[Tidender.]

 

Kristiania, den 10de September.

  

Fraa ”Det norske Samlaget”. Utyver Hausten og Vinteren kjem: Fraa 1852-1884, Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar, Evangeliet etter Mathæus og 6te Del av A. O. Vinjes Skrifter i Utval og noko til. (A-B-C og Lesebok for Folkeskulen kjem ikkje paa Samlagets Forlag, men hjaa ein Bokhandlar). Aarsmelding, Rekneskap og Medlemslista for 1885 er no prentat og vert snart umsendt.

 

Nye Lagsmenn fær umframt Bøkerne for iaar ogso nokre andre til ein Verde av ikring 4 Krunor.

 

Aarspengarne til Samlaget er 4 Krunor, som maa sendast i betalt Brev til ”Det norske Samlag”, Kristiania.

  

Me bed alle Vinstreblad taka inn dette.

 

  

Statsministar Sverdrup  og Kommandør Smith hev vortet Riddarar av ein spansk Orden. El Merito naval, heiter han.

 

 

Stortingsmann Nils Skaar hev nyleg haldet eit Fyredrag um ”den nye Opposition”. I dette kjem han fram med mangt og mykje, som ein veit er berre Tufs og Tull. Soleis fortel han, at Bjørnson, daa han kom heim fraa Paris, fekk Tak i Høgres Førar, Stang, og tilbaud han ei Semja millom Høgre og det reine Vinstre for aa styrta Regjeringi. Dette er berre Uppspinn. Bjørnson sagde sjølv i Talen paa Tivoli, at han aldri vilde vera med paa aa styrta Sverdrup, og likeins hev Stang nektad at det var sant. Likevæl finn Skaar, at det gjeng an aa fortelja sovore for Folket i Hardanger. Han trur nok at det skal styrkja Oftedølarne. Men ein Stortingsmann burde vita sopass, at Lygni slær sin eigen Herre. Det var ikkje formykje aa krevja av ein Stortingsmann, at naar han vilde upplysa Folk um den politiske Stillingi, at han daa for med Sanning.

 

 

Studenteksamen for iaar. Det er i alt 364 nye Studentar, 254 Latinare og 110 Realistar.

 

Desse hev fenget beste Karakter. A. F. Aal, Stavanger Skule (tils. 17 for 12 Fag). W. Dons, Gjertsens Sk. (14, 12). M. Jacobsen, Privattist (17, 12). F. Meyer, Bergens Sk. (16, 12). Michelet, Trondheims Sk. (17, 12). O. Mæhle, Kristianssunds Sk. (14,12). Paulsen, Bergens Sk. (17, 12). Paulsen, Kr.a Sk. (15,12). Winsnes, Aars & Voss Sk. (13, 12). Dette var Latinarar. Av realistar er det 3, som hev fenget beste karakter: A. J. Brandtzæg, Trondheims Sk. (15, 12). Th. G. M. Grønn-Hansen, GundersensSk. (18, 12) og B. G. Wyller, Kr.a Sk. (15, 12). 61 av dei nye Studentar er Bondegutar.

 

 

Folketalet i Norges Byar  var etter Rektor Horns Lærebok i Geografi den 31/1285 tilsaman 423,700. I alt er det 60 Byar. Soframt alle var like store, so vilde kvar ein av dei hava eit Folketal paa 7061. Som det no er hev:

 

Kristiania 130,800, Bergen 46,600, Trondheim 23,800, Stavanger 22,600, Drammen 19,400, Kristianssand S. 12,700, Fredrikshald 11,200, Fredrikstad 11,200, Laurvik 11,100, Kristianssund N. 9,800, Skien 7,300, Aalesund 6,900, Tønsberg 6,900, Moss 6,900, Tromsøy 5,900, Horten 5,800, Haugesund 5,300, Kraakerøy 5,200, Kongsberg 4,600, Arendal 4,500, Mandal 3,800, Porsgrund 3,600, Hamar 3,600, Sandefjord 3,100, Grimstad 2,900, Sarpsborg 2,800, Bodøy 2,800, Ekersund 2,700, Risør 2,700, Vardøy 2,400, Holmestrand 2,300, Hammerfest 2,300, Brevik 2,200, Vadsøy 2,200, Drøbak 2,100, Namsos 1,900, Stenkjær 1,800, Flekkefjord 1,700, Litlehamar 1,700, Molde 1,600, Farsund 1,500, Svelvik 1,400, Litlesand 1,400, Langesund 1,400, Kongsvinger 1,300, Hønefos 1,300, Gjøvik 1,200, Skudesnæshavn 1,100, Levanger 900, Kopervik 800, Soon 700, Florøy 600, Holmsbo 500, Sokndal 400, Aasgaardstrand 400, Stathelle 400, Hølen 200, Kvitstein 200.

 

 

Eg skal vera med! Her um Dagen, medan Toget gjekk fraa Tønset Stasjon, kom det ei gamall Kjering like mot det og ropad: ”Eg skal vera med! Eg skal vera med!” Togføraren saag seg ingi onnor Raad enn aa stoppa. Kjeringi vart ”langat” upp i ei Vogn og fekk vera med.

 

 

Straks Aleksander  av Bulgaria kom attende til Sofia, Hovudstaden i Bulgaria, sendte han eit Telegram til den ryske Keisaren. Keisaren svarad, at Russland kravde, at han fraasagde seg Trona. Det hev han no gjort. No er han godviljug reist ut or Landet, daa han ikkje fekk Stydnad fraa nokon Kant.

 

Fyrst Aleksander er fødd 1857. I 1877-78 var han som russisk Løytnant med i Krigen mot Tyrkriket. Den 29de April 79 vart han valt til Fyrste av Bulgaria.

 

I dei 7 Aari, han hev voret i Bulgaria, hev han arbeidet paa aa setja Landet Sida um Sida med dei frie Nasjonarne. Han hev gjort mykje godt for Bulgaria, og det er eit Spursmaal, um ikkje Russland eingong fær betala for den stygge Aatferdi si.

 

 

Magne, Tidsskrift for Kyrkje-, Skule- og Folkeupplysning, styrt av Fr. Wexelsen, V.

Ullmann, Olaf Røst og H. Vexelsen, Nr. 15 er komet ut og inneheld:

 

Moralen og dogmerne, af Fr. Wexelsen. – Små reiseminder II, af H. Vexelsen. – Kvindens arbeide i og for missionen, ved N. Dalhof i ”Kirkebladet”. – Folkehøgskulen i Aafjorden.

 

 

Fra Diakonissehuset” No. 9 er komet ut med dette Innhald: 

 

Enke-Institutionen i Oldkirken. – Makrina. – Fattigplejen i Mühlhausen. – Sygepleie. Kighoste – Indsamling af Ørebidrag. – Det nye Diakonissehus paa Lovisenberg.

 

 


Frå Fedraheimen 11.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum