Fuglekrigen.

 

Det var slikt Liv i all den Lund

med Fuglesong av Hjartans Grunn.

Det, som er rett, dei alle vil;

paa smaa og store var ei Skil.

 

Men braadt det vart i Lunden stilt;

dei store hava Freden spilt.

Dei store vilja eine raa,

og taka Retten fraa dei smaa.

 

Fraa Reid og all sin Eignalut

dei smaae verta drivne ut.

Gud hjelpe den, som liten er,

imot dei stores vonde Her!

 

Daa synest ein aa sjaa ein Veg,

han bed dei smaae samla seg.

Han bed deim halda trufast Lag

imot det harde, ville Jag.

 

Dei gjorde so, og meire spakt

dei store dreiv si Smaafugljagt.

Men all sin Harm dei lagde paa

den Fugl, som raadde so dei smaa.

 

Han fær ei Fred, han fær ei Ro,

dei setja paa med Nebb og Klo.

Dei yla, skrækja, kvin og skrik,

du skulde aldri høyrt det slik.

 

Og med var Ula, Spaadomsfugl,

som narrad alle med sitt Jugl.

Ho hatad han so overlag

for Elsken hans til Ljos og Dag.

 

Og ein av Brødrom hans var med –

- Gud unne honom sidan Fred. –

- Han var so rædd dei store han,

- han sveik sin Broder, arme Mann.

 

Dei sette paa med all si Magt,

men lenge varde denne Jagt.

Dei sette paa med Fynd og Klem

og dreiv det slik i Dagar fem.

 

Daa laut den Fugl or Reidet gaa

med Make og med Ungar smaa.

Det nyttad ikkje Sorg og Sut,

for Hjarteløysa dreiv deim ut.

 

Men Jordi er stor og vid

og Himlen allstad like blid.

For honom og ei Raad det vart,

eit Reid han fann seg helder snart.

 

I Lunden varer Striden enn,

den vara vil, med Lunden stend.

Sum Smaafugl svigtar Flokken sin,

og difor stødt dei store vinn.

 

Gud vende allting eingong so,

at smaae faa for store Ro.

Gud vende allting eingong slik,

at Retten vert for alle lik.

 

 

M. (i Dag).

 

 


Frå Fedraheimen 12.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum