Vaar-Von.

 

Det var ikvell, medan Tankane sveiv

- so vida ikring dei Fuglane fer –

at inne i Skogen eg gjekk og dreiv;

- det var no so fagert eg fint eit Ver,

Himlen han kvelvde seg klaar og rein,

og Vaaren log ifraa kvardan Grein:

du Per, du Per,

- aa hei! aa hop! – aa er du no der!

og kjenner du inkje ikvell, ikvell,

at Livet det er daa det likaste lel?”

 

Og alle dei Blomar og grøne Straa

- eg saag, kvarhenne eg gjekk og foor,

dei rudde seg Rom so hugheilt, dei smaa,

imillom det Lauvet, som datt i fjor;

dei keik, og dei nikkad, - eg tykte, eg,

det var, som vilde dei segja til meg:

du Per, du Per,

- tit tit! tit tit! – aa er du no der!

og kjenner du inkje ikvell, ikvell

at Livet det er daa det likaste lel?”

 

Og Vinden han viftad so ender og Gong,

alt medan Soli i vestr seig,

og Gauken han gol, og Sysvorti song,

og Lærken han trallad, imedan han steig.

Og som eg daa gjekk der og ruslad so smaat,

eg tykte, eg skynad deim alle so godt:

du Per, du Per,

- kuku! kvivit! tilleti! – er du der!

og kjenner du inkje ikvell, ikvell,

at Livet det er daa det likaste lell?”

 

- So andad eg ut av min Barm so saar

den Dauda-Dumba i djupe Drag,

eg drak av den Lufti so frisk og klaar,

og klinkad med Livet, som liver idag;

eg nikkad til Lauv og til Gras og til Blom,

eg trallad aat Fuglo, so Lunden gav Ljom:

han Per, han Per,

aa hei! hura! tralala! – han er her!

og det kan han kjenna ikvell, ikvell,

at Livet det er daa det likaste lel!”

 

 

Per Sivle.

 

 


Frå Fedraheimen 12.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum