Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 7 av 9. Fyrste delen.)


V.

 

(Positivistisk Tru og Samfunds-Skipnad).

 

 

Den positive Filosofien hev fenget mange Vener, allvisst i England og Frankrike, endaa dei fleste i mange Ting serar seg ut ifraa Comte.

 

Men i Fyrstningi gjekk det seint og ubeint. Dei lærde likad han ikkje og var aabruige; Teologarne vart rædde og harme og vilde hava Natur-Vitenskaparne umgjorde, so dei kom til aa høva med den katolske Læra. Det var soleis skire Kjættarskapen aa løysa upp Vatnet, som dei døypte Born med, i Surto og Vatso; det skulde ikkje vera Maanen, som fekk Vatnet i Havet til aa flø og falla, men det var guddomlege Undergjerningar alt i hop. So tok dei Livebraudet fraa han, so han heldt paa og svalt ihel, og freistad paa aa tegja han ihel. I 17 lange Aar nemnde ikkje dei franske Bladi eit Ord um den nye Læra. Han hadde arbeidt for hardt, og det hadde leitat slik paa han, at han ei Stund var fraa Forstandi, men han spræknad til att, han strævad og han arbeidde, Tanken paa hans store Maal aa bøta Samfundet heldt han uppe, og Vener lagde i hop Pengar til han. Han livde reint som ein Apostel, han aat den simplaste Kosten og vande seg smaatt um Senn fraa alt, som ikkje var heiltupp naudsynlegt, som Kaffi, Vin og Tobak. Kristen var han ikkje – det var ikkje dei spekulative Filosofarne helder – men han var religiøs; kvar einaste Morgon i yver 7 Aar, fortel han, las han eit Kapitel i ”Kristi Etterfylgjing” av Thomas a Kempis. Mot den kallege Forfylgjingi stelte han upp den store Grunnsetningi Altruismen, at ein skal liva til Gagn aat andre. Han hadde vortet skild fraa Kona si, som var helder kaldklok og sjølvkjær, og huglagde med ein rein og skuldlaus Kjærleike ei onnor, ei stortenkt varmhjartad Kvinne. Ho verkad mykje paa han, og no byrjad hans ”andre Liv”. Ho gav han slik Høgvyrdnad for Kvinna og fekk han til aa setja Kjensle-Livet som det høgste. Nokre Dagar etter Februar-Revolutionen skipad han eit ”positivistiskt Samlag”, som hadde Møte hjaa honom kvar Vike, og no tenkte han seg ut ein heil ny Religion og Samfunds-Skipnad.

 

Det høgste Væsen, me kann kjenna og dyrka, segjer han, er Menneskja, baade den, som no liver, den, som livde fyrr, og den, som etter oss skal koma. Dette Væsenet er berre relativt og ikkje absolut, det gjeng allstødt fram, og ettersom nye Ætter kjem til, so veks det og utviklar seg etter Lovar, som ikkje kann forandrast. Dei Menneskje, som ugjerest og vanskipad seg, høyrer ikkje med til det høgste Væsen, berre dei gode. Me, som liver, er berre Tenarar for dei avlidne; det er dei avlidne, som styrer, og dei er ei Vern for dei livande. Me skal vera takksame mot dei, som er avlidne; for det gode, me hev, hev dei upparbeidt aat oss. Fleire Timar um Dagen skal me halda Bøn, Morgon, Middag og Kveld, og beda um aa verta betre. Allvisst Kvinna skal me dyrka, for ho syner fram Ætte-Tanken; Mor er eit Bilæte paa Forntidi, Kona paa Notidi og Dotteri paa den komande Tidi. Livet kan ein taka som ei stendig Bøn.

 

Kvart einskilt Menneskje skal ikkje vera sjølvstyrt, men gjeva seg under Samfundet, som stend yver Einskild-Mannen. Difor er Altruismen, at ein liver for andre, den største moralske Grunnsetning. Slik som det no er, er Folk egoistiske (sjølvkjære), og tenkjer mest paa seg sjølve; jamvæl dei kristne er jamnan egoistiske, daa kvar mest tenkjer paa, um han sjølv kann verta sæl, naar han døyr, i Staden for at han berre skulde tenkja paa, um Samfundet kann verta sælt. Egoismen er Comte so hatig paa, at han vil byggja Hospital for Egoistar liksom for andre Sjukingar; men ved Uppfostring og Øving skal me ala upp Altruisme.

 

Menneskjet hev ingi Retter, det finst ikkje ”Menneskje-Retter”, som dei kunngjorde under Revolutionen; me hev berre Skyldnad, mot dei avlidne, mot vaare Etterkomarar og mot dei, som no liver med oss. Me skal liva for andre, for det me liver av andre.

 

Det skal vera ein Kviledag i Vika, og me skal halda Helg paa Sundagen og kannhenda ein Dag til, f. Ex. Torsdagen. Der skal vera 81 Fester kvart Aar. Nyaarsdagen skal me halda Fest for det høgste Væsen, sidan for Ægteskapet, Foreldreskap, Syskenskap, Tenarar. Paa andre Fester skal me minnast Fetischiasmen, Polyteismen, Monoteismen, Kvinna, Presteskapet, Bankstyrarar, Kaupmenner, Bønder, Arbeidarar, alle dei, som er avlidne, og dei heilage Kvinnurne. Homer, Aristoteles, Moses, Muhamed, Dante og ymse andre hev sine Fester.

 

Jamsides med Menneskja dyrkad Comte Lagnaden elder dei Lovarne, som styrer Utviklingi. Han tenkte seg liksom eit trieinigt Væsen: Himels-Rømdi (le grand Milieu), som er Upphavet til alt, som til er; i henne er Jordi (le grand Fetische) avlad og fødd; ho var eit Væsen med Vet og Tanke, som ofrad seg sjølv i altruistisk Stordom, so Menneskja (le grand Etre) kunne avlast.

 

Comte hev 9 Sakramentar; av desse svarar det fyrste til Daapen. Ægteskapet er og Sakrament. Døyr Mann elder Kona, skal den andre helst liva ugift, so løyser ikkje Dauden Sambandet. 7 Aar etter ein hev sloknat, held Kyrkja høgtideleg Dom, og fær han ein god Dom, vert han uppteken i det store Samfundet av avlidne og dyrkad, og dei jordiske Leivningarne fører dei til Gravlunden utmed Templet. Dette er det 9de Sakramentet.

 

Eit Presteskap skal staa for Uppfostringi og gjeva gode Raad, liksom Domaranne i Jødeland. Presten skal vera baade Diktar, Lærd, Filosof, Lækjar og Statsmann. Han skal vera gift, for Kvinna skal verka paa han, liksom ho skal verka paa Mannen sin heime, so Hjartat kann faa Herredømet yver Forstandi; for Kjærleiken skal vera Grunnlaget for alt. Soleis fær ho eit ovende stort Kall, men det offentlege Livet fær ho ikkje vera med i. Høgste Styringi i Kyrkja hev ein Ypparsteprest, og liksom Paven kann han ikkje taka i Mist. Han skal bu i Paris, til den positivistiske Tru vert innførd yver heile Jordi; daa fell Konstantinopel laglegare til Hovudstad.

 

Uppfostringi lyt vera soleis lagad, at Borni til dei vert 7 Aar styrkjer Kroppen og øver seg upp til aa bruka Lemerne og Sansarne, men ikkje lesa og skriva. Ein skal hjelpa fram det gode i Barnet, men i den Alderen er det endaa ”fetischistiskt”, liksom heile Manns-Ætti var i den fyrste Tidi.

 

Fraa det 7de til det 14de Aaret skal dei læra Musikk, Poesi, Teikning og framande Maal. I denne Alderen er Barnet ”polyteistisk”, og det kann ingen gjera ved. Sameleis gjekk Manns-Ætti og fraa Fetischisme til Polyteisme. Difor lyt me aldri svivyrda dei Folkeslag, som endaa stend paa eit lægre Steg i Forstand.

 

Fraa det 14de til det 21de Aaret skal dei unge, Gutar og Gjentur, lesa tvo Aar Matematikk og Astronomi, og sidan Fysikk og Kemi i tvo Aar so Biologi eit Aar, Sosiologi eit Aar, og i det 7de Moral, som Comte no sette attaat som den 7de Vitenskapen. I dei fyrste Aari gjeng dei unge fraa Polyteismen til Monoteisme og metafysisk Spekulering, og sidan under den fysisk-kemiske Lesningi til Atteisme, men medan dei les Biologi og Sosiologi, stig dei etterkvart upp til Positivisme.

 

Same Upplæringi skal Arbeidaren og faa so vidt Tidi rekk til.

 

Comte vilde hava Republikk, korkje aristokratisk elder demokratisk, men sosiokratisk, det vil segja: alle skulde arbeida for Samfundet. Tri Menner, helst Bankstyrarar, skulde staa for den verdslege Styringi og ikkje hava Løn. I Europa skulde 60 smaa Republikkar paa 1-3 Millionar kvar slaa seg ihop til eit stort religiøst Samlag under Ypparstepresten; det skulde vera Fred millom Folki, og det skulde ikkje vera faste Herar anna enn berre ei liti Landeverje til aa halda Styr. Daa vilde det gamle Folkehatet leggja seg og Brorskapen koma til aa raa.

 

Kristendomen var ikkje god til aa vinna fram i det gamel Samfundet, fyrr ”Barbarerne” trengde seg inn. Sameleis kann ikkje Positivismen helder umskapa det kristne Samfundet, fyrr dei vert med, som til dessa hev voret mest som Barbarar: Kvinna  og Arbeidaren. Desse stend liksom næmare Naturlivet og vil føra eit rikare Kjensleliv inn i det store Arbeidet.

 

Rikdom fær ingen Mann, mindre mange arbeider til det Maalet. Difor høyrer Rikdomen paa ein Maate Samfundet til. Rikmannen er liksom Hushaldar berre, ein offentleg Ombodsmann med Andsvar, fyrst og fremst mot Arbeidaren.

 

Daa Comte lagdest Helsott, heldt han endaa fast paa si Tru. Han hadde uppsett eit Altar aat Venen sin, Clotilde de Vaux (dø Vaa), som hadde sloknat 11 Aar fyreaat, og med takksamt Minne dyrkad han ho mest som eit høgre Vette, som sitt Livs Engel. Ein Morgon, dei kom inn til han, fann dei han attmed Altaret: der hadde han siget ned. So vart han lagd paa Sengi og trøystad Venerne sine dei faa Timarne han hadde att. 1857. Etter hans eiget Ynskje vart han gravsett paa den Vis, som høvde med hans Tru.

 

 

Misprentingar i Stykkje IV No. 35: Dei livande hev reist seg mot dei døde, skal vera daude; men ikkje skada  nye Tilstand, skal vera skapa.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 15.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum