Ordskifte i Tinget um Maalsaki.

 

Det rauk upp eit Ordskifte um Maalsaki paa dette Tinget ogso.

 

Det galdt Bibelumsetningi paa Norsk. Komiteinnstellingi um dette lydde soleis:

 

Til det norske Samlag bevilges til Prøveoversættelser af nytestamentlige Skrifter paa Folkesproget, foruden hva der maatte være i Behold af tidligere Bevilgninger, for Budgetterminen 1886-87 Kr. 1000 paa betingelse af, at Oversættelserne, inden de udgives, bliver undergivet en Bedømmelse, som Kirkedepartementet finder betryggende.

 

Schøyen sette fram eit sovoret Framlag:

 

Til det norske Samlag bevilges til Prøveoversættelser af nytestamentlige Skrifter paa Folkesproget, hva der maatte være i Behold af tidligere Bevilgnigner paa betingelse af osv.”

 

Meiningi med dette var, at dei no skulde slutta med aa gjeva Pengar til Bibelumsetningi, naar dei hadde brukat upp dei Pengarne, som var gjevne fyrr, dei var det ingen, som vilde negta i Komiteen helder, upplyste han um. Han fortalte, at i alt var det no gjevet 7200 Kr. til Bibelumsetningi, nemleg i 1881 1000 Kr., i 1883 3200 Kr. og i 1884, 85 og 86 1000 Kr. kvart Aar, og av desse 7200 Kr, var det att ubrukat 2400 Kr., Samlaget hadde soleis ikkje brukat 1000 Kr. um Aaret.

 

H. E. Berner  kunne upplysa um, at Romarbrevet, Luaks og Markus’s Evangelium var utgjevne. Mathæus Evangelium var ferdig til aa trykkjast, at Apostlarnes Gjerningar og 1ste Korintherbrevet var under Arbeid og dette Verket vilde krevja 2200 Kr. Naar denne Summen vert dregjen ifraa det som var att (dei 4200 Kr.), so fekk ein 2000 Kr. igjen. Til næste Aar vilde det trengjast 3000 Kr., og naar der iaar vart gjevet 1000 Kr., so fekk ein snarare for lite enn for mykje. Um ein vilde, at Saki skulde gaa i same Spor no som fyrr, so maatte ein halda paa Innstellingi. Aa faa det nye Testamente, som var umsett paa mest alle Tungemaal, umsett paa Folkemaalet, det var ei Sak, som han meinte serleg maatte liggja Nasjonalforsamlingi paa Hjartat. At Umsetningi ikkje skulde hava Lyte, var formykje aa krevja, der kunne soleis vera fleire Meiningar baade um Skrivemaate og Maalet elles, men det vart berre Smaating, som ikkje skulde meinka Arbeidet, ingi Bibelumsetning var fullkomi. Var det noko, som ein her kunne ynskja, so var det, at ein kunne driva paa med Arbeidet so hardt som mogelegt.

 

Sokneprest Arnesen vilde ikkje vera med paa meir, enn som Schøyen fyreslo. Naar han var imot aa gjeva dei 1000 Kr., so var det av ”budgetmæssige Hensyn”. Det hadde voret Tilfelle, der dei hadde negtat Pengar til Ting, som var mykje meir trengjande enn dette. Talaren var ikkje med i nokor Spareforeining, men kvar kunne skyna, at ein endaa kunne hava Hug til aa faa betre Skikk paa Pengestellet. Og skulde ein spara nokon Stad, so maatte det vera her. Han skulde likevæl aldri hava gjort Motmæle her, hadde det ikkje voret fordi han mislikad Maalstrævet. Han hadde elles full Samhug for Strævet, solenge det berre galdt um aa ”lægge Øret ned til Folekts Røst” og arbeida for Ihoprenning av Folkemaalet og Skriftmaalet. Han skynad nok, at ei slik Bibelumsetning hadde mykje paa seg i ei Maalreisning, men det hadde ingen Hast med dette Arbeidet, han trudde, at ”Langsomhed” her var det beste.

 

Schøyen  sagde, at fyrste Gongen, daa det var kravt Pengar til Bibelumsetning, var det Meiningi aa faa heile det nye Testamente umsett; men daa Saki kom for Tinget, hadde Jak. Sverdrup framsett Forslag um, at det berre skulde vera prøvearbeid. Dette vart vedteket. Ein tenkte soleis daa ikkje paa det, at heile det nye Testamente skudle umsetjast. Det var berre eit ”fornuftig Forretnignshensyn og budgetmæssige Hensyn”, som gjorde, at Mindretalet ikkje gjekk med. Dei vilde ikkje dermed hava sagt noko um Arbeidet var godt elder ille, elder um det var naudsynlegt; for var det nokon her i Landet, som det hadde vortet kjært for, og meir uppbyggjelegt aa lesa sin Bibel paa Folkemaalet, so vilde dei ikkje setja seg imot dette. Men Mindretalet totte det var rett aa tenkja apa, um der burde drygjast med Arbeidet, for at der skulde verta ”Orden og System” i det, soframt verkeleg heile det nye Testamente skulde umsetjast.

 

Statsraad Jak. Sverdrup: Den Gongen dei fyrste Pengarne vart gjevne til dette Arbeid, var det gjevet til Umsetjing av Bibelstykkje; men der var Spursmaal um ein kunne magta den Uppgaava, som var sett upp, og difor vilde dei gjera Prøve med aa umsetja Romerbrevet og Johannes Evangelium. No var det gjevet ei Umsetjing av Romerbrevet, som fullnøgde alle rimelege Krav, so ein kunne segja, at Folkemaalet hadde stadet den Prøva, som Stortinget vilde hava. Sidan var det gjevet Pengar til andre Stykkje av det nye Testamente, og han maatte segja, at det var Meiningi til Departementet, at no galdt det aa umsetja heile det ny Testamente, korkje meir elder mindre. Kannhenda, at Stortinget ikkje vilde samtykkja det men det stod no so for Departementet i Vissa. Skulde Arbeidet vera til den Vælsigning, som det kunne, so maatte ein ikkje stana, fyrr enn ein var ferdug med heile det nye Testamente.

 

No med Umsetjingsarbeidet var det elles leidt, at Sjukdom og andre Umstende hadde heft det burt. Det var sant, at Sansen for det ikkje var vakt so mykje, som ein kunne ynskja seg, men des meir der vart umsett av det nye Testamente, des meir trudde han, at Bruken av Folkemaalet vilde veksa. Det var dei, som trudde, at det likesom var komet eit Bakslag i Maalvegen, der var kanskje nokre, som ogso ”spekulerede” i den, men dei mistok seg, Maalsaki var tvert imot i Framgang. Det gjekk ikkje so skjott, slike Ting maatte nemleg hava si Tid til aa veksa seg fram, men attende gjekk det daa ikkje.

 

Dette Umsetjingsarbeidet meinte han var ikkje noko aa drygja med. Det var grunnat paa so stort og fagert eit Grunnlag, at det skulde samla alle kringum seg, sjølv dei, som ikkje hadde vidare Tru paa, at ein naadde fram. Maalet vaart var nøydd paa oss av eit framandt Folk, medan Heimemaalet vaart vart trengt i Krokarne. Men det døydde ikkje; i den Veternotti, som laag yver Norig, spirad det under Snøen, og tok no Vokster til Norigs ”Ære og Held”. Det tottest vera rimelegt, at dei, som hadde dette Maalet livande paa i Tunga, og som hadde det kjært, dei kunne ein ikkje meinka aa lesa sin Beiebl paa sitt heimlege Maal. Dei hadde ikkje noko imot, at andre las Bibelen paa Skriftmaalet, kvifor skulde so me meinka dei i aa lesa han paa Folkemaalet?

 

Det var dei ”budgetmessige Hensyn”, som var nemnt, det var talat um at ein ikkje skulde ganga lenger enn til aa ”bevilge det nødvendige”. Men han meinte, at her var det ogso andre Umsyn. Det var ikkje berre Næringsvegjerne, som det galdt aa stydja, men ogso Utviklingi av det aandelege Liv. Det hadde voret nemnt, at ein skulde gaa ”langsomt” fram. Han vilde minna um, korleis det var gjenget til ved Bibelumsetningi paa Bokmaalet, ho hadde kostat 78000 Kr. og endaa hadde det gjenget seint. Det var ikkje verdt aa draga det so lenge ut her. No skulde han venta, at naar det galdt Umsetjing paa Folkemaalet skulde ikkje Stortinget vera altfor knipsamt.

 

Hektoen motlagde Arnesen, han sagde, at han hadde trutt Soknepresten vilde setja Pris paa, at Folket fekk Løyve til aa lesa Bibelen paa sitt eiget Maal. Presten hadde sagt, at han ikkje hadde nokon Samhug med Maalsaki, ja der kom væl rette Grunnen fram, men Talaren hadde trutt, at naar det var so mange andre, som hadde Samhug for den, naar Bibelumsetjingi vilde draga det etter seg, at den heilage Skrift vart meir lesi, daa tenkte han, at Prestarne hadde verdsett dette.

 

H. E. Berner  minte um, at kvar Gong det galdt store Saker, som t. D. Innføring av aarlege Storting, Statsraadssaki og anna, so fekk ein jamt ifraa Motparten høyra um dei ”budgetmæssige Hensyn”. Difor kunne det ikkje undra han, at det ogso vart sagt her, men det underlege var, at det kom fraa ein Prest, naar det galdt slike Ting, som ein reknad til ”det ene fornødne”.

 

Wist hadde røynt det, at Schøyen ikkje endeleg var plaagad med Otte for Budgettet, og det var underlegt, at han som var hugad til aa gjeva 40,000 Kr. til aa gjera i stand att ei gamal Kyrkje, kunne setja seg imot aa gjeva Pengar til ei Bibelumsetjing av ”budgetmæssige Hensyn”. Og endaa underlegare er det, at ein Prest i den norske Kyrkja ikkje sette meir Pris paa aa faa lagt Bibelen so nær til det norske Folks Hjarta som mogelegt, men leet Motviljen imot Maalstrævet raada meir. Talaren vilde segja det, at det var tvillaust, at Bibelen vilde faa meir Inngang i kvar Hytte og kvart Hus her i Lande, naar han var paa Folkemaalet.

 

Bonnevie vilde halda seg til Schøyens Forslag. Han leet seg ikkje styra korkje av ”budgetmæssige Hensyn” elder fordi han ”spekulerede” i Attergangen for Maalsaki. Men Saki var den, at i 1881 heitte det so, at det var berre Prøvestykkje av Bibelumsetjing, som skulde gjevast ut, og den Tanken hadde han ikkje noko imot. Men no vart det sagt, at desse Prøvestykkje skulde vera Delar av eit samlat Umsetjingsarbeid, men ei slik Umsetjing trudde han ikkje Tidi var ferdig til no. Landsmaalet var for mykje ”afvigende” endaa til dette, og ein maatte tenkja, at Landsmaalet snart vilde forandra seg. Til Bibelumsetjing trengde ei neit mykje formfastare Maal enn som det no er. Han vilde fasthalda, at dette her berre var eit Prøvearbeid, som var aa sjaa som ”Materiale for hvad han vilde kalde den endelige Oversættelse”.

 

Statsministar Sverdrup sagde, at han alltid i desse Prøvestykki hadde set Byrjingi til ei heil Bibelumsetjing. Han visste ikkje, kva Tanken med det skulde vera, naar det ikkje var Meiningi aa faa i stand ei heil Bibelumsetjing paa Folkemaalet. Det galdt um aa samla dei beste Krefter um dette Arbeidet. Imot Prest Arnesen, som hadde haldet Matstrævet upp imot Maalstrævet, lagde Talaren Vegt paa den aandelege Næring. Han hadde tenkt, at det Fyremaalet, som her galdt um, skulde gjevet den Mann ein varm Samhug for Saki, allvist naar ein hugsad paa, kva for ein Herre han skulde tena.

 

Det var greidt, at ein ikkje vilde samanflikka dei einskilde Prøvestykkje til ei heil Bibelumsetjing. Naar alle Skrifterne var umsette, skulde der verta eit Umarbeid av kunnige Menner.

 

Talaren var sikker paa, at naar ein fekk Bibelen umsett paa godt norsk Folkemaal, so vilde Prestens Gjerning i Kyrkje og Skule lettast mykje.

 

Han tok upp att fleire Vendur, kor høgt Verde Maalreisningi hadde for Kulturutviklingi paa norsk Grunn; det vart ikkje rett Vokster paa den, fyrr Maalet var norsk fraa Nordkap til Lindesnes. Naar det nye Testamente var umsett, vilde Turen koma til det gamle Testamente, og naar so heile Bibelen var umsett paa Folkemaalet, ja daa var dette Sigrar.

 

Etter at Schøyen med eit Par Ord hadde svarat paa Motlegg, talad Sokneprest Holm, han vilde fylgja Fleirtalsinnstellingi, daa han meinte, at for oss og for Kyrkja i vaare Dagar vilde det vera likeso vigtugt som for Luthers Samtid, daa Luther umsette Bibelen, detta at me fekk Bibelen umsett paa eit Maal, som hadde voret oss kjært ifraa Barndomen. Og var det sant, at dette kunne hjelpa til aa gjera Bibelen kjær millom Folket, so kunne han ikkje røysta imot det.

 

Arnesen heldt paa det, at han alltid var med aa spara, so han ikkje gjorde noko Undantak her. Det galdt her som elles ei Skynsak. Han kunne ogso medgjeva, at skulde Umsetjingi verta kjend millom Folket, so maatte heile det nye Testamente verta ferdugt, og han vilde ikkje negta, at Bibelumsetjingi paa Landsmaalet ikkje hadde sitt Verde, men fordi um ein kunne ynskja seg ei slik, var det ikkje sagt, at ho var naudsynleg. Talaren heldt ho ikkje for aa vera naudsynleg, han hadde voret baade paa Vestlandet og i Nordland, men han hadde ikkje merkat, at det var nokor overlag stor Trong i Folk etter aa faa Bibelen paa Maalet.

 

Wexelsen motlagde Bonnevie. Talaren trudde, at paa sume Kantar hadde dei so vondt ved aa koma burt ifraa Tanken um, at ein endeleg laut hava Formyndarskap yver seg, som skal avgjera alt Ting, som Folk skal stræva med. Talaren viste, kor mykje Maalsaki hadde paa seg. Kva for ein Prest i Landskyrkja hadde ikkje røynt det, at nettupp fordi han ikkje brukad Folks eiget Maal, difor vann han ikkje full Inngang i Folks Hjarta. Det var ikkje nok med, at Bibelen vart umsett. Folkemaalet maatte ogso faa det livande Ords Rett baade i Forkynning og i Salmesongen i Kyrkja. Han vilde spyrja Kyrkjeministaren, um nokon Ting var til Hinder for, at Prestarne brukad Folkemaalet i Preikurne sine, og at dei tek Salmar i det Maalet. Paa dette vilde han ikkje krevja Svar straks.

 

Statsraad Sverdrup sagde, at sjølvsagt maatte der gjerast ein Revisjon, fyrr der vart gjevet ut ei heil Bibelumsetning. Bonnevie hadde sagt, at Tidi til dette Arbeid ikkje var komi endaa, daa ein ikkje hadde noko visst Maalføre. Men Talaren vilde spyrja, um naar ein skulde faa ei fast Form, naar der ikkje skulde arbeidast upp ein Literatur? Den gjorde seg ikkje sjølv; inkje gjorde seg sjølv paa den Maaten, ein maatte nok hjelpa paa det. Me hadde eller eit Maal med ein Klang, eit sameigt Maal, endaa um der kunne vera Avvik. Um ein her vilde hava Einskap, so var greide Vegen den aa gjera det til Literaturmaal.

 

Bonnevie vilde ikkje, at Bibelen skulde dragast ned i Maalstriden.

 

H. E. Berner minte um, kor langt Maalsaki kunne naa fram paa Kyrkjevegen. Han trudde ein kunne laga seg paa, at det snart vilde koma Søknad um aa faa bruka Salmarne hans Blix i Kyrkja.

 

Endaa hadde Schøyen, Statsraad Sverdrup, Wexelsen, Bonnevie og Horgen Ordet til nokre smaae Svar og Motlegg. Til Slutning sagde Stang, at han var heiltupp forundrad paa, at ein heil Maaldebatt hadde kunnat koma upp no att.

 

Innstellingi vart so vedteki med 87 Røyster. 19 imot.

 

De 87 var: Daae, Dieseth, H. E. Berner, Furulund, Frilseth, Staff, Krogh, Sparre, Bendixen, C. Berner, Myklebust, Tonning, Liljedahl, Hæg, Blehr, Juel, Konow (S. B.), Skaar, Saakvitne, Dugstad, Sveinsson, Rinde, Thomesen, Ullmanhn, Smitt, Leer, Egge, Sørum, Blekastad, Kind, Dahl, Mustad, Jørstad, Løvland, Johansen, Lützow Holm, Didrichsen, Akre, Glestad, Engelhart, Hektoen, Konow (Hedem.), Horgen, Goverud, Sundbø, Lange, Balchen, Olsen, Holmesland, Rejerson, Lindstøl, Liestøl, Lilleholdt, Fløistad, Havig, S. Nielsen, Wist, Ellingsen, Otto Holm, Knudsen, Aarflot, O. Nilssen, Olafsen, Langeland, Løvø, Castberg, Hjorth, Lien, Sørensen, Steen, Kolbenstvedt, Ueland, Eskeland, Berge, Vinje, Fosse, Drevland, Moursund, Holst, Bentsen, Wexelsen, Soelberg, Qvam, Reitan, Sæter, Harbitz, H. Torp.

 

De 19 var: Stang, Hertzberg, Hagen, Furu, Rynning, Bang, Holmgren, Anker, Bech, Saxe, Schweigaard, P. O. Nielsen, Jaabæk, Throne, Arnesen, Bonnevie, Rygh, Bugge, Schøyen.

 

Burte var: Schrøder, Jacobsen, Ihlen, E. Torp, Michelet, Huser, Berentsen, Fjermstad.

 


Frå Fedraheimen 07.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum