[Tidender.] Komiteinnstelling paa Maalet.

 

Som Stortingsinnstelling No. 137 er trykt ”Innstilling fraa Jernbanekomiteen um Henstand for Byen Holmestrand med aa betala Aktiepengar i Vestfoldbanen.

 

Til Storthinget. Holmestrands Kommune tok Aktiar i Jarnvegen gjenom Vestfold for 171,200 Krunur og gjekk god for 148,800 Krunur, som var teiknad av Private; i alt gav soleis Byen 320,000 Krunur til Jarnvegen. Dette var mange Pengar for ein By som inkje er større og rikare enn Holmestrand, og det er inkej underlegt, um det hev leitat paa aa betala dei.

 

Til no hev Kommunen betalat av sine eigne Aktiepengar Kr. 117,380, for Private hev Kommunen utlagt Kr. 14,800, i alt hev Kommunen betalat Kr. 132,180.

 

Dei andre private Aktiepengarne er likeins greidde.

 

Endaa stend at: Tvo Halvaarsterminar, som var forfalne i fjor Kr. 4680. 21 Halvaarsterminar, som inkje enno er forfalne Kr. 49,140. I alt ubetalat Kr. 53,820.

 

Formannskapet hev søkt Kongen um Framlegg for Storthinget, so at Staten skulde taka paa seg dei 49,140 Krunurne, som inkje er forfalne. Dette hev inkje Finansdepartementet kunnat tilraada. Men det hev fengjet kongelegt Framlegg for, at dei kann drygja nokre Aar med Betalingi.

 

Daa dei høyrde det i Holmestrand, sende magistrat og Formannskab Bod til Storthingsmannen fraa Byen, at han laut søkja um Utsetjing ogso med det tvo Terminar, som var forfalne i fjor, og Komiteen hev fengjet Brev um det. Det lyder so:

 

Der tykjest vera gode Grunnar til aa gjeva Holmestrand den Lette med Betalingi, som her spyrst um, baade i det kongelege Framlegget og i Brevet fraa Hr. Schweigaard. Byen hev mykje aa dragast med, so dei maa freista aa faa ned Skattar og Utgifter. Skipsfart og Trelasthandel, som dei mest hev livt av, er det smaatt med. Handelen med Landsbygderne hev minkat og gjev mindre av seg. Jarnvegen, som dei ventad so mykje av, hev inkje gjort den fulle Nytten, avdi Byen inkje enno hev fengjet den Sidegreini med Bryggje, som Storthinget i fjor gav Pengar til. Dei harde Tider for mest all Næringsdrift kjennest tyngre i slik ein liten By enn andre Stader, der dei hev større Magt til standa mot. Det kom difor i fjor ein handelskrise yver Holmestrand med mange Buslit; fleire gode Skatteytarar laut gjeva upp, - somange at Skatten deira er væl Tredjeparten av heile Byskatten.

 

Kommunen hadde i Slutten av 1884 ei Gjeld paa 221,580 Krunur; det gjer væl 100 krunur paa kvart menneskje og 11 paa Hundradet av all Eigendom. I Byarne i Landet i det heile var Gjeldi 76 Krunur til Manns og 5 ½ av Hundradet. Fyrr Handelskrisen var Eigendomen i Holmestrand 922 Krunur til Manns mot tettpaa 1500 Krunur i dei andre Byarne.

 

Um desse Ting finn Ein fullare Utgreiding i det kongelege Framlegget, og alt peikar paa, at Holmestrand treng um Hjelp i desse harde Aari. So snøgt det ljosnar for Skipsfarten og Trelasthandelen, er det god Von um, at Byen kjem seg att. Likeins trur dei, det skal livna i Handel og onnor Drift, fyrst dei fær i stand Jarnvegsbryggja; dei meiner, at det daa kjem meir Vareførsel til aa ganga baade til og fraa gjenom Byen. Det nye Helsebots-Badet tenkjer dei og skal vekkja Rørsl og Drift. Soleis torer Ein kanskje vona, at det kann laga seg so, at Byen um nokre Aar med Lettom kann betala den Gjeldi, som no fell so tung.

 

Av dei kommunale Aktiepengar var 93,600 Krunur teiknad paa 20 Aars Innbetaling. Det segjer seg daa sjølvt, at Staten hev heile Vinningi av desse Aktier, til dess Summen er greidd.

 

Komiteen vil altso tilraada Storthinget aa ganga inn paa det kongelege Framlegget og likeins paa den Søknaden, som seinare hev komet fraa Holmestrand.

 

Dette er heile Komiteen med paa, men tvo Mann vilde helst havt Vedtakjet uppsett i Bokmaalet.

 

Komiteen instillar paa eit sovoret

 

 

Vedtak:

 

 

Storthinget godkjenner, at Holmestrands Kommune fær slik Henstand med aa betala dei Aktiepengar, som Byen hev teiknat i Jarnvegen fraa Drammen til Skien, - og som der enno stend att paa 53,820 Krunur, - at i Femaari 1886-1890 inkje Avdrag vert kravt, og at i dei næraste fem Aari etterpaa vert kravt berre halvt Avdrag, men sidan fullt Avdrag i Halvaarsterminar etter Aktieteikningi.

 

Kristiania, i Jernbanekomiteen den 6te Mai

1886.

 

C. M. Havig, Formand

 

Olaus Eskeland, Sekretær.

 

 


Frå Fedraheimen 15.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum