[Tidender.] Kristiania, den 25de September. Noregs Vinstreforeining

 

heldt Aarsmøtet sitt siste Fredag og Laurdag. 37 møtte fram. Formannen, Landsdomar Quam upplyste, at Arendal hadde fenget seg Vinstreforeining iaar, og at ho hadde meldt seg inn i Landsvinstreforeiningi. –

 

Ullmann las upp Aarsmeldingi. I denne vart det greidt ut, korleis Foreiningi hadde arbeidat under Valstriden. Um Striden i Vinstre, sagde ho, at han berre galdt Saker, som enno ikkje var komne paa Programmet, og soleis ikkje vilde hindra Vinstres Arbeid. Um Framleggi til Kyrkjelovar var det mange Meiningar og kva Røysteretten vedkom, so var alle samde um, at soleis som det no er, er det reint gale, men det var ikkje enno komet noko Framlegg, som kunne samla heile Vinstre um seg. Paa Grunnlag av dette sette Styret fram desse tvo Vedtaki:

 

I. ”Repræsentantskabet udtaler ligesom forrige Aar, at Hævdelse af den parlamentariske Statsskik bør være det, som under Ministeriet Sverdrups Ledelse samler og forener Venstrepartiet i alle dets Afskygninger.

 

Ligeledes fastholder Repræsentantskabet Hærordningens og Jurysagens snarlige Gjennemførelse”.

 

II. ”Under Hævdelse af Noregs fuldstændige Ligeberettigelse og lige Del med Sverige i Behandlingen og Afgjørelsen af de diplomatiske Sager udtaler Repræsentanterne for Norges Venstreforening sin Tilslutning til den Tanke, som ligger til Grund for Fremsættelsen af det med den norske Regjerings Udkast stemmende og af Sorenskriver Qvam optagne Forslag til Forandring af Grundlovens § 28 med flere”.

 

Fyrste Vedtak var alle samde um; men um det andre var det ymse Meiningar. Det kom Framlegg fraa Konow, Dieseth, Kapt. Jakobsen og Schirmer. Anten vilde dei, at heile Vedtaket skulde burt og eit nytt istaden, elder ogso vilde dei hava Tillegg til det.

 

Etter eit langt Ordskifte, vart Framlegget aat Styret vedteket med 21 mot 13 R.

 

Laurdag var det Val paa Styre. Dei gamle – Qvam, Konow (H.), Hjorth og Krogh vart uppattvalde. Varamenner vart: Dieseth, Bladst. Svendsen, Gardbrukar Lien, Sparre og Five.

 

Deretter vart det vedteket eit Framlegg av Dieseth:

 

Repræsentantskabet udtaler sin Tilslutning til Tanken om, at Pantelaanerenten for de offentlgie Fonds ved administrative Forføininger nedsættes”.

 

Schirmer framheldt, at i den liberale Foreing i Kristiania var dei meste Arbeidarar, og at det, som hadde gjort dei til Vinstre, var Voni um, at Vinstre vilde skaffa dei Røysterett. Han sette fram eit sovore Framlegg:

 

Bestyrelsen anmodes om at indhente de lokale Foreningers Udtalelse om deres Stilling til de hvilende Grundlovsforslag angaaende udvidelse af Stemmeretten”.

 

Etter eit godt Ordskifte, vart Framlegget samrøystes vedteket.

 

 


Frå Fedraheimen 25.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum