Lesarar!
Eg kann ikkje annat segja, enn eg vart harm, daa eg saag, at Fedraheimen ikkje kann koma ut meir enn ein Gong i Vika no ei Stund att, og det fyre di, at sume er so slurvne med Betalingi.
Einkvar maa skjemmast yver slikt, tykkjer eg. Det ser nesten ut, som mange vil, at fyrst skal Styret offra si Tid med aa skriva Bladet, og so vil dei, at det attpaa skal betala Baldet fyre deim au. Me skal hugsa paa, at naar kvart Fjordungaar er ute, so lyt Postpengarne betalast ogso fyre deim, som ikkje hev betalat. Tykkjer De, det er Meining i, at eit Blad som Fedraheimen kann klara seg paa den Maaten? Sjaa no, at alle, som ikkje hev betalat, lovar med seg sjølv, naar dei les dette, at dei skal senda med fyrste Post; men lat det ikkje verta berre med aa lova!
T. E.
Frå Fedraheimen 22.05.1886 Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum |