Tidender.

 

Kristiania, den 14de Mai.

 

Landsmaalet er godkjent som offisielt Maal i Stortingsinnstellingar.

 

For ei Tid sidan saag me den fyrste Komiteinnstelling paa Landsmaalet, daa var likevæl ”Konklusjonen” paa Bokmaalet, men so kom det ei Innstelling fraa Jarnvegskomiteen, der alt saman er paa Norsk. Det var fyrste Gongen, at Stortinget fekk Høve til aa vedkjenna seg Landsmaalet som sitt eiget Maal. Horgenhadde skrivet um Innstellingi paa Dansk og vilde faa Stortinget til aa taka den i Staden og meinte paa det, at ein skulde ikkje driva Maalstræv i slike Ting. Men Havig, som er Formann i Komiteen, hevdad, at det var ingen Grunn til aa vikja av fraa den Form, som Komiteen hadde stelt upp og meinte at det var berre Tidsspille og faafeng Freistnad aa klandra um Maalet no lenger, daa Stortinget hadde avgjort den Sak den 12te mai i fjor, daa Landsmaalet vart kjent aa vera offisielt Maal. Daaemeinte, at Landsmaalet var godt nok, men her i denne Saki laut ein ganga ettr ”Hensigtmæssighedshensyn” og raadde til aa taka den danske Formi. Men Statsraad Hauglandtrudde, at ein turvte ikkje syta, Departementet skulde nok greida aa ekspedera Saki, og han meinte nok, at Holmestrandsfolket ogso vilde skyna det, um det var paa Landsmaalet. – Stangog Prest Holmog Rynningfraa Drammen freistad alt dei kunne til aa hindra det, men dei vart meinhaldne av Havigog Quamog C. Berner, so dei kom ingen Veg. - Med 76 Røyster (34 imot) vart Landsmaalsinnstellingi vedteki. (Berentsen, Drevland, Daae, Frilseth og Michelet var millom dei, som røystad imot).

  

Aarsmøte iDet norske Samlaget vart  haldet Tysdagskvelden. Formannen las upp Aarsmeldingi for 1885. Til Formann vart uppattvald Statsrevisor Hølaas, til Medstyrarar Kand. teol. Ivar Mortenson og Kand. mag. Alexander Seippel (Kand. H. A. Halvorsen hadde bedet fraa seg Gjenval); til Varamenner vart tekne Dr. E. B. Holst og H. A. Halvorsen. Den gamle Domsnemnd vart attvald (Professor Dr. C. R. Unger, Ivar Aasen, Hans Ross og Statsraad Dr. E. Blix). Dei gamle Revisorar vart ogso uppattvalde (Kand. A. Eliasson og Organist Bjærum). Um Forslaget hans Winge, som er nemnt ovanfor, vart det eit lite Ordskifte, Tanken i det vart likad, men det saag ut til, at Forsamlingi heldt med Styret i det, at ein kunne ordna Saki paa ein lettvintare Maate enn ved aa laga ein heil Del nye Lovparagrafar. Det vart vedteket ei Uppmaning til Styret etter Forslag ifraa Winge, som lydde so:

 

Styret anmodes om at tage det af Hr. Winge antydede Forslag under fornyet Overveielse og i Tilfælde at fremkomme med Forslag for næste Generalforsamling”.

 

Norske Dikt” av A. O. Vinje vart framlagde og vert no med det fyrste sende ikring til Medlemerne. Th. Beyer i Bergen er no Samlagets Komisjonær for Vestlandet.

 

 

Kiellandssaki  byrjad dei med i Stortinget i dag. Fyre Middagen talad Konow(S. B.) for i eit brennande godt Fyredrag. So kom Liljedahlimot, det er Synd, at ein Maalmann skal vera so trongsynt, han var ikkje betre iaar enn i fjor, men han vart teken til Gagns av Ullmann, Prest Wexelsentalad ogso varmt og godt for Kielland. Dei tok fat igjen i Efta.

 

 

Driv paa  alle Skulekommissjonar aa faa innført ABC paa Landsmaalet. Av Soga i fyrre No. av Bladet ser De, at det gjeng an, um baade Prest og Stiftsdireksjon set seg imot. Eit Folkekrav i den Vegen no vert for sterkt for alle vrangvise Autoritetar. Berre ver samstelte og ikkje gjev dykk ved fyrste Motstandet, so ser De, at det gjeng.

 

 

Maalsaki i  Finnland. Fyrr var det so, at Finnland var fyre oss i Maalvegen, men no hev me teket Luven ifraa dei; det munar daa aa hava ei fri Forfatning, allvist naar ein hev ei Regjering, som arbeider etter Folkets Vilje. No hev me alt fenget Maalet vaart godkjent, det vantar berre aa faa det i gang all Stad. I Finland gjeng dei no fyrst inn med Søknad til Keisaren um full Fridom for Embætsmennerne til aa nytta det finske Landsmaalet i Embætsskriv.

 

 

Diktarløn  aat Kjelland. Fleirtalet i Komiteen segjer nei, og mæler soleis um Saki:

 

Et lignende Andragende forelaa i fjor undertegnet af Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie.

 

Komiteens Indstilling i Sagen, der gikk ud paa, at Andragendet ikke skulde bifaldes, blev Af Stortinget vedtaget med 60 mod 49 Stemmer.

 

Naar en af Forslagsstillerne fra i fjor, atter iaar har gjentaget sit Forslag uden i nogen Henseende at have fremført nye Grunde, finder Komiteen ogsaa for sit Vedkommende væsenlig at kunne henvise til sine Udtalelser fra i fjor.

 

Under Sagens Behandling i Storthinget udtalte flere Repræsentanter Ønsket om en Lov til Beskyttelse af den literære Eiendomsret, og Storthinget anmodede Regjeringen om at fremkomme med Forslag til en saadan. Det har Regjeringen nu gjort, og det staar til Storthinget at bestemme sig for eller med Lovforslaget; men uanseet, hvad Storthinget i saa Maade maatte bestemme, vil Komiteflertallet iaar som i fjor indstille paa Afslag.”

 

Eit Mindretal (Egge, Juel og Konow) vil hava Diktarløni.

 

 

Folk her er ikkje so lite forbinad paa Hernemndi, fyredi ho ikkje samraadde seg med Statsmeistaren fyrr, naar ho vilde knappa av so mykje; me tykkjest minnast, at Hr. Daae i fjor hadde snakkat frampaa um, at han hadde ogso Hug til aa møta i Nemndi, men vart ikkje innkallad. Folk gjer seg upp sine eigne Meiningar um dette, og dessa er ikkje dei beste fyre nemndi.

 

T. E.

 

 

Heimløyse. Eg var uppe tri Ottur fyre Dagen og slagtad ein Knode og bakad ein Bøkar og høyad tri stride Regnlass, fyrr det store Høyet kom. So gjekk eg av Garde og bankad paa Kjeringi, so Stoga kom ut, og hadde ikkje Bikkja voret, so hadde Kjeringi bitet meg, og daa sprang eg, so at Myri stod att i Skoen min.

 

 


Frå Fedraheimen 15.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum