[Tidender.] Svensk i Hovudstaden.

 

Ein Brevskrivar til Kristianssandsbladet Fædrelandsv. fortel um, kor stor Inngang det svenske Maalet hev havt og hev i Kristiania, ja i andre Byar hjaa oss og. Det er vorte fint aa sverma for svensk for ikkje aa segja tala so smaatt paa det. Som Prov paa dette fører han fram, at dansk Skuespæl tapar Plass, medan svensk ditto for kvar Dag som gjeng vinn meir Rom. Folk likar so godt svensk Lystspæl – for Skuld Maalet. Enno meir fær ein kjenna dette ved aa koma ut millom det unge Kristiania. For daa høyrer ein dagstødt, at Folk finn aat Bok- og Bymaalet vaart og legg for Dagen brennande Hug etter det svenske som Talemaal i Noreg. Skal der offentlegt eld privat sjungast einkort, so vel dei svenske Tekstar i staden for norske. Ved ein Basar i Vinter studerte nokre Dilettantar inn ei heil Akt av eit svensk Syngestykkje, og der er Prov paa, at private Skuespælarar i innbodne Lag hev valt aa spæla maatelege svenske Stykkje, paa svensk i staden for aa velja inkort av den rike danske Bokavlen.

 

Enno eit Prov – det faarlegaste av dei alle. Bladi og visar seg huga paa aa svenska. Fredrikshaldsbladet Smaalenenes Amtst. prøvde for nokre Aar sidan aa levera Nyheiter paa svensk. Men dette vart so mislikt av mest alle Folk derumkring, at Bladet snart maatte halda upp med det. For no er Amtstidenden bra norsk av seg. – Men Kristianiabladet Dagenhev prøvt til att paa nytt Lag. I det siste Aaret hev det trykt av ei lang Rekkja Redaksjonsuppsett or svenske Blad utan aa setja dei um. Her i Vaar tok det til og med inn ein Føljeton paa svensk, og den gjekk gjennom fleire Nommer. Svenskarne gjere aldri so like overfor Nordmennerne. Danskarne held ikkje like overfor Svenskar og Nordmenn. Dei svenske Bladi er so rædde for aa gjera Maalet ureint, at dei ikkje trykkjer av Kongens norske Trontale paa norsk dessmeir, medan me aldri set um dei svenske Trontalarne.

 

Den Avnorskingi av Hovudstaden er ikkje so vand aa forstaa. Det gjeng langsamt men stødt dette. Det einaste løgne er, at Ungdomen er god til aa snakka med slik Vanvyrding um Mors-maalet sitt i ei Tid, daa me hev dei største Diktararne i Norden. For heldest kann ein nok syna, kva det er, som gjere, at Svensken til daglegt Bruk fær slik Overmagt. Folk snakkar ikkje pent i Kristiania. Fine Folk er vortne upptamde til ein unaturleg Uttale av Maalet med Undertrykkjing av norsk Tonefall. Talen er ein æveleg Age for Tunga, og det endaa i Mangel paa Tankestøleik. I Samanlikning med slikt vert baade Dansken, og enno meir Svensken, som forheldest lyder mykje pænare enn Dansken, den reine Fegra og Vælljodingi.

 

Framleides er det den idelege svenske Komediespælingi. Teatret hev stor Magt, og fagre Ord, sagde paa ein fager Maate, ljomar lenge att i Øyro. Me hev i langsameleg Tid fenget dei morosamaste Smaa-syngjestykkjer i Europa paa svensk. Me er ikkje meir av Stokk og Stein me enn andre. Ein fin Lund (Melodi) vert snøgt folke-kjær. Til Melodien høyrer ofte ein morosam Tekst, som fyl’ med i hugset og i den private Gjengjevingi. Tenk so etter for ein Dunge med svenske Ordelag og Maalblomar (Sprogblomster) Kristianiafolket samlar seg i hop berre i ein Sumar t. D. Alle Operett-vitsar paa Moden er i svensk Maalbunad og kann ikkje baketter verta folke-kjære i Umsetjing, likso litet som Lynet kann koma baketter Torebraket.

 

No, dette høyrest fælande vonlaust. Er det daa ingi Berging? – Inntil vidare er det ikkje det, nei. Fyrst den dagen, daa me fær eit norskTeater, som Folketsøkjer – Folket av Millomklassen – vil Kr.a verta ein nasjonal By. Kristiania Teater hev for det meste ei svert høgtideleg Skuespæl-liste for Overklassen. Det er ein Hending, at det er noko so folkekjært, at det dreg heile Hovudstaden. Dei Farser (Narre-skuespæl) ein fær sjaa, er som oftaste umsette av Folk, som ikkje kann Mors-maalet sitt godt og aldri veit aa finna eit treffande Ordlag, som kann verka nasjonalt.

 

Kristianiabladi hev eit laakt Maalstade. Dei er nøgsame i Valet av Arbeidsfolk. Dei kjem ikkje i Hug, kor Folk vilde vera gilde av norsk Maalføre. I Sverig og Danmark gjere Avisurne seg mykje meir for i so Maate enn dei her i Kr.a. Det er ingenting, som minner um Noreg og Kristiania. Arbeid for billeg Betaling stend høgt i Verde. Dei tek Folk upp fraa Gata, naar desse kann faa-ast for lite eld inkje og er viljuge til aa gjera kva Slags Neger-arbeid som for Henderne kjem. Kristiania-avisurne er ”billege og laake” – eld dyre og laake – mangeingong fordi dei hev voret ein Forsyrgjingsstad for Venar og Frendar.

 

I Skularne er Undervisningi i Norsk snaud og fatug. Det er jamnaste so, at Lærararne i Norsk ikkje duger i det Faget. Dei kunde likso godt og likso eldhuga undervisa i dette eld hitt framande Maalet. Men um Læraren er god nok, er Tidi for knapp. Dei, som skal retta Stilarne til Student-eksamen, klagar stødt over dei fæle norske Stilarne, medan det nettupp var desse, som skulde vera dei beste.

 

Det er i Sanning ikkje noko Trollskap, at Kr.a hev so liti nasjonal Kraft. Ingen Hovudstad i Europa hev syrgt so laakt for det nasjonale og stelt seg so likesælt for ikkje aa segja fiensk mot den høgre Kulturen som Kr.a. I ingen annan Hovudstad er det so lite aalmenn Aand, so lite Offerviljugheit som nettupp i Kr.a. Her er ein Overklasse og ein Underklasse som ingen annan Stad i Europa. Overklassen stengjer seg eigenkjærlugt inn i overdaaduge Heimar – Underklassen tvingast planstødt burt i Armarne paa Lækpreikararne.

 

Difor er i Kr.a det framande det sterkaste og vinn so lett alt tomt Rom. For alt, som kjem utan ifraa, ber med seg større Kultur enn den me sjølv hev – i Kr.a. Det einaste, som ikkje kann vinnast Bugt med gjennom framande Prov og heimleg Røynd er Faakunna, Ljosfiendskap og Vrangsyn hjaa dei, som styrer Staden.

 

 


Frå Fedraheimen 14.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum