[Kristiania, den 19de Novbr.] Ægte Vener.

 

Det er rart alt det, me fær høyra no um Dagarne. Fordi me ikkje er einige med Statsministar Sverdrup i eit og alt og fordi me vaagar til aa setja vaar eigi Meining upp mot hans, so fær me dagstøtt høyra av Oftedølerne, at me arbeider paa aa styrta Johan Sverdrup. Det hjelper ikkje kor mykje me segjer, at me aldri hev tenkt paa noko sovoret; dei held fast, at det plent maa vera det og etterdi me ikkje torer aa segja det like ut, ja, so hev me Baktankar.

 

Det er oss umogelegt aa fatta Samanhengen i dette. Og sant aa segja, so finst det no ikkje Samanheng i det hell. Det er og det vert – Tull.

 

Naar det er hard Strid i eit Land, naar tvo Parti stend beint mot kvarandre og strider paa Liv og Daud for aa vinna, daa er det rimelegt, at dei ymse Sermeiningar, det kann vera i eit Parti, vert trengde til Sides og gjev Rom for ei einaste Meining, som daa vert Stridsropet for heile Partiet. Dei dugelegaste Menn vert daa dei, som liksom hev aa byda og raada yver, kva det skal gjerast og ikkje gjerast, og dei andre fær daa laga seg etter dette. Soleis veit me, at i Vetostriden var det mange Sermeiningar framme i Vinstre, men dei maatte alle gaa yver i ei, den, som Johan Sverdrup var den gjævaste Talsmannen for.

 

Men naar det er rolegare Tider, naar den Meiningi, som fyrr samlad alle i Partiet um seg, er trengt gjennom, og naar det gjeld um aa byggja vidare paa ho, daa kann det lett henda, at det kjem fram mange Sermeiningar: Det er heilt naturlegt, noko som høyrer til. Det er no eingong so her i Verdi, at det er ”mange Hovud og mange Sinn”. Ein meiner, at dette er det beste, ein annan hint.

 

Daa Johan Sverdrup vart fyrste Kongsraad, daa var det ikkje Vinstre si Meining, at han heretter skulde faa alt sitt fram. Han vart ikkje friteken for Kritikk. Kvar Mann i Landet vilde hava Lov aa segja det, han meinte like fullt, um det ikkje nettupp fall saman med, kva Sverdrup meinte.

 

Ut fraa dette Synet er det Vinstre hittil hev handlat. Det hev voret einig med Statsministaren i Hovudspursmaali – dei som skil Høgre og Vinstre aat – men dei hev ikkje voret rædde for aa hava ei onnor Meining enn han i andre Spursmaal. Det er ingen, som hev kravt, at Johan Sverdrup skal gaa av. Det er dei, og dei ikkje so faae endaa, som gjerne saag, at Jakob Sverdrup gjekk, men Johan Sverdrup, den gamle og byrge Talsmann for alt Fridomsarbeidet, han er det ingen som vil hava burt.

 

Men me krev Lov aa segja det, me meiner.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum