Hr. Mons Litlere

 

er ute i Fedraheimen og sender oss ei Melding fraa Skjotarfesten i Dale (for Firda og Sygnafylket). Eg sender han herigjenom mi varme Takk for Meldingi. Det var bra, avdi at me, som ikkje var der, fekk høyra eit Grand derifraa.

 

Men det var noko i Slutten av Stykkjet hans, som eg ikkje likad vidare, den Maaten han dreiv Agitasjonen for Norapaa.

 

Eg totte, det var Løgje -- og sletikkje høvelegt aa tigga soleis til ”vesle Nora”.

 

Me skal ikkje svelta dei faae Maalbladi, me hev, men eg trur, det vil skada Saki aa taka det paa den Maaten, som M. L. fortel, han gjorde. Eg trur, at Maalsaki er so sterk no, at me ikkje skal gaa soleis paa Knei etter ei Krone aat Nora.

 

Eg høyrde ein, som las Stykkjet, segja: ”Er ikkje Maalsaki sterkare enn at ein lyt tigga soleis etter nokre faae Pengar aat Nora  for aa stydja Saki med, so er det vist ei altfor stakkarsleg Sak til aa arbeida for”. –

 

Og eg kann ikkje anna segja, enn at han hadde Rett i det. Me skal hjelpa fram baade Maalsaki og Maalbladi, men ikkje lata det verta so smaalegt. Det skal dog segjast M. L. til Ros, at han arbeider svært mykje for Maalsaki. Det er lett aa fara i Mist; det kann henda den beste.

 

Bremanger 30/886. H. I.

 

 

Endaa me veit, at Mons Litlere sjølv er Mann for aa svara paa dette Stykkjet, so vil me ikkje tegja stille me helder. Me tykkjer slettikkje, at det er ”smaalegt” aa arbeida for Maalsaki paa den Maaten, M. L. gjer det. Me fær hugsa paa, at trass alt Arbeid, som hev vortet lagt paa ho, so er ikkje Maalsaki sterk endaa, aa døma etter den Stydnad Maalbladi i Landet hev. Me hev mykje Arbeid med ho enno, fyrr ho sigrar. Og ein av dei beste Maatar aa arbeida paa, tykkjer me nettupp er Maaten hans M. L. Det syner ein so stor Varmhug for Saki, at soframt me hadde mange sovorne Arbeidarar, skulde det ikkje vara lenge, fyrr Saki var ovanpaa. Bladst.