[Tidender.] Stakkarsdomen i London.

 

Ein av Sundhedsinspektørarne i London fann i ein Kjellar, der det budde Folk, ein Huslyd: Mann, Kona, 3 Born og 4 Griser. I eit anna ”Rom” fann han Mannen liggjande sjuk av Koppurne. Kona hadde nettupp fenget det aattande Barnet. Desutan fann han i Romet 5 Born skitne og umlag nakne og 1 daudt Barn. I eit tredje ”Rom” budde ei Enkja med 3 Born og eit til, som hadde sloknat 13 dagar sidan; Mannen hadde hengt seg for ei Tid sidan; desutan ei onnor Enkja med 6 Born. I ein annan ”Leilighet” var det 8 personar, 2 av dei laag i Skarlagensfeber.

 

I eit anna Hundehol budde, aat og sov 9 Stykkjer. I ein annan Huslyd paa 7 Menneskjer heldt Mori – ho leid av Tering – paa aa laga Middagsmat av – 4 Potetar. Det var ingen Eld aa koka dei ved. Borni var ute for aa finna eit Par Pinnar.

 

Denne skræmelege Stakkarsdomen bur Sida um sida med den største Rikdom, med altslag Storfolk og Luksus.

 

Tabellarne (Statistiken) yver London syner, at 135,000 Menneskje er nøydde anten til aa svelte ihel elder aa stela. Mange liver berre av Hunde- og Kattekjøt. Og trass alt dette Tjuveriet og denne daarlege Maten, so døyr det kvar Dag det ein veit um eit Menneskkje av svolt, og kor mange døyr ikkje, som ein ikkje kjenner til!

 

Etter dei same Tabellarne kann ikkje 48 % d. v. s., Halvparten av dei engelske Arbeidararne faa seg eit Glas Øl um Dagen; 28 % elder meir enn Fjerdeparten veit ikkje, korleis Mjølk smakar, og dei meste maa nøgja seg med 10 Pund Braud, Sygjenterne med 7 3/4Pund til heile Vika.

 

Daa Husleia er svært stor i London, so bur meste Arbeidararne i daarlege Kammers, Holer, Pestkjellarar og andre slike Plassar for faarlege Sjukdomar, og det er ikkje alle, som er so hepne, at dei fær Tak yver Hovudet. Dei simplaste liver og bur under open Himmel Vinter og Sumar, i Solskin og Skodd, i Regn og Snø. Til dei høyrer Dagarbeidarne i Dokkarne. Det er for det meste Irar, som hev komet til London for aa søkja Arbeid, og av Landarbeidarar, som er jagad or Hyttarne deira av Godseigararne. Kl. 4 um Morgonen møter dei i Dokkarne, men berre nokre av dei fær Arbeid, dei andre maa venta – ”kanskje imorgo”, ingen bryd seg um dei, Stakkararne kjenner det og veit at dei vert trampat paa. Dette er teket av eit offentlegt Skrift, so det er ikkje anna enn nakne Sanningi.

 

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum