Um Eldingen.

 

Naar ein fær fram Elektrisitet med ein Elektrisitetsmaskin og dreg fram dei smaa stikkande Gneistarne fraa Konduktoren med Fingrarne, so tenkjer ein ikkje altid paa, kva for ei uhorveleg Kraft, me her hev Magt yver.

 

Det er den same Krafti, som verkar dei mest storslegne Naturunder og som gjer so mange Ulukkur. Naar Stormvinden kvin i Fjelli og Eldingarne skjer kvarandre og gjer Notti lika ljos som Dagen og det knakande Toredonet, som gjer ein fælande Atteljod i Bergi, skakar Husi, so Menneskje og Dyr vert rædde for Livet og gøymer seg undan – daa er det den same Elektrisiteten, som er ute; det er den, som er Skuld i heile Uveret. Det er berre den Skilnaden, at Naturen arbeider med mykje sterkare Reidskap, end me hev i vaart Arbeidsrom.

 

Ein skiler millom tvo Slag Elektrisitet, den positive og den negative. Dei kjem altid samstundes og tildreg kvarandre og strævar etter aa koma i hop, men daa smett dei burt baae tvo. Dei lærde hev enno ikkje fengi Greide paa, kor Skyerne fær sin Elektrisitet ifraa; me veit ikkje, um den kjem upp med Vatndroparne, som eimar burt nede paa Jordi og dreg seg i hop att uppi Skyerne eller um han kjem fram paa onnor Gjerd. Me veit berre, at mange Skyer, iser slike, som sankar seg snøgt, naar det torar um Sumaren, er ladde med sterk positiv eller negativ Elektrisitet, og at Jordi beint under hev den motsette Elektrisiteten. Vert no Ladningen for sterk, so finst det ikkje noko, som kann hindra dei ulike Elektrisitetarne fraa aa koma i hop, og daa kjem det ein uhorveleg Gneist, Toreskimtet og so Tora etterpaa, liksom Smellen kjem etter Kula, som gjeng utor ein Kanon.

 

Eldingen er so klaar og drygjer so lite – berre smaa Brøkdelar av eit Sekund – at Syni vert kvervd, og me kan ikkje faa Auge paa, korleis han ser ut. Ein hev fraa gamle dagar trutt, at han saag ut som ein Straale, som gjekk i sned eller sik-sak, slik som me ofte ser paa gamle Maalarstykkje.

 

Det er fyrst i dei siste Aari, me hev fenget betre Greie paa det; og det er Fotografien, som hev hjelpt oss til det.

 

Fotografien er i so Maate betre enn Augo vaare, for han vert ikkje synkvervd og kann paa reint uskapleg kort Tid sjaa alt, berre Ljoset er klaart nok. Det er ikkje vondt aa fotografera Eldingen, men det let seg berre gjera um Notti. For daa me ikkje veit, naar Eldingen kann vera so god aa vilja ”sitja” for oss, so lyt me halda Loket paa Objektivet uppe ei lang Tid i Fyrevegen, so Eldingen, naar han kjem, kann teikna av Bilætet sitt paa Skiva. Ved Dagsens Ljos vilde Skiva snart bli svart, um Loket stod opet. Um Notti steller me beintfram Apparatet dit Uveret kjem ifraa og tek Laaket av. Kvar Elding, som kjem innanfor Synsviddi, fester seg daa paa Skiva.

 

Vaaren 1884 var det ein Fotograf Glänsel tok det fysrste Bilætet av Eldingen paa same Vis, som ovanfor er sagt.

 

I fjor gjorde ein annan tysk Fotograf same Freistnaden.

 

Den 16de Juli drog eit Ofsever framyver Berlin uppimot Kl. 10 paa Kvelden. Han stod daa i Vindaugat med Apparatet sitt, tok ny Skive for kvar Gong, det skar ein Elding yver Himmelviddi. Rett som han hadde skotet inn ei ny Skive, kom det ein Elding og ein Toreslaatt strakst etter, som var so forfælande sterk, at heile Huset skakad. Han kvakk i og drog seg undan Glaset.

 

Daa han skulde sjaa etter paa Skiva, so hadde Eldingen raakat plent midt i, og det er den merkjelegaste Elding, som til dess hev voret set.

 

Alle Bilæte av Eldingen er greinutte og kvistutte plent som naar ein ser Elvedragi paa eit Landkart. Det er liksom smaa Aaer, som sankar seg og fekk i den store Elvi her og kvar uppetter. Denne Eldingen, som han her fekk Bilæte av, var ogso merkjeleg ved det, at Hovuddelen var liksom ein Dusk av Straalar, som løp jamsides; og dette blir vonleg ei stor Gaate aa løysa for dei Lærde.

 

Eldingen slo ned i Marki paa lag 300 meter fraa han utan aa tenda i. Av dette og av Storleiken paa sjølve Bilætet kann me lett reikna ut, kor stor Eldingen var. Det viste seg, at Straalen var paa Lag 4 Meter tjukk.

 

Ein kann tenkja seg for Magt ein slik Eldstraale hev. Varmegraden kann stiga til fleire tusund. Dei hardaste Metal gjeng av som Halmstraa og braanar i eit Augneblink, og Menneskjeliv kann daa enn mindre staa imot, kann ein vita.

 

Me lyt vera takksam mot Vitenskapen, som hev utfunni, korleis ein skal berga seg mot ei so forfælande Magt, og kanskje ein med Tidi, ettersom Vitenskapen gjeng fram, au kann finna ut, at denne uhorvelege Krafti kunne nyttast av Menneskja paa ei elder onnor Vis.

 

 

J. Kj. (i Kristianiap.).

 

 


Frå Fedraheimen 15.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum