[Tidender.] Krigsrettssaki mot Odd. Vik.

 

Odd. Vik skreiv eit Uppsett i Dagbl. i fjor eingong um Tilstandet paa Ekserplassen Tvildemoen (Voss) og sa’, at det ikkje stod væl til i alle Maatar millom dei meinige og tvo Offiserar, ein Kaftein og eit Lytmann – mest den siste. For dette vart han av Krigsrett i Bergen dømd til 40 Dagar eismalt, audslegt Fengsel.

 

So vidt me hugsar, fekk Odd. Vik bruka Sakførar, og det pla dei heldest ikkje faa i Krigssaker.

 

Krigsrettssaker kjem held ikkje for aalmen (sevil) Domstol. Men Odd. Vik fekk Lov til lata Saki prøva for Høgsterett og.

 

Høgsterett slo fast Krigsrettsdomen og væl so det. Odd. Vik fekk baade 40 Dagar Fengsel og 400 Kr. i Løn til Aktor (han som Retten set til aa saksøkja) forutan det, han maa ut med til sin eigen Sakførar.

 

Odd. Vik hev havt mykje Utlag baade no i Kristiania og Bergen og fyrr, daa han hev leget i Tvidrag med militære Styremagter. I Krigsgreidur skulde ingen rota. Dei gjeng sjeldan snikkelaust av med det. For Tingen er den, at ein undergjeven ikkje skal ransaka og meistra nokoslag i dei Saker. Ein skal tegja, ”for Skuld Her-agen : Disciplinen”.

 

Haringarne hev no det beste Tilhøve til aa stytta Odd. Vik i Pengevegen. Det skal ha vore Tanken deira og det aa gjera det. Lat no sjaa, det gjeng.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum