Tidender.

 

Kristiania, den 6te April.

  

Til Haraldstytta hadde Regjeringi søkt um 2100 Kr., so ho kunne haldast betre istand. Tinget sagde nei.

 

 

Til Arbeidet paa Trondheims Domkyrkje vart gjevet 40,000 Kr.

 

 

Til Naturforskarmøtet i Kristianiakravde Regjeringi 5000 Kr. Tinget sagde nei. 55 røystad imot, 53 for.

 

 

Til Ivar Aaasen og Hans Ross gav Stortinget dei vanlege Løner 3500 Kr. aat kvar. Horgen totte, at Ross ikkje hadde synt kva han gjorde for Pengarne og vilde hava Departementet til aa gjeva Upplysningar. Men han fekk ikkje noko Medhald. Folk hev for stor Tillit til Ross og kjenner til kor stort eit Verk han arbeider med, og Statsraad Sverdrup kunne upplysa um, at til næste Aar var han tenkt aa taka til dem utgjevingi av ei Ordbok. Ho vil kanskje verta større enn Aasens Ordbok jamvæl, meinte Berner.

 

 

Arne Garborg er attkomen og hev teket att Plassen sin i Statsrevisjonen, som Advokat Meidell hev havt, medan han var burte.

 

 

Den frilynde Studentforeiningi hev gjort eit Vedtak um, at der hev ein Lov til aa bruka kvart eit Ord, som fanst i Maalet, anten det var stygt elder vent. Hans Jæger vart kallad ei forstyrrad ”Veggelus”, og han sagde, at han ikkje skulde verta vond, um han vart kallad tie Gong styggare.

 

 

Utnemnde. Prost O. P. Strømme er utnemnd til Sokneprest i Elverum, HjelpeprestI. A. B. Christietil Sokneprest i Vikøyr Hardanger.

 

 

Magne”, Tidsskrift for Kirke- Skole- og Folkeoplysning, styrd av Fr. Wexelsen, V. Ullmann, Olaf Røst og H. Vexelsen, Nr. 7 er utkomet og inneheld: Grevskaberne III, af S. Hellen. – Shakespeares historiske Skuespil, af V. Ullmann. – Hva er Sandhed, af Fr. Wexelsen.

 

 

Finnefolk i Bykle. I Haust kom der til Bykle i Sætersdalen ein norsk Finne med Kjering og ein liten Gut. Dei hev med seg 1400 Reinsdyr. Meiningi deira er aa kaupa ein Gard for aa slaa seg ned for Aalvor der.

 

Til Mat brukar dei berre nytt Reinkjøt, som dei steikjer paa Gløderne, og ein fælt sterk Kaffe til. 3 Ankerar Brennevin hev dei gjort ende paa i Vetr, men dei brukar ikkje so mykje i Senn, at dei vert fulle. Og aldri gjev dei med seg av det til andre.

 

Dei er elles svært stille og godlidande Folk.

 


Frå Fedraheimen 07.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum