[Tidender.] Fraa Hjartdal.

 

 

Me fekk skipa ein ”Ungdomsforeining” her ihaust med Kyrkjesongar Ivar Moe og Seminarist Harald Nordbø til Styrarar. Me hev havt Møte 14de kvar Dag med Song, Ordskifte, Upplesning, m. m. So hev me eit haandskrivet Blad ”Hjartdølen”, som kjem ut med eit Nr. til kvart Møte og vert uppleset av Bladstyraren. – Til dette er me ein 5-6 Unggutar, som skiftest um Arbeidet. – Bladet vert for det meste skrivet paa Bygdemaalet og ”Landsmaalet”, og alle hev Lov til aa skriva i det.

 

Til Samtale-emne hev me daa havt um Tobak, Kaffe, Brennevin, Nottelauping, Maalsaki, Klædedragti, Bygdeskikkar, m. m., og eg kann segja, at um det ikkje var mykje ”øvde” Talarar, so var endaa Ordskiftet kvast somtid. Dette kann daa visst segjast fraa Ordskiftet um ”Maalsaki”, der baade gamle og unge tok Del. Dei ”gamle” vilde helst, at me alle skulde halda oss til ”det veludviklede Sprog”, som no var det ”raadende” her i Norig, og ikkje hjelpa upp dette ”tillavede Landsmaal”. Paa dette svarad me – Unggutarne – at no daa me er frigjorde fraa det danske Formyndarskap, er vortne frie og sjøvlstenduge norske Menner og kann styra oss som me vil, so vil me ikkje lenger laana oss fram, men bruka vaart eiget norske Maal ”Landsmaalet” til Skriftmaal og aaleine halda oss til dette. Daa fyrst kann me kalla oss eit fritt Folk, naar me hev fenget atter vaart eiget Maal.

 

Sundagen den 3die Januar Kl. 4 Etterm. møttest me ”Medlemerne av Ungdomsforeiningi” og nokre ”Æresmedlemer” til ein liten Fest, der 6 av oss spilad Lystspelet ”Ervingen” av Ivar Aasen, og me fekk eit kraftig Haandklapp fraa dei som saag paa.

 

Kjetil Haugen.

 


Frå Fedraheimen 17.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum