[Tidender.] Kyrkjeloven

 

um ”Menighedsraad og Menighedsmøder” er no send til Stortinget.

 

Regjeringi hev sluttat seg til Innstellingi fraa Kyrkjedepartementet, som vik mykje av fraa Jak. Sverdrups fyrste Forslag.

 

Departementet vil, at Kyrkjelyden sjølv skal hava mest aa segja ved Prestevali. Hans Meining skal koma fram gjenom ”Menighedsraadet”, som skal veljast i kvart Sokn; der skal det vera med forutan Prestarne 8 Lækmenner, men Talet kann aukast til 12 paa Landet og 20 i Byarne, det kann ogso setjast ned til 4. For aa kunna veljast der, maa ein vera yver 30 Aar gamall.

 

Røysterett skal alle Karar hava, som er konfirmerad og yver 25 Aar gamle, og som ikkje er Tenarar, og dessutan Enkjur paa desse same Vilkor. For aa kunna vera med og velja maa ein lata Namnet sitt førast inn i Manntalet 14 Dagar fyre Valet. Er det nokon, som ”giver paa Kjendsgjerninger grundet Forargelse i Liv eller Lære”, skal Menighedsraadet strjuka han ut or Manntalet.

 

Forutan Prestevalet skal Kyrkjelyden ogso hava eit Ord aa segja um Opning av Kyrkja for Lækmenner og framande Prestar, um Bruk av Kyrkja til anna enn Gudstenest, Val av Salme- og Religionsbøker, kontrollera Prester og dei kyrkjelege Utgifter o. s. v.

 

Ved Bispeval skal ogso Kyrkjelyden segja si Meining.

 

Johan Sverdrup, Stang, Haugland og Astrup  hev sluttat seg til Kyrkjedepartementet. Sørensen  trudde, det burde vera ei fri Sak, um eit Sokn vil hava Menighedsraad, og han finn helder ikkje det er nok Grunn til aa stengja Tenestfolk ute fraa Røysteretten og til aa taka med Enkjur. Kildal  vilde helst, at det ikkje skulde vera framsett Forslag um dette Emne iaar; han likar ikkje Reglen um Kyrkjetukt, men synest det var nok, naar ein strauk ut av Manntalet dei, som hev vortet dømde til ei vanærande Straff. Og so vil han hava ein Lovnad av alle um, at dei vil bruka Røysteretten sin i Truskap mot Barnelærdomen.  Han hev og voret i Tvil, um ikkje alle Kvende i sjølvstendug Stelling skulde faa Røysterett, naar Enkjur fær det.

 

Statsraadarne i Stockholm var ogso like sæle, um Saki hadde drygt, Blix finn, at Meiningarne er for lite klaare og samstelte endaa, og dei andre tvo trur, at Folket ikkje bryr seg nok um nokor Umbot endaa. Richter  og Arctander  held med Sørensen i det, at Menighedsraad skulde vera ei friviljug Sak, Blix og Arctander held med Kildal i Kravet um ein Lovnad.

 

Daa Saki vart lagd fram for Kongen, sette han upp si Meining soleis:

 

Stemmeberettigede ved Valg paa Medlemmer af Menighedsraad ere alle konfirmerede, til Sognemenigheden hørende Mænd og Enker, der have fyldt sit 25de Aar og ikke som Tyende høre til en Andens Husstand, samt derhos senest 14 Dage før Stemmerettens Udøvelse have ladet sig indføre i det kirkelige Mandtal og derunder ved sin Underskrift i Mandtalsprotokollen afgivet Løfte om at ville benytte sin Stemmeret og røgte de kirkelige Hverv, som maatte overdrages dem, i Troskab mod Kirkens Bekjendelse efter vor Børnelærdom. Giver nogen paa Kjendsgjerninger grundet offentlig Forargelse i Liv og Lære, bliver Vedkommende af Menighedsraadet at udelukke fra Mandtallet”.

 

 


Frå Fedraheimen 29.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum