Vaar Politikk.

 

Eg kjenner so væl denne Uviljen, som eg synest forstaa hjaa Fedraheimen, den til aa vedkjenna seg aa vera imot det, som sjølv kallar seg det nasjonale Vinstre, og som verkeleg ogso er nokso nasjonalt etter vaar i so Maate skrøpelege Maate aa vera paa. Men skulde det ”nasjonale”, det reine norske, gjeva seg ut for aa vera eit sert politisk Parti her i Landet? Ja, det hev voret Trong for det, er diverre enno ikkje fritt for Trong i so Maate, men me kann hava god Von um, at snart vil mest alle vera ”norsk-norske”, som Dansken segjer.

 

Det ”nasjonale” Parti sin Førar, Vestlp., vil vera ein Talsmann for ”Bonden”; men kva meiner Vp. med dette? Jau, eg skal segja, at eg trur, han meiner berre den Jordeigaren, som no hev Røysterett som Eigar; og helst den av dei, som heng mest med det gamle, utan Tankesyn yver Samanhengen – utan Kritikk, han meiner helst den, som er so attehaldande som mogelegt, utan just aa høyra til det gamle unasjonale Høgre, som no er i Daudsvoni og i det minste treng storUppyngjing. Han meiner den, som fram for altheld paa Statskyrkja, det kallar han Kristendom; den, som vil halda Presteskapet so godt uppe som mogelegt med aa vøla paa det, som med Tidi kunne riva det sund. Oftedølarne er for kloke til aa halda Presteskapet og det gamle Embætteslaget uppe med dei Midlar og dei Haandrekningar, som det utgamle Høgre brukad. Nei, segjer dei, her lyt firast for Folket. Men du maa fira smaatt, so vil det sella seg til deg Folk, som er rædd for munarlege Framstig, for det kunne koma eit Atteslag. Du maa aldri skræma rædde Folk! Gjer helder forlite! Attaat desse fær du daa med alle dei reine Attehaldsmennerne (av gamle Høgre), som no fær sjaa, at dei lyt vera litt ettergjevande og nasjonale. Vp. skjenner og lokkar so fint paa dei. Alle desse skynar ikkje, at Framgangen lyt høva til dei nokolunde upplyste, dei klaarare tenkjande og dømande, og til dei, som ligg under Økshamaren, for dei vantar Røysterett held annan Fridom. Ikkje gjerast Framstigi av fyre held etter dei halvsovande og skuggerædde. Difor: gjer Rett og Skil Godtfolk! for kvar, kor ring han er, hev sin Mannsrett fullt som den no raadande i Landet. Ja, røyn deg, det gjeng ikkje, vert ikkje Fred for deg utan so, kor Vp. preikar i sin ”Forstaaelse” av Kristendomen, at du maa lempa deg med Attehaldsfolket. ”Bi no! Du maa ikkje vera so ”radikal”, du kann gjera Rett og Skil ein annan Gong! Berre før Kristendom og Tru i Munnen din, so er Utførandet ikkje so til hasta med”! Det er nett den same Tanken ein fær taa Arbeidet med dei ”kyrkjelege Reformarne”: Frigjer smaattfraa Statsmagti, men legg nokre fleire Band istaden, nokre fine og folkelege so nær Præsteskapet og gamle Truer, so smjugande og sveipande kring dei nye Formarne og kring dei, som er noko fri i Trui si, at Folk kann snørast so fast til Statskyrkja som mogelegt, endaa um dei maatte lida paa Samvitet sitt. Sjaa, soleis ser det ”nasjonale Vinstres” Politikk ut. Han er god til kjenna. Ja – so kjem naturligvis som sikkert Fylgje ein so mjuk og sømeleg Forkjettring som mogelegt. Alt som ikkje er rett-truande er rangtruande, forstaar seg. Det er so lett aa knekkja skadelege Folk med at dei er rangtruande.

 

Men – det er so rimelegt dette, at me fær eit Førarblad (Organ) for den gamle Statskristendomen, for den kunne koma i Faare. Det sanningssøkande Kristenfolket synest vakne til Forstaaelse av ein Kristendom med meir Liv og mindre Former, og desse Folks Reformtankar kunne koma til aa gaa noko vidare. Rimelegt er det, at eit folkelegt Presteblad kjempar for dette gamle trongare Synet av Kyrkja og Stat. Det er og eit so utmerkt Merkje paa denne Aanden, naar Vp. samanliknar seg sjølv med dei, som arbeider mot Sadusæarne, so ein med det same var fristat til aa tru, at han reiknad seg til dei kristelege (forstaar seg) Farisæarne. Men – ser de Oftedølar ikkje, at de paa denne Maaten eggjar upp det Folk, som no veks seg fram i Fridom? Var dykk! ein Gong kann De verta like so hardt kraste, som no det aflidne gamle Høgre. Folket er kanskje klokare, enn de trur. Det vil koma um inkje so braatt. Her er no alt ein ikkje so liten Flokk, som ser alt dette klaart, og den Flokken kunne koma til auka og med di klaarna i Tanke og Vilje. De trur Folket er politisk trøytt. Langt ifraa! Men det maa hava ei Tid til aa haatta seg. Sjaa attyver til Kampen i 70- og 80-aari! Det var kanskje ikkje so snøgge, men det var sikre Framstig, Folket gjorde med Høgre til Lærarar. Den Soga vil taka seg upp att. Lat vera, at de kann bruka Kyrkja held Kristendomen, som de kallar det, litt lenger, lott klokare enn det avlidne Partiet, men same Soga vert det tilslutt. Det bit ikkje lenge det, aa faa Folk utropat som Europæarar, Vantrue, Fritenkjarar o. m. Namnet skjemmer ikkje lenge. Ettersnakkarar, som de lyt fria til, vasar seg og fast for dykk tilslutt, kanskje det syner seg so smaatt alt? Og det store Talet, som held Vp., er ikkje til aa lita paa. Ogso andre enn de kann forsvara Kristendomen. Lat vera, at det i Fyrstningi ser mistenkelegt ut, at me hev med oss Fritenkjarar og ringe Kristendoms-forsvararar. Sanningi vil nok nok korso koma fram. Held ikkje Høling for Bonden rekk langt for dykk, for me vil snart semjast i det aa kalla oss Nordmenner like godt og varmt alle. Hev enn Landsfolket sert kunnat forsvara Normannskapen i Maal, Sed og Maate til vera paa, so kann andre – jamnaste ligg dei korso nær det - godt taka etter dette. Bonden – Jordeigaren – vil snart skyna, at han gjer rettast i aa skifta Røysterett med andre likso gode Nordmenner, og desse andre vil heldest krevja Retten sin hardt nok.

 

Vel byd Vp. no liksom Forlik med Vinstre, og ”Programet” – Fyrelegget – ser vænt ut. Johan Sverdrups Brev av 18de Juli d. A. vert lagt fram som Mønster; men alt dettegjeng me fullt med paa, og endaa er det rett som Vp. skriv i same Stykket: ”Striden kan ikke bilægges”. Saki er, at det var ikkje der; det var i anna det hang fast, og Vp. torer ikkje nemna reint ut dei Ting, som hindrar Forliket. Men eg skal nemna dei: Vp. krev, at det no skal vera stilt med Framstig. Berre dei ”store Reformarne”, som eingong er lovat, vedkjenner han seg, og dei au so snaudt gjenomførte som mogelegt. Legg so Kyrkjereformarne so nær som mogelegt den aandsdrepande Formi. Og øvst: Innføring av utolsam Tone i Tru. Berre dette litle er det som skil oss! Men det ligg djupt nok. Med heile dette Framlegget til Truesmerke kom daa Vp. no for seint. Han kann øsa upp ei Stund, for her er ringe Kjensler nok, men Folket ervaknat, og det vaknar dagleg.

 

Eg tvilar soleis ikkje paa, at Tidi er komi, til at Fedraheimenmed sitt Arbeid just no maa samla eit Folk kring seg; eit Folk, som ikkje berre held sterktpaa Nordmannskapen, men au elskar sitt Folk soleis, at ein kjenner seg lik her, anten ein er eigande held leigande, anten Bonde held Borgar, Mann held Kvende, Arbeidar i By held paa Land, likeins um ein er meir held mindre ”rett”-truande.

 

Eg trur ikkje, at Menneskja visnar etter kvart, held ikkje at Vantrui aukar, utan at ein reiknar dei for vantrue, som misshugar ein Statstru, tilfellt og reformerat ved borgarlege Lovar. Vaart Folk vil snart kjenna trong til aa samlast um eit ordførande Blad, som fyller deira Trong for frisk, rein endefram Lesnad, der ein kjenner seg trygg, at ein er paa sann Grunn, og kor Tonen er sømeleg utan aa vera sveipande um og fraa Sanningi. Folk er so indarleg leide og trøytt no av aa gaa paa dei Revaklørni, som det kom paa fyrsta, det vart fritt – kjende seg halvfritt. Med di, at det no kastar Revalabben, fer det meir etter kvart til aa vemjast (æljast) yver den usanne, umsveipande, ureine, sleipe, sli-dregne og beint ut skitne Maaten aa forsvara endaa sine gode framlegg paa, den som hev voret so aalment brukat. Just etter denne upprivne Tidi er Trongi større til eit ”Organ” for dei varmare, betre Kjenslerne. Kom med Godtfolk! Fedraheimenvil visst ikkje svigta. Det vil hugsvala Aandi dykkar.

 

Eg hev god Von um, at Sverdrups Statsraad held ikkje vil svigta i den vegen, endaa det synest seinast no kanskje aa hava voret noko lite rædd taa seg, men Vinstre hev ylt væl mykje, um det enn er godt og ærlegt aa varskua til Tidar. Vel kann det vera einkvar rædd med i Raadet, men gamlingen og andre er so frihugat, at dei nok staar Pal att, naar berre me – Folket – ikkje slepp Hjartat ned i Knei; men hender det, daa vert det hardt for dei frihuga i Statsraadet, so mykje meir som Morgenbladets gamle personlege Skrivemaate synest rekkja væl langt ned i Vinstre au, so det tergar Statsraadet styggeleg imot oss, og oss att imot vaart eiget Vinstre. Dette er ei sers liti Sak, men den litle gjer gjerne stor Skade.

 

N.

 

 

Ein av det ”nasjonale” Vinstre, men endaa kallat Europæar og alt det andre.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum