Aandsfridom.

 

 

Ingvar Bøhn har gjevi eit Innlegg i Kiellandsstrien i dei tvo siste Nr. av Fedraheimen, men eg tykkjer Tankesamanhenge er so laust, at det ikkje er greitt aa forstaa, kor det ber av.


Det er t. D. reint Uraa for I. B. aa setja seg inn i kva Bjørnson har meint med det han skreiv um Voltaire. I. B. vil ikkje skyna, at Voltaire ved sine kvasse Utfall mot Kristendomen og Presteskape gagna sjølve den kristne Aandsretninga i den Tia og reinska ut ein heil Del Misbruk, daa Kristendomen vart forkynt paa ein so aandlaus og tom Maate og Prestanne dreiv paa med so mykje Laakskap og Styggedom og misbrukte Kristi Namn.

 

I. B. er so insveipt i Røykjen fraa Oftedals Offeraltar, at han ikkje kann sjaa, at andre enn Kristne au har Rett til aa njote godt av Samfunde, naar dei bur i sama Land aa Samfund.

 

Det er ei Sjølvmotsegjing, naar I. B. segjer, at dei Kristne kann vera med paa aa setja ein Kristusmotstandar (!) til eit Embætte og løna han for det, ”so snart Verksemdi, han fær Løn for, ikkje i seg sjølv hev noko med Kristendomen aa gjera”. Det erei Sjølvmotsegjing, naar Ingvar Bøhnsegjer det.


Det gjeng ikkje an aa bruka den Samanlikninga, at aa setja ein Mann i Embætte er det sama som aa la ein Mann gjera Sko aa brjota Aaker for seg ”utan aa spyrja etter hans Tru”.

 

Det er ikkje det sama det.

 

Ein Mann kann godt gjera Sko utan aa brjota ned Kristendomen. Ein Mann som gjer Sko, har ikkje so lett for aa umvenda Folk til aa bli Fritenkjarar. Han har korkje Ti eller Høve til det. Men, ein som sit i eit Embætte, kann arbeia mot Kristendomen. Anten han har fengi Embætte sitt som Kristen eller som Fritenkjar, det kjem ikkje Saka ved. Det er berre formelt Vingl det. Det er ikkje mange, som har so godt for aa arbeia mot Kristendomen som Embætsmennerne. Dei har baade Autoritet og har mykje med Folk aa gjera.


Skal ein Kristen vera med paa aa gjeva ein Fritenkjar Embætte?

 

Svare maa etter I. B. bli nei likevel.

 

I. B. kjem etterpaa og segjer, at den kristne ikkje skal vilja hindra ein Fritenkjar i aa arbeia for sitt. Ikkje rettare enn eg veit, so er det nettupp det ein Kristen skal gjera. Han skal hindra Fritenkjaranne aa trengja fram paa alle Leier.

 

Alt det, som her er nemnt, høver ikkje godt i hop med det, som I. B. vil visa med Stykkje sitt:

 

At det er umogelege Ting for kristne Folk aa sjaa burt fraa Aandsretningi”, naar dei gjev Diktarløn.

 

Kva vilde I. B. segja, um Fritenkjaranne vilde negta Bevilling til Kyrkjur, Presteløner og alt slig?

 

Ja – det er ei onnor Sak, vil han segja – daa lyt ein naturlegvis sjaa burt fraa Aandsretninga.

 

Dei Kristne betalar Skatt, derfor maa dei ha sine Prestar og Kyrkjur i Fre, segja dei Kristne. Men Fritenkjaranne daa? – dei betalar au Skatt, ja dei lyt tilmed betala til desse Prestar og Kyrkjur, som dei ikkje bryr seg um. Dei lyt gjeva Pengar for at Prestarne skal preika um slikt, som deisjølv ikkje trur paa, men som dei meiner er til Landsens Skae.

 

Var det daa formykje um dei Kristne betala lite til dei Prestar, som Fritenkjaranne har, eg meiner Diktaranne deira?

 

Kva segjer I. B. til det?

 

Etter mi Meining, so har Fritenkjaranne likso full Rett til aa krevja Hjelp til sine av Statens Pengar som dei Kristne.

 

Likt skal vera likt, og rett skal vera rett.

 

Anten skal ingen av dei ha noko, eller so fær ein gjeva baae tvo etter sama Maalestokk, til dess ein vert sams um aa la kvar greia for seg i slike Saker.


 

Ix.

 

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum