(Del 2 av 3. Fyrste delen.)

 

Vil nogen i Verden fegte,

Men dølger Aasyn og Navn,

Da ved jeg, hans Aand er ei egte,

Jeg tager ham ei i Favn”.

 

 

Jørund Telnes er Gut, som verjer den norske Kulturen det”, segjer Navnlausen. Der fortala du deg. Me heve daa fulla nyleg fengje vist dæ veit me, at her er ingjen Ting, som heiter norsk Kultur. Dæ er plent mæ den, som mæ Husko og Tresko, Gamalost og gamle Skjinkur o. s. fr., som ein finn mest ivi heile Værdi. ”Heve du høyrt honom” – Telnesen – ”tala i Amtstinget, so veit du han er strid paa Norskdomen”.


 

Ja dæ var Styving den ”Telnesen” du, som tore vaage seg til aa tala um Knebrøkjer, Topphuvur, mugne Skjinkur og Valmaalsteoriar i Amtstinget! I Stortinget kann slikt noko ganga an, men tala um slikt i eit Amtsformannsskap daa! Hadde det endaa vore ein Folkehøgskulelærar elder ein Akademikus, som veit kva ”Kjæse” heiter baade paa Tysk og Latin, so hadde dæ vore ei onnor Sak. Hadde berre ”Telnesen” vist dæ fyrr, at Knebrøkjer, Topphuvur o. s. fr. hadde eigong kome fraa Europa, so hadde han nok akta seg væl for aa tala um sovore i Amtstinget. Der kann ein berre sjaa, kva Bøndar skjynar paa Kultur, naar dei inkje eingong veit kva Knebrok og Topphuve er for noko. Var dæ ventande dæ daa, at ”dei raabarka” og ”Heimføinganne” kunne skjyna seg paa Kulturen og Norskdomen? Der skaa studdera Folk til dæ og inkje Bøndar, som er slike ”Romantikkerar” og ”Bakstrævarar”, at dei jamvelt heve Knebrok og Topphuve. Aa jau kann ein Bonde segja Ha og Ja, so skjynar han det au, allvist um han kann røda so dæ fell i Stilen for dei, som heve fengje Patent paa aa vita, kva som er Kultur og Folkeskjikk baade heime og burte.


 

Du skulde inkje vera so vond paa meg du Navnlausen for dæ um, at eg er meir einug mæ Kristoffer Bruun enn mæ Ullmann. Eg tykkjer dæ er noko underleg, at du er so lei mæ Knebrokji og Topphuva mi au! Dæ er europæiskt dæ aa gange i Knebroki du, veit du dæ du. Du heve vel set Turistbrøkjer aat Franskmennar og Engelskmennar, veit eg? Ho heva lidt av den Svipen au mi Brok. Du vil no bli hoppande gla dæ veit eg, naar du fær vita, at dæ er ein Tyskar som heve gjort Brokji mi. Ho er inkje av desse gamle Knebrøkjene, som heve tvo Fuer helder mi Brok du. Du heve vel set dei du au Navnlausen. Nei so du, so heve dei Gamalost, Spikjekjøt og sovore der ute i Europa au, kannhende heilt inni Paris! Kannhende dæ kann koma paa Moten atte o daa! Aa Huldreslaattar i Ungarn o. s. fr.! Ja so er dæ naar ein høver paa regtig lærde Folk! Daa kann ein faa vita mykjy, som ein inkje viste fyrr. Daa kann ein stundom faa vita dæ au, at dæ du trudde aa viste fyrr inkje er Sanning, men berre Lygn aa Tufs. No veit eg daa, kva Kjæse heiter paa tysk au! Var dæ inkje ”Kæse”? Dæ lyt eg minnast. Kannhende me snart kann lære aa ysta paa tysk au no. ”D’æ ”Kæsen” dæ kjem an paa veit du. ”Ja no veit eg daa kva Ditto er au”, sae Mannen, ”dæ er Bakmeis dæ”. Men her bli fulla Ditto ”Kjæse” paa Latin ”casens” elder paa Bohêmitisk Curasie.


 

Dæ rettaste var, skulde ein tru, aa inkje bale mæ Knebrøkjer, Topphuvur, Fepemjølk elder muggne Skjinkur aa sovorne Bøndar korkjen i Stortinget elder i Amtstinget, ein kunne so snøgt koma til aa baka snakvendt. Aa so er dæ truleg, at mykjy av dette vilde høva betre inni ei Kokebok. Noko lyte her no vist gjerast likevæl, hellest kunne Bonden koma til bli standande atte som ein grøn Ost. Ho heve vore kveden paa fyrr baade i Seljor og Brunkeberg denne Visa fyrr ho kom inni Stortinget. Ingjen Seljoring totte gjilt i henar og dei beste Folkehøgskulevener fekk gnaga meg til aa mela imot paa eit Folkemøte i Joli, aa dæ totte mange, at Ullmann blei skulig Svar. Eg heve nok ”rød sant aa ærlegt mæ Sambygdingjen” min fyrr baade um dette aa mykjy anna, som me inkje likar. Er dæ inkje fælt, at dei skaa sjaa so lite vidt umkring seg i Seljor daa, som dei heve havt Ullmann til aa preika so længje for seg? Jaso, dei heve Knebrøkjer, Topphuvur aa mugne Skjinkur andre Stader enn i Noreg au. Dæ var altso inkje beintfram dette, som var meint daa? Nei dæ var dæ me trudde! Me veit ikkje betre enn me skulde vera færuge for minst ti Aar sea mæ aa inkje seta norsk Aand, norsk Tankegang og norsk Hjartelag i sliktnoko, um me nokonsin for Olvor skulde sett Norskdomen i Knebrøkjer og Topphuvur o. s. v. Ja var dæ inkje dæ me viste, at dæ skulde vera Bøndarne sjølv, som er so trongsynte, hev so lite Vit paa Fridom, Kultur aa Nasjonalaand, at dei aandeleg liver av aa gnaga paa mugne Skjinkur. – Den ”Heimfødingjen”. – ”Dei Raabarka”! - Lat Knebroki og Gamaltrøya vera komen fraa Frankrikje fraa fyrstandes av, so veit me daa endaa dæ, at dei fekk sit heimlege Lag aa Svip baade i Skur aa Sønne. Eg tænkjer Nasjonalaandi er so sterk, at ho heve orka aa slegje seg inni Marmorsteinen liksheld. Aa um so dæ norske Maalet eigong kann hava kome heilt fraa Kaukasusbergji, so trur eg endaa, at dei norske Fjelli tok dæ aa bøygde dæ etter seg liksom Spilemannen, naar han fær Siteren paa Haringfela til aa svara imot Strængjen. Ein skulde inkje spotta ”Wergelandsvalmaalet” og ”Valmaalsteoriarne”. – Kannhende dæ var Valmaalsteoriarne og den norske Frihugjen, som hjelpte Sverre til aa ”stande Roma midt imod”. Dæ var Pavemagti daa, som melde seg som den høgste Kulturen. Kannhende dæ var Valmaalsteoriarne, som sae Nei, daa Danskeveldet kom aa vilde struke ut Maalet vaart og alle vaare Folkemerkje mæ tysk og dansk Aand. Kannhende dæ var godt, at me laag atte og gnog paa Spikjekjøtet daa. Kannhende dæ var godt, at Knebrokji aa Gamletrøyi var so vidt seige, som dei var, daa Bymotarne gjorde Flatlandsbøndarne til Sofabønder aa Knotefantar aa lærde Døttarne deires ”til spille Hakkebret”.


 

Eg skulde berre ynskje, at dei, som vil vera Folkets Lærarar, kunde setja meir Vær paa Valmaalet og Simpelheiti. Dei som vil vera Lærarar for dæ norske Fjellfolket, fær gange fyre her au, dei fær inkje fara fram i stor Stil. Dei fekk taala um ein inkje heve Raa til aa forsyne Kjøkenet sit mæ Færskmat alstøt. Ein fær nok bruke lit av dæ gamle baade for Likam og Aand enno. Aa so skulde dæ vera gjilt, um dei kunne setja seg ne aa røda ut mæ Bøndarne, dæ kunn nok hende, at dei kunne læra lidt av dei au. Dæ synest bli Ovtru paa seg sjølv, naar ein trur, at ein er so langt framumkring, at det ein sjølv meiner i smaatt og i stort, tjukt og tunt, skaa stande der som eit absolut Veto, elder ein avgjort historisk Dom.

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum