skapning, som ikkje hadde noko stort aa liva for.

 

Men i dette Landet er det 40,000 fleir Kvinnur enn menn, og difor maatte Samfundet gjeva desse mange Kvinnur Høve til aa syta for seg sjølv paa ymse andre Maatar enn nettupp ved aa tena for Brødet sitt.



Frå Fedraheimen 07.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum