Aalmen Røysterett

 

er eit av dei sterkaste Krav, som er framme i vaar Tid. Og det kann ikkje vara lenge, fyrr det gjeng gjennom. Kravet er baade rettvist og i Samhøve med Utviklingi. Det er rettferdugt av di, at det ikkje er rett aa gjera Pengarne til Styrarar av Samfundsforhaldi. Det hev lenge voret so, at dei, som hev havt mest av Eigedom, dei hev havt mest aa segja. Det hev voret so, men difor er det ikkje rett.

 

Dei Grunnsetningar, Grunnloven og heile Samfundsskipnaden vaar, er bygd paa, er Fridom, Likskap og Brorskap. Alle skal vera frie og likestillad. Ingen skal hava nokon Forrett framfor ein annan. Men aa tala um, at alle er like, so lenge ein stor Del av Folket ikkje fær Borgarrett, berre avdi dei ikkje hev so mykje Pengar som hine, det er noko stort Tull. – Ja det er snodig med det. No hev me her i Noreg talat og sunget um, at her er Fridom baade for Loke og Tor, og at det knapt finst so fritt eit Land i heile Verdi. I yver 70 Aar hev me tullat oss inn i dette og trutt paa det. Og so syner det seg, at det er berre noko Sanning i det og at kannhenda Mesteparten er Lygn. Her er Fridom, det kann ikkje negtast, men ho er ikkje for alle. Det er berre ein Del, som fær gagn av ho. For Fridom kann det ikkje godt vera Tale um, utan ein er sjølvstendig. Det, at alle er like for Loven og at alle Brottsmenn vert straffad anten dei er rike elder fatike, det at alle hev Rett til aa reisa, kor dei vil og taka paa med kva dei vil, det er visseleg Fridom det og, men det er ikkje alt. – So lenge ein ikkje hev Borgarrett, so lenge er ein ikkje fri. Og noko Brorskap, kann det sjølvsagt ikkje verta under sovorne Umstende. For at han skal trivast, maa alle vera like. Brorskap millom frie og ufrie Folk er ein umogeleg Ting.

 

Den Tingen, Motstandaranne av aalmen Røysterett oftast kjem med, er, at den noverande Samfundsskipnad vil verta umstøytt og ein ny vil koma istaden.

 

Det trur me ikkje noko paa. Me meiner, at aalmen Røysterett høver godt i hop med Grunnloven vaar, ja so godt, at so lenge me er han forutan, so lenge hev ikkje Grunnlovens Aand trengt gjennom. Den einaste Umbrøyten vert, at alle Folk fær vera med i Statslivet. Nokon Revolusjon tarv me ikkje ræddast for. Revolusjonen kjem ikkje av det, at ein er rettferdug. Den kjem av motsette Grunnar. Og me kann vera visse paa, at soframt ikkje Kravet vert etterkomet, so vil det samlast fleire og fleire um det, og daa kann det kanskje verta Tale um Umstøytt. Det er umogelegt aa setja seg imot Utviklingi. Ho gjeng altid fram – trass all Motstand. Naar fyrst eit rettferdugt Krav er framkomet, so gjeng det aldri til Grunne. Det veks seg altid sterkare og sterkare og den Dagen kann koma, at dei, som stridde imot berre for aa kunna grava til seg sjølv so mykje som mogelegt, dei gjeng under, naar Straumen bryt laus. – Det er sjølvsagt, at aalmen Røysterett vil føra Forandring med seg baade i dette og hint, men ein kann vera viss paa, at det vert berre gode Forandringar. Kva vondt tru vilde henda Bonden, um Arbeidarar fekk Røysterett? Tru nokon vilde koma aa jaga han fraa Garden? Nei, ein kann vera viss. Han fær sitja likso tryggt daa og tryggare enn no. Og han vilde hava Bate av det: han vilde faa trugnare Arbeidarar, for ingen arbeider so godt som ein fri Mann.

 

Soframt me fekk aalmen Røysterett, so vilde me kunna faa Ende paa alle desse, som berre tenkjer og grunar paa, korleis dei skal kunna tena mest paa Arbeidaren for sjølv aa liva i ”Sus og Dus”. Arbeidaren vilde sjølv koma til aa verta Eigarar av dei Fabrikar og Verkstader dei arbeider i. Det vilde vera ein stor Bate for Samfundet. For alle desse, som suger ut den stakkars Arbeidaren og liver som Fyrstar, medan han knapt hev Mat og Klæder nok til seg og sine, dei er berre til Skade i Samfundet, og til snøggare dei kom burt, til betre var det.

 

Det er vondt aa tru, kva mange Blad fortel, at mestparten av Folket (Bønderne) er imot aalmen Røysterett. Det er vondt aa tru, og me trur det ikkje, fyrr me fær sjaa det. Det er ikkje vakkert av desse Bladi aa fella ein so daarleg Dom um Rettferdskjensla hjaa det norske Folket. Men sjølv um dei hev rett, so var ikkje det nokon Grunn til aa uppgjeva Arbeidet. Ei god Sak vinn altid fram, um ho ikkje gjeng fyrste elder andre Gongen. – Og naar ein er yvertydd um at Saki er rettferdug, so gjeld ikkje ein sovoren Innvending det Slag. Ein hev ikkje moralsk Rett til aa yvergjeva ho til Framtidi berre for aa hava Fleirtalet med seg.

 

Paa siste Ting vert det framsett Forslag um aalmen Røysterett. Me vonar, at Tinget gjeng med paa det, so snart som mogelegt. Her maa det ikkje vera nokon Skilnad paa Oftedøler og Europæarar. Her maa heile Vinstre kunna vera samde. Baae Presidentar (Steen og S. Nielsen) er med paa det, likeins gamle Jaabæk.

 

Aalmen Røysterett vil vera eit Framstig for gamle Noreg. Fyrst naar alle sjølvhjulpne Folk fær Høve til aa taka Del i Riksens Stel, daa fyrst kann me med Sanning segja, at Landet stend som eit av dei fyrste i Fridom. Men til den Tid, er det ikkje sant.

 

 


Frå Fedraheimen 14.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum