Tidender.

 

Kristiania, den 11te Juni.

 

 

Fraa Stortinget.

 

Ein ny Professorpost i Medisin vart det sagt nei til.

 

Hjorth vilde hava ein Lov um, at gilde Skyttarar skulde sleppa med stuttare Eksistid enn andre, - send til Regjeringi.

 

Lov um borgerlegt Ægteskap utsett.

 

Forslaget um aa leggja ned Futeembætti vart sendt til Regjeringi. Statsministaren sagde elles, at han ikkje hadde noko imot det, berre det ikkje vart for vandt aa gjenomføra det ved det, at Lensmennerne fekk for mykje aa gjera.

 

Rettingi paa Skatteloven, som gjekk ut paa, at kvar som hadde Røysteretsvilkor, ogso verkeleg skulde faa røysta, den gjekk ikkje igjenom. Det var ikkje meir enn 29 Mann, som vilde at dei skulde ganga iveg med Forslagi, Stordelen røystad for at det skulde sendast aat Regjeringi. Hadde det voret nokon heil Godvilje hjaa Tinget til aa føra Saki fram, so er det greidt, at dei hadde teket ei Avgjerd straks, men for det at dei sende Saki til Regjeringi, skal ein ikkje endeleg berre slutta, at det ikkje var nokor Stemning for Endringi.

 

 

Elles hev det ogso voret framme andre Lovframlegg um Endring og Utviding av Røysteretten, det er nokre som ligg ifraa gamal Tid. Dahl vilde, at ein skulde taka og granska desse med Kraft og Aalvor, difor fyreslo han, at det skulde setjast ut til eit anna Aar. Det fekk han med seg 52 Mann paa. Dei hine 59 vilde helst segja nei straks, og dei fekk daa sin Vilje igjenom.

 

 

Jaabæks Forslag um aalmen Røysterett fekk 27 Røyster:

 

 

Staff, Krogh, Sparre, Bendixen, C. Berner, Juel, Sveinsson, Rinde, Thomesen, Ullmann, Dahl, Løvland, Johansen, Akre, Lange, Olsen, Jaabæk, Otto Holm, Castberg, Sørensen, Steen, Fosse, Moursund, Holst, Bentsen, Wexelsen, Qvam.

 

Statsministar Sverdrup raadde hardt ifraa aa gjera noko Storkast, det er Gjerdi hans det, at alt skal muna smaatt um Senn. Skulde det verta aalmenn Røysterett, so vilde dei verta unøgde, meinte han, som no hev Magti, og det kunne koma Bakslag. Og elles vilde det og verta so vandt aa vera Regjering daa, ein maatte daa i det minste hava Rett til aa løysa upp Tinget. – Steen det var ein, som ikkje var rædd det, han baade røystad og talad for Jaabæks Forslag. Han meinte paa det, at den Utvidingi, som var gjort i 1884, var berre fyrste Stiget imot aalmenn Røysterett, og det var ikkje verdt aa drygja for lenge. Han trudde ikkje noko godt um denne Utviklingi smaatt um Senn i denne Saki. Han heldt ikkje med Statsministaren i det, at det skulde vera nokon Faare for Samfundet ved at ein fekk aalmenn Røysterett, og daa vist trengde ein ikkje nokre nye Institusjonar for det. Var det noko faare for Forstyring, so var det helder no daa, nemleg fraa dei mange, som er haldne utanfor.

 

 


Frå Fedraheimen 12.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum