Ei Bjørnejagt.

 

 

(Av Alex. Dumas. Umsett fraa Fransk).

 

 

Vilhelm Mona var ein fatig Bonde i Landsbyen Fouly, tett ved Martigny. –

 

Kvar einaste Nott kom det ein Bjørn og stal Pærar i Hagen hans; alt er godt for dette Beistet. – Likevæl heldt det seg daa mest til eit Tre med ”Fyrstepærar”. Kven tvilar paa, at eit sovore Dyr hev likso god Smak som eit Menneskje, og at det forstend aa velja ein Hage med saftfulle Frukter? Men Bonden likad og Fyrstepærarne betre enn dei andre. Han tenkte fyrst, at det var Ungdomen, som gjorde Ugagn i Hagen hans. For daa aa skræma dei tok han og ladde Byrsa si med Saltklumpar og sette seg paa Lur. Daa Klokka var ikring elleve høyrde han eit Brøl burt i Fjellet. ”Hyss!” sagde han med seg sjølv, ”det maa vera ein Bjørn i Grannelaget. Men 10 Minut etter høyrde han eit til, og denne Gongen var det so sterkt og nært, at han tenkte, det var Uraad aa naa Huset, og difor kastad han seg flat ned paa Jordi. Den einaste Voni hans var, at Bjørnen kom for aa taka Pærarne, og ikkje for hans Skuld.

 

Strakst etter viste og Dyret seg i Hyrna av Hagen og gjekk like mot det umtalad Pæretreet. Det gjekk berre 10 Steg fraa der Vilhelm laag, steig endeleg upp i Treet, som gav etter for Tyngdi og sette seg til aa eta. Vilhelm saag, at um det kom tvo Gonger til og aat so mykje som no, so turvte det ikkje koma meir. Daa han var mett, steig Bjørnen ned or Treet, - seint, som um han ikkje likad aa forlata det. Han gjekk att framum Jægeren vaar, som ikkje fekk stort Bruk for Byrsa med Saltklumparne i, og drog seg rolegt til fjells. Alt dette gjekk for seg i ein Time; men det er ikkje Tvil um, at han fall lengre for Mannen enn for Bjørnen.

 

Men Mannen var motig, - og han hadde sagt laagt med seg sjølv, daa Bjørnen gjekk sin veg: ”Godt, berre gaa du; naar du kjem att, skal du faa kjenna noko anna. No drøymer me baae tvo”.

 

Dagen etterpaa, daa ein av Grannarne hans kom for aa sjaa til han, fann han han iferd med aa fila i Bitar Tennerne paa ei Greip.

 

Kva er det no du held paa med?” spurde han. ”Aa, eg sit berre aa moroar meg”, svarad Vilhelm.

 

Grannen tok Jarnstykkji i Haandi, saag lengje paa dei, og so sagde han: ” Høyr Vilhelm, naar du vil segja Sanningi, so kann du ikkje negta, at desse Jarnstykkji er ætlat eit dyrare Skinn enn ei Steingjeit sitt”.

 

Kannhenda”, svarad Vilhelm.

 

Du veit, eg er ein greid Kar”, sagde Frans (so heitte Grannen). ”No, soframt du vil, so slær me oss i hop um Bjørnen. Tvo Menneskje er betre enn eit”.

 

Det kjem an paa det”, svarad Vilhelm, og heldt paa med aa fila av det tridje Stykkjet.

Høyr”, sagde Frans, ”du skal faa heile Skinnet, og so skifter me Resten”.

 

Eg vil helder hava alt”, sagde Vilhelm.

 

Ja, men du kann ikkje nekta meg aa leita upp Faret aat Bjørnen i Fjellet, og soframt eg finn det, til aa sitja paa Lur etter han”.

 

Det er sjølvsagt”, sagde Vilhelm, som no var ferdig med det tridje Stykkjet. Derpaa tok han paa aa mæla upp ein dubbelt so stor Ladning Krudt, som vanlegt til ei Byrsa.

 

Det ser ut for du vil lada godt”, sagde Frans.


Aa ja, ein kann lita betre paa tri Jarnstykkje enn paa ei Blykule”.

 

Det kjem til skjemma ut Skinnet meir”.

 

Ja, men det drep snøggare”.

 

Og naar hev du tenkt til aa gaa avstad?”

 

Det skal du faa vita imorgo”.

 

For siste Gong: du vil ikkje segja det?”


Nei!”

 

Ja, eg kann segja deg, at eg gjeng og leitar etter Faret”.

 

God Hepna!”

 

Skal me fylgjast aat?”

 

Kvar for seg”.

 

Farvæl, Vilhelm!”

 

God Hepna, Granne!”

 

Daa Grannen gjekk, saag han, at Vilhelm hadde den store Krudtladningen upp i Byrsa si og likeins dei tri Jarnstykki. Derpaa sette han ho fraa seg i ein Krok av Stova. Daa han um Kvelden gjekk framum Huset, saag han, at Vilhelm sat paa ein Benk tett ved Døri og røykte rolegt paa Pipa si. Han gjekk burt til han paa nytt lag.

 

Høyr du”, sagde han, ”eg er ikkje det minste sinnad paa deg. Eg hev funnet Faret aat Bjørnen vaar og hev sletikkje Bruk for deg. Men eg vil daa fyreslaa lell endaa ein Gong at me skifter.”

 

Kvar for seg”, svarad Vilhelm.

 

Grannen kunde ikkje fata, kva som var tiss med Vilhelm denne Kvelden.

 

 

Daa Klokka var halv elleve saag Kona, at han tok Byrsa og likeins ein graa Leretssekk under Armen. Ho vaagad ikkje aa spyrja, kor han ahdde ætlat seg. Vilhelm var ikkje av dei, som gjer Kvendi noko Reikneskap.

 

Frans hadde verkeleg funnet Faret aat Bjørnen. Han hadde fylgt det til Hagen hans Vilhelm; men daa han ingen Rett hadde til aa sitja paa Lur paa Grannen sin Eigedom, so stelte han seg upp midt i Furuskogen, som ligg millom Fjellet og Hagen hans Vilhelm.

 

Daa Notti var ljos, kunne han sjaa, at Vilhelm kom ut av Bakdøri si. Han gjekk burt til ein stor Stein, som hadde rullat ned fraa Fjellet og stansat midt i Hagen. Den laag berre 20 Steg fraa Pæretreet. Derpaa stappad han seg inn i Sekken, so berre Hovudet og Armarne synte att. Det var umogelegt for Frans aa skilja han klaart fraa Steinen. Det gjekk eit Kvarters Tid, fyrr Bjørnen kom. Endeleg høyrde dei eit Yl. Fem Minuttar etter saag Frans han.

 

 

Men anten det no var eit Knep, elder han hadde set den andre Jægeren, nok er det: han gjekk ikkje same Vegen som fyrr. Han gjekk i ein Ring slik at han kom paa høgre Sida av Vilhelm og ikkje paa vinstre, som Kvelden fyrr. Han var for langt burte til at Frans kunne skjota paa han, men i det høgste 10 Steg fraa Enden av Byrsa hans Vilhelm.

 

Vilhelm rørde ikkje paa seg. Det saag mest ut som han ikkje saag Dyret, som han var ute etter. Det saag ut som Bjørnen vilde trassa han ved aa koma so nær. Daa Vinden bles til den andre Kanten, fekk ikkje Bjørnen ”Teft” av Fienden sin og gjekk varsamt burt mot Treet. – Men daa han hadde sett seg paa Bakbeini og fatat um Treet med dei fyrre, so at dei tjukke Bogarne ikkje livde for Bringa hans, daa glimtad med eingong ein Ljosstrime burt med Steinen, og heile Dalen ljomad av Skotet med denne dubbelte Ladningen, og Buringi aat det saarade Dyret.

 

Det var kanskje ikkje ein einaste i heile Landsbyen, som ikkje høyrde Knallet av Byrsa hans Vilhelm og Skriket aat Bjørnen.

 

Bjørnen tok til beins same Vegen, utan aa merka Vilhelm, som hadde gøymt seg i Sekken att.

 

Frans saag paa dette, som gjekk for seg. Han studde seg paa Kne-i og vinstre Handi; i den høgre hadde han Byrsa si. Han var bleik og vaagad knapt aa pusta. Han saag, at Bjørnen leitad etter Faret fraa Kvelden fyrr, og det bar til høgre for han. Han korsad seg, yvergav Sjæli si aat Gud og forvissad seg um at Byrsa var ladd. Bjørnen var ikkje meir enn 50 Steg fraa han og skreik av Pina. Han veltad seg um, beit i Saaret sitt og lagde i Vegen att.

 

Han kom stødt nærmare. No var han berre 30 Steg burte. Tvo Sekund til og han vilde støyta mot Byrsepipa hans. Daa stansad han braatt; han kjende Lugti fraa Landsbyen. So sette han i med eit skræmelegt Skrik og gjekk inn i Hagen att.

 

Agta deg Vilhelm, agta deg!” ropad Frans, og sprang for aa forfylgja Bjørnen. Han gløymde seg sjølv; tenkte berre paa Venen sin.

 

Han saag godt, at um ikkje Vilhelm hadde fenget ladt Byrsa si, so var det ute med han. Bjørnen hadde ikkje gjort 10 Steg, daa Frans høyrde eit Skrik. Dette var fraa eit Menneskje og inneheldt baade Rædsla og Sjælepina. Den som skreik, hadde i dette samlat all si Kraft, alle sine Rop um menneskjeleg Hjelp.

 

Sidan høyrdest det ikkje noko, ikkje eingogn ei Klage fraa Vilhelm.

 

Fransk sprang ikkje – han flaug. Etterkvart som han nærmad seg, saag han klaart det skræmelege Dyret, som heldt paa aa riva sund Kroppen hans Vilhelm, Stykkje for Stykkje.

 

Frans var berre 4 Steg fraa Bjørnen, og Dyret var so uppteket med Fengdi si, at det ikkje ansad han. Han vaagad ikkje aa skjota for ikkje aa skada Vilhelm, um han ikkje var død. Han skalv so paa Haandi, at han vaagad ikkje aa lita paa Skotet sitt. Han tok ein Stein og kastad paa Bjørnen.

 

Dyret snudde seg mot den nye Fienden. Dei var so nær einannan, at Bjørnen reiste seg paa Bakbeini for aa knasa han. Frans kjende, at Byrsepipa knugad mot Bringa aat Bjørnen. Han sette Fingren paa Hanen og Skotet gjekk av.

 

Dyret datt bakyver. Kula hadde gjenget gjenom Bringa og knasat Ryggbeinet.

 

Han skundad seg med aa verta fri for Bjørnen og laup til Vilhelm. Han var ikkje meir eit Menneskje, ikkje eingong eit Lik. – Det var berre att Beini og noko blodugt Kjøt; Hovudet var mest uppetet.

 


Frå Fedraheimen 17.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum