[Tidender.] Prestesøknaden.

 

Det var morosamt aa høyra paa Ordskiftet i Stortinget her um Fredagen i fyrre Vika. Det var den vælkjende Prestesøknaden som daa var fyre. Kyrkjekomiteen hadde innstelt paa, at det ikkje skulde gjerast noko ved Saki. Søknaden skulde vedleggjast Protokollen. Ogso Høgre i Komiteen var med paa dette. Ein skulde difor helst vilja trutt, at det ikkje hadde vortet noko Ordskifte i Tinget um denne Saki.

 

Eg trur, me hev Grunn til aa vera glade yver, at det vart Ordskifte um denne Søknaden. Det var gode Ord, som vart sagde, og dei skal verta lesne Landet utyver.

 

Det er nok Høgre og det høgkyrkjelege Presteskapet, som hev mest Grunn til aa vera leide yver, at ikkje heile Greida vart gravet ned i Løyndom. Det gjeng ogso Ord um, at Høgre i Tinget er mykje leide paa Prestesøknaden og ynskjer, at den aldri hadde set Dagsens Ljos. Hadde dei endaa fenget grava den ned i Løyndom, so kann henda det ikkje hadde gjort stort; men der kjem den Ullmann og skjer Liket upp og syner, korleis det ser ut innvendes, og so laut Hertzberg og Saxe til aa verja Prestarne, som hadde boret Fostret fram. Men dette var ingi greid Sak. Det heile Forsvar vart berre ei Orsaking for Prestarne, men ikkje noko Forsvar for Søknaden. Det heile vart ein hard Usiger for Prestarne. Tenk samrøystes Innstelling fraa Komiteen um, at Søknaden skulde ”vedlægges Protokollen” og Innstellingi samrøystes vedteki av Stortinget. Jau – skal noko vera leidt, so maatte dette vera det. Hertzbergs og Saxes Forsvar var kraftlaust. Det vart berre ut i lause Paastandar og Lovprisningar yver all Herlegdomen, Prestarne hadde Fortenesta av i Landet. Prestarne hadde ”udødelig Fortjeneste af Troes- og Samvittighedsfriheden i vort Land”, fortalde Hertzberg. Daa Bentsen vilde faa Greide paa, naar dei serleg hadde innlagt seg slik Forteneste, um det var i Ferdi med Hauge, elder det var ved aa Lægmenn Rett til aa tala i gudelege Forsamlingar, - nei daa hadde Hertzberg ingen Ting aa svara.

 

Fraa den frilynde Flokken var der talat godt. Det var Ullmann, som tok Ordet fyrst. Han talad som han alltid gjerer, varmt og kvast. Det var Kyrkjestatsraadens Ord, me var mest forvitne paa aa høyra. Korleis Ullmann, Bentsen og Wexelsen stod til Saki, hadde me god Greide paa fyreaat, men ikkje korleis Sverdrup stod, og korleis han vilde taka det. Det var visst mange, som trudde, at han var so varsam, at han ikkje vilde taka Ordet; men daa han gjorde det, vilde alle høyra kva han hadde aa segja. Han talad godt, og Prestarne fekk høyra drjuge Sanningar for si Ferd. Det hadde dei somenn godt av. Det er av sine eigne ein skal hava det, segjer Ordet. At det var sant, naar han sagde, at Prestarne si Ferd kunne ein berre taka som Demonstrasjon mot det noverande Styre, er eg vorten so mykje vissare paa, etter det eg hev høyrt i dei siste Dagar etter Heuch. Han skal ikkje vilja havt noko Møte, og at det var fordi han var viss paa, at Storting og Regjering ikkje vilde hava noko med det, at han fekk Søknaden i gang. Det skal vera Prestar her inne, som er vortne galne paa Heuch for denne Framferdi. Det heile hev altso voret lagt paa aa faa reisa Demonstrasjon mot det noverande Styre. Prestarne si Framferd i den siste Tidi hev voret soleis og Søknaden skriven paa ein sovoren maate, at dei paa Fyrehaand maatte vita, at Styret ikkje vilde hava noko med Møtet aa gjera, og dette hev soleis Heuch stolat paa. Det kunne daa ogso lett hava hendt, at Møtet ikkje hadde vortet soleis som Prestarne vilde hava det, um Storting og Regjering hadde teket seg av Saki. Dei fekk altso ikkje noko Møte. Eg skal lova for, her skal verta Preiking ut yver Landet av Prestarne og Høgre, um kor gudlaust og radikalt Styret er. Det vil lyda umlag som so:” De tør ikke høre Kirkens Røst”, elder: ”De tør ikke høre Guds Røst gjennem Kirken”. Jau me kjenner det Slags Folk.

 

Eit stutt nei paa Søknaden hadde nok altid berga seg; men eg trur me hev Grunn til aa vera glade yver, at Ordskiftet i Tinget vart, som det vart i denne Saki. Eg hev ogso høyrt, at det skal gjevast ut som Bok og sendast ut yver Landet. Det torer henda, at Tankarne, som stig upp og Samtala Mann og Mann imillom og Ordskiftet paa Møte kann verta rikare og friskare um dei kyrkjelege Saker, som ligg fyre til Umskipnad, etter dette Ordskiftet i Tinget sist Fredag.


X.



Frå Fedraheimen 17.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum