Den billigaste Skipnaden av Ungdomsskularne.

 

Oddm. Vik skriver soleis um dette Spursmaalet, etter at der var vorte negta Amts- og Statstilskot til Skulen hans:

 

Kyrkjenemndi paa siste Stortinget slog paa, at Tilskot til Amts- og Folkehøgskularne skulde avtakast. Att i Staden skulde Stipendier delast ut rikeleg, og so fekk Skularne greida seg med Skulepengarne.

 

Den Tanken hev rimelegvis Framtidi for seg. Men det høver ikkje aa ta’ fraa Høgskularne all Stytta og framleides gjeva Amtsskularne unope med Pengar.

 

Sjølv um Høgskularne fær Tilskot, vert dei billige Skular. Og berre det aaleine maatte vera Grunn nok til, at Folk gjerna saag dei i gang og ikkje som Herr N. C. Larsen ”vilde røysta for”, at Skulen hans Oddm. Vik vart nedlagd. Den kunne faa merknad korso, ikkje berre som Skule, men som Prov paa, at det gaar an aa halda billige Skular og.

 

Fraa Raadgjerderne paa Amtstinget skal eg gji kort Oversyn over, kva Ungdomsskulare ha’ kostat. Eg hev ikkje her hjaa meg Raadgjerderne fraa so mange Aar, heldest skulde eg ha’ set etter, fraa Amtsskularne vart sette i Gang.

 

Utlaget fraa Bygderne til Skulerom o. s. b. er ikkje teket med, daa der ikkje finst Aalag um det.

 

Amtsskulen i Brunlanes 1883-84 hadde Gutakursus med 23, Gjentekursus med 10, i alt 33 Lærlingar. Den kostar 4150 Krunur, kvar Lærling altso 126 Kr.

 

Amtsskulen i Ramnes same Aaret hadde 26 Gutar og 9 Gjentur, tilsaman 35 Lærlingar. Den kostad 3870 Kr., kvar Lærling difor 110 Kr.

 

Amtsskulen i Brunlanes 1884-85 hadde 15 Gutar og 11 Gjentur, tilsaman 26 Lærlingar. Den kostar 4260 Kr., kvar Lærling altso 163 Kr.

 

Amtsskulen i Borre same Aaret hadde 32 Gutar og 42 Gjentur, i alt 74 Lærlingar. Den kostad 4020 Kr., kvar Lærling altso 54 Kr.

 

Amtsskulen i Stokke 1885-86 hadde 27 Gutar. Gutakurset kostat 3060 Kr., altso for kvar Lærling 113 Kr.

 

Amtsskulen i Borre same Aaret hadde 30 Gurar. Gutakurset kostad 3320 Kr., paa kvar Lærling kom der altso 110 Kr.

 

Tversnittet av Gutar og Gjentur (for siste Aaret berre Gutarne tekne med) er 37 ved kvar Skule.

 

Undervisningi for kvar Lærling hev i tversnitt kostat 100 Kr.

 

Folkehøgskulen 1884-85 hadde 22 Gutar, som ikkje kostat Amtet og Staten det Slag. Dersom der ikkje hadde vore fri Undervisning for fatige, hadde Undervisningi ksotat 16 Kr. for kvar Lærling.

 

Folkehøgskulen hadde i 1885-86 19 Gutar og 5 Gjentur, tilsaman 24 Lærlingar. Amts- og Statstilskot 800 Kr. I Skulepengar kom inn 204 Kr. Undervisningi kostad aaa 1004, og kvar Lærling 41 Kr.

Endaa Søkningi slett ikkje ha’ vore stor, vert Skulen korso 13 Kr. billigare paa kvar Lærling enn den billigaste Uppgaava fraa Amtsskularne.

 

For næste Aar hadde Amtsskulenemndi sett fram Vedtak um Tilskot av Amt og Stat stort 1200 Kr. Lat oss setja, at der paa Gutakurset vilde vorte 15 og paa Gjentekurset 15, tilsaman 30 Lærlingar. Skulepengarne kunne i det høgste vorte 300 Kr. Undervisningi vilde i det heile kosta 1500 Kr. elder for kvar Lærling 50 kr.

 

Elder set, at Folkehøgskulen hadde 37, som ha’ vore Tversnittet ved Amtsskularne, so vart det 40 Kr. for kvar Lærling.

 

Eg er av den Meiningi, at Folkehøgskulen helst maa ha’ Tilskot paa 1600 Kr. Med eit Tillegg av 300 Kr. i Skulepengar vert det 1900 Kr. Um der er 30 Lærlingar, so vert det for kvar 63. Elder med 37 Lærlingar 51 Kr. for kvar Lærlig.

 

Og det kunne henda, at Skulen fekk mange fleire Lærlingar enn her nemnt.

 

Men sjølv med faae Lærlingar vert Folkehøgskulen billigare enn Amtsskulen med mange Lærlingar.

 

Folkehøgskulen hev havt likso stor Lærarstyrkje som Amtsskularne.

 

Det, eg her hev skrivet um Skularne i dette Amtet, gjeld alle Stader, der Amts- og Folkehøgskular verkar attmed kvarandre.

 

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum