Hr. Bladstyrar.

 

Han, som skriv um ”dei tvo Vinstre og Vinstrebladi”, hev i Fedraheimen  for 24de Juli havt fat i meg.

 

Han forsvarar meg.

 

Han gjeng ut fraa som ein sjøvlsagd Ting, at naar eg hev voret ute mot Politistyre, Prestevelde og Aandstyranni, so er det for di at Jak. Sverdrup i 1882 var med aa negta meg Stipendium.

 

Og han slær paa, at dersom eg i 1882 hadde fenget dei Pengarne, og dersom Folk i det heile hadde voret meir hjelpsame mot meg i Pengevegen, so kanskje eg no kunde ha voret eit skikkelegt Menneskje og Arbeidet mitt ”berre til Velsigning”.

 

- At du kann taka inn slikt, Fedraheim.

 

Dersom den Fyren trur slik um meg, so skuld han skjella meg ut, naturlegvis; og daa kunde du ta det, for eg skulde nok verja meg. Men Fyren trur slik um meg – og forsvarar meg. I kristeleg Kjærleik, med himmelvende Augo, snild og blid som Smør i Sol. Det er det verste eg hev voret ute for enno.

 

Det einaste eg kann segja er, at den Mannen, han kjenner meg ikkje. Og eg kann leggja til, at eg ikkje kjenner honom helder. Ein Mann, som kann tenkja so hjarteleg smaatt, høyrer ikkje til mine Folk, og eg vil helder ha tie Angrep i Vestlandsposten enn eit Forsvar av honom.

 

Til fjells i Juli 1886.

 

Arne  Garborg.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum